fredag 16. januar 2009

Mama mia :)

Abba-Stine 006 

Med jamne mellomrom dukkar det opp hyggelege bursdagsinvitasjonar i skulesekkane og i barnehagemappene.

Ikkje ukjent er det når bursdagsfeiringane er lagt opp med eit spesielt tema.

"Pysjamas-bursdag", "Bad-taste-bursdag", "Baby-bursdag", for å nemne nokre.

Denne gongen var det for meg, ein ny variant på invitasjonen til Runa si bursdagsfeiring:)

Mama-mia-bursdag!

  Abba-Stine 007

Når ein skal i Mama-mia selskap har ein høve til å kle seg ut :D

¤

Stine veit kven som er rette dama å spørje når det gjeld utkledning;)

Stine veit at denne dama samlar på dei raraste ting.

Stine veit at denne dama har sko og kle for ei kvar utklednings-anledning.

Stine veit at denne dama tek på seg hovudlykt, boblekåpe og tøflar, og luffar seg ut døra med stor iver og barnsleg glede for å leite etter "kostyme" i eit kaldt og mørklagt stabbur.

Stine veit at denne dama er litt streng når ho seier at "du må passe godt på tinga dine/mine/våre, då har du/eg/vi glede av dei -leeenge!"

Stine veit at denne dama vert glad for at det er andre enn ho sjølv som likar å kle seg ut når anledninga byd seg:)

¤

Abba-Stine 001

Trass i at nesten alle plagga var fleire nummer for store for Stine,

så var det ei særs nøgd jente som for avgarde til Mama-mia-party denne kvelden.

(Ibiza-Buffalo skoa og parykken var vel det einaste som passa i størrelsen;) ) 

Abba-Stine 008

Jenta var ikkje mindre nøgd då ho kom heim og fortalde om kor kjekt dei hadde hatt det:)

Song og dans, stropl og vas

-akkurat slik det skal vere når veninner kosar seg i lag!

Litt ekstra stoltheit var det å spore då Stine fortalde at det hadde vore premiering for "beste kostyme";)

 

24 kommentarer:

Lill sa...

Agneta og Frida i ABBA har fått ein stor kokurrent her,Jenta di var berre heilt ABBA ho, og eit slott kostyme. Tenkjer dei har hatt det kjempekjekt.
Tusen takk for varmande og gode ord Astrid, sette veldig stor pris på det. Det ligger ei utmerking til deg, med hjartet på rette staden, hos meg. Ingen reglar følger den så du gjer med den det du vil:))
Ha ei flott helg der framme.
Klem frå Lill

Lill sa...

slott kostyme..... skal sjølvsagt vere FLOTT:=) litt feilskriving

Nikoline sa...

Kjempeartig! Og det var jo som tatt rett ut av 70-talet det der..(huff a meg...)Eg har ikkje vore flink å ta vare på klær,så her hadde det blitt smått med utkledninga..
Så kjekt når dei kan kosa seg saman ein slik kveld,og ha det BERRE moro!
Eit veldig fint innlegg du hadde under her,forresten!
Ha ein super fredag!

Gamleheksa sa...

For den som er så gammel at ABBA slo gjennom helt i riktig ungdomstid, er dette herlige bilder å se. Kan nok tenke meg at de jentene hadde det gøy, og så flotte klær da!!!

God helg.

Monica sa...

SO herlig da!! :)
Eeeeelska å kle oss ut her i heimen også...Og mamma mia står høgt te kurs me storejenta her!

Anette sa...

Mamma Mia bursdag høres helt suverent ut! Synes alle unger går rundt og synger på denne sangen om dagen... Og det blir jo alltid morsommere på fest når man kler seg ut! ;-)

Laila sa...

Du og du kor stilig du va Stine!!! Elise blir nok veldig misunneleg når ho ser desse bilda... Kanskje vi skal arrangere mamma mia party for oss og barna Astrid? Så kan vi synge karaoke og stå på. Heilt gira eg no:)
Ynskjer dokke ei God helg. Eg skal jobbe..:) Klem

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Så artig!!! Kjempe flott kostyme, og jenta di var så stilig!!!!
Ha ei god helg
Klem

Lyst på livet sa...

DØDSTØFFT!

God helg og klem til deg .-)

Ramme alvor sa...

Det går i mama mia her også. Ikkje det verste dei kan la seg inspirere av :)
Kjempekul jente!

Ynskjer deg ei velsigna god helg!
Britt

~♥~ Monica S sa...

Heldige Stine som har deg! :-)
Ho ser så blid og kjekk ut den jenta! :-)

Ha ei fiiiin helg!

Monica

Tove sa...

Ei ekte dancing queen, Astrid! Stine var råflott! Det som eg likevel undrar meg over, er om du verkeleg har gått med dei blå buksene på ekte nokon gong???? Trur du lyt ta dei på neste gong du imiterer Michael Jackson samstundes som du vaskar golv! Du er flink til å ta vare på ting, og det er det viktig å formidle til ungane òg!!!

Når det gjeld besøk, så skal vi vel alltids klare å finne ein kveld!

Du må forresten stikke innom bloggen min, jubileum på gong!

hvorfor ikke... sa...

Hærlig! Ansiktet oser av stolthet og forventning, helt til å bli glad av....elsker å kle meg ut jeg også;)
smil torunn

Cecilie sa...

Det er kjket å kle seg ut, vi burde ha gjort det mykje oftare alle saman.
Ho vart kjempestilig, og kor kjekt at ho hadde kosa seg i selskap.

Det var kjekt å lese om bloggen din i avisa i dag.

helgaklem frå Grepalia

kate sa...

Nydelig jente i flott kostyme:)
Mamma Mia feberen herjer her i huset også!!
Ønsker deg og dine ei herlig helg,
klem fra Kate:)

Dagny sa...

Fantastisk stilig!!! Og jammen er du kjekk som skuflar fram kostyme til idèrike invitasjonar :-)

Og jammen var det mykje kjendisstoff i lokalavisene i dag. Skulle nesten ha blogga litt om deg også, men det får vel vere grenser for dårlege avisbileter på bloggen min...

Ha ein strålande laurdagskveld!

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Artig å lese om deg i Møre i dag :) Virkelig koselig.
Ha en fin kveld
Klem

ariel sa...

Artig å kike på bloggen din! Mange fine bilete!

Tove sa...

Ser på blogglista mi at du har publisert innlegget "Berre eit gamalt menneske", men eg klarar ikkje å få det fram! Ville berre innom deg for å seie at det var ei flott side i Møre i dag! Eg har lenge visst om at du skulle avisdebutere, og gleda meg til at det skulle kome. Har ikkje fått tid til å lese det enno, dagen i dag har gått i eitt. No er eg nettopp komen igjen frå eit 40-års selskap og skal ta meg med avisa på senga!

Tove sa...

Det ligg ei utfordring og ventar på deg på bloggen min - ta den om du har lyst og tid! Ynskjer deg ein deilig søndag!

Dagny sa...

Lurte litt på det innlegget Tove etterlyser eg også....får det heller ikkje fram....

Ha ei fin veke!

Livets landeveg sa...

Hei Astrid. Klart det er greit at du har lagt meg til på blogglista di. Du har vore på mi lenge :)
Songen til Matias var fantastisk, og det var ikkje eit tørt auge i stova den kvelden. Gledar meg til han er stor nok til å forstå kor heldig han er som har sin heilt eigen song!
Vidare må eg sei meg enig i det du skreiv om raketter på nyttårsafta. Eg har for lengst slutta å kjøpe, og gir heller pengar til sos-barnebyar.
Abba er fantastisk. Eg og Matias har cden i bilen, og nokre gongar trur eg faktisk at han syng med :) Eg syng iallefall av full hals!
Klem frå Synnøve og Matias

Monica Martinsen sa...

Kjære Astrid..

Kjenner eg vert litt såra og vonbråten når eg ser desse bilda. Meinar du verkeleg at den svært så unike og iaugefallande jazzbuksa egnar seg til utkledning? Tenk at du prøvar å latterleggjere eit plagg som har ei slik verdig og allsidig historie..!
Og eg som trudde dette var eit plagg for litt større anledningar, som til dømes 2.juledag på Vikingfjord Hotell..

;)

ps. ej hekje klart å kaste mi si heller, kvar gong ej flytta og finne den bakerst og øvst i klesskapet havna ej i mimre-land og teke mej en høge en:D Ej trur forresten dinna buksa egna sej bedre til forkledning enn både trening og pynt.

Astrid sa...

HOHOHO!!! :D
Kjekt at du he lagt igjen spor ette dej Mønkjini:)
Ja, tenk på alt som vi he opplevd med dissa fantastiske, legendariske blåglinsande jazzbuksene våra! Ej kjøme ALDRI til å kvitte mej med den:)
Ej e veldig klar for en temafest der vi kan iføre oss dei hotte kleda som vi sprada rundt i for ca 10 år sida;) Trur kanskje ej he slangeskinnsbuksa som du brukte å låne også, berre sei i frå om du vil låne den igjen;)