torsdag 5. februar 2009

Eliteutøvarar i søtsnasking...

Ja du las rett. Utøvarane eg siktar til er meg og husbonden. I rett rekkjefølgje. Eg er suveren, han diltar eit par runder bak.

Av og til kan eg få ein enorm oksehunger på søtt og godt. For spesielt interesserte finn du meir om akkurat det HER.

I går kveld var eg ein tur innom Englemor sin blogg...og synet av dei nybaka muffinsane der fekk meg til å saumfare både skuffer og skap på jakt etter noko søtt. Alt eg fann var nokre restar etter diverse godteposar, og kun dei kjedelegaste godteribitane låg att:(  Desse bitane kunne ikkje gjere meg heilt tilfreds, så eg leita vidare...

Brått kom eg på at der stod ein pakke kremfløyte i kjøleskapet og den hadde utløpsdato i går. DEN måtte eg no kunne få bruke til noko, for vi kastar då ikkje mat! Etter ei lita runde i kjøkkenskapa fann eg ut at vi hadde alle dei ingrediensane som eg trengde for å lage ei kake:) Klokka nærma seg ein time før midnatt, men det vart plutseleg heilt uvesentleg -endå så trøytt eg var eit par timar tidlegare på kvelden! Kakebaketida på denne kaka er i overkant av ein time, men pytt, pytt. Tanken på himmelsk god kake som smeltar på tunga heldt meg våken:)

Eg deler gjerne kakeoppskrifta med dykk:

Det må forresten leggast til at dette er min variant av sviskekake. Oppskrifta som eg ein gong hadde på eit laust ark inni kokeboka mi, er sporlaust forsvunne. Difor har eg prøvd meg litt fram, og etter eit titals meir eller mindre vellukka sviskekaker har eg "landa" på denne oppskrifta:

  155

Pisk fem eggekviter. Tilsett ein pakke med brunt sukker (ca.450g) og ei teskei bakepulver.

  148

Rør dette godt saman og hell det over i ei langpanne.

(Eg brukar å legge bakepapir i langpanna, då slepp eg å smørje den og den vert lettare å gjere rein)

158

Steik på 175*C i ca ein time. Eg brukar å ha den midt i omnen.(Her har eg delt den i to etter steiking)

154

Bland 200g svisker med ein slump vatn(eg brukar ca 1,5dl) + ei spiseskei sukker.

151

Kok sviskeblandinga på svak varme til sviskene kan mosast lett med ein gaffel. Ca 10 min.

156

Pisk ein pakke kremfløyte(1/3 l). Mange brukar TO pakkar kremfløyte, men EG brukar kun ein.

Du skjønar kanskje at mi kake vert ein MYKJE sunnare variant? ;) ;)

Grunnen til at eg brukar kun ein fløytepakke er at eg ikkje er så veldig glad i mykje fluffy krem, då kremen har ein tendens til å ekspandere i munnen min -og det opplevast ikkje akkurat godt.

Eg har nokre traumatiske opplevingar med slik ekspanderande krem frå barndomen friskt i minne, der augene lurte vitet til å tru at flotte kremkaker var noko som smakte like godt som synsintrykket gjorde... Takk og lov for serviettar seier eg berre!!! God oppseding som eg hadde, kunne eg sjølvsagt ikkje legge att noko på fatet! Så fekk det heller vere med litt kremflekkar i lommene...(serviettane var dessverre ikkje alltid store nok til å halde på alt kreminnhaldet).

Med åra har eg lært meg å like krem, men som sagt ikkje i store mengder. Så flotte, fluffy kremkaker får oftast stå i fred for meg. Sikkert kjekt for andre, for slike kaker går som regel først unna i kakeselskap likevel:)

  160

Når kremen er ferdig piska; bland dei mosa sviskene inn i kremen.

Til deg som ikkje likar svisker; det gjer ikkje eg heller!

MEN sviskekrem på denne kaka er fantastisk godt og absolutt verdt ein smak!:)

159

Når kaka er ferdig steikt; del den i to like delar.

Då passar det godt å legge kaka på eit Vesterålens beste/Verdens Beste/Kvæfjordkakefat.

162

Fordel ca halve mengda av sviskekremen på den eine halvdelen av kakebotnen.

Legg så den andre halvdelen oppå kremlaget, og ha på resten av sviskekremen.

164

Kanskje ikkje den mest delikate kaka etter utsjånad å døme, men som dei fleste veit så er det ikkje alltid utsjånaden som tel;)

 166

Så; då klokka bikka halv eitt i natt, ja då kunne eg ENDELEG få tilfredsstille mitt voldsomme søtsug! :)

Ha ein fin dag! No skal eg kose meg med kake! :)

25 kommentarer:

Lill sa...

Mmmmmm Sviskekake er min favoritt!!!! Er berre så utruleg godt og kan ete og ete.... skummelt..... Vi lagar sviskekake på same viset vi:0)
Nyt dagen
Stort smil frå meg

Blogger sa...

Tortur - ren og skjær tortur! Uff nå er det nesten så jeg angrer på at jeg besøkte bloggen din! Sitter her med den dumme slankekuren og DET sjokoladesuget....*grmpf* ;-D

M.E.V. foto sa...

Imponerande kveldsenergi! Såg veldig god ut den kaka då;)

Unknown sa...

Eg likar ikkje svisker, og synst det er kjempeekkelt...
Men sidan du hevdar at det er gost likevel vert eg nesten freista til eit forsøk her;9)
Kos deg med kake, og ha ein fin kveld....
Klem

Unge Gangsøy AS sa...

Puh...mitt i min intense slankeperiode var det usedvanleg tungt å komme gjennom dette blogg-innlegget! ;-)
Men det såg vanvittig godt ut!

Cecilie sa...

he he, godt å sjå at det er fleire enn meg som blir akutt godtesjuk. Vi bur (u)heldigvis litt for nærme alle desse freistande sjokoladehyllene, så kakebaking om natta blir det heldigvis lite av her i huset...

Kaka såg nydeleg ut, så den skal prøvast.

Kometland er vel verdt turen. veldig facinerande å sjå på alle stjernene. Eit godt tips er å ta med lommelykt, for der er heilt mørkt og ganske mange nivåforskjeller og dårlege trapper... Var litt med livet som innsats

Livets landeveg sa...

mmmm, den såg deilig ut :) eg HATER svisker, men den kaka skal eg prøve å bake likevell;)

Anna Lisa sa...

MMMMMM!!!! Så deilig denne så ut!!! Denne må virkelig prøvast!!! Kansje den er god med jordbær eller andre bær også?? Kan sikkert variere.

Takk for koselig helsing!! Den var koselig å få.
Er fryktelig sleta for tida. Går bare i svime. Maktar ingenting... Får sjå om eg kjem meg ovenpå att snart. Nå er det jo helg så eg skal prøve å kvile mest mulig.
Håpa alt er bra hos deg og dine :)
Ønska deg ei god helg!!
Klem

Tove sa...

Dette er min kakefavoritt også! Ein pakke fløyte er heilt etter min smak, men ein pakke brunt sukker?????????????????????? Var ikkje klar over at det var så mykje sukker i den... Men brunt er vel sunnare enn kvitt?????

Kanskje eg må prøve å lage denne til morsdag!

Silje sa...

Den kaka der har eg smakt ja...og eg forsto ikkje før etter på at det var svisker, for den var no så utrueg god!!! ---og eg likar ikkje svisker ;) vart heilt frista av desse bilda dine :) må ha ei god helg Astrid ilag med dine :)) klem

Tara sa...

tusen takk for VELDIG koselig hilsen:)
skjønner veldig godt ditt akutte godtesug...sånn har jeg det stadig vekk, dessverre;) kaka så kjempedeilig ut, selv om jeg ikke er så veldig begeistret for svisker;)))
ønsker deg og dine en strålende helg...
lem tara:)

Tara sa...

PS...så klart du kan legge meg til lista...du ligger allerede på min;)))

Laila sa...

Dette er Astrid i sitt ess!!! Godtehungeren kjenner vi til:) Men har det på samme måten her i huset. Og no når store sjokoladeplater er på tilbud på spar....ja ej seie ikkje meir. Lykke til med eksamensoppgåva!

Anonym sa...

Hei Astrid.
Såg steike god ut dinna kaka di also!!
He såtte å kika på bloggen din. Kjempekoseli blogg!! Fe lyst til å prøve å lage en sjøl også. Men ej e no litt dataidiot so ej ekje so sikker på om ej fe de til... ;-)

Men men...en veit ikkje før en prøva!!

Helsing Asbjørg

Ingrid sa...

Så artig du kom over bloggen min :) Kjempe artig å lese litt i blogginnlegga dine :) Keep up the good work:)

Forresten. No rumlar magen min noko grusomt etter eg såg den herlege kaka di!

Anonym sa...

Så herleg at du deler den med oss som sit på nett og plutseleg kjem innom bloggen din. Ja har no vore innom før. Koseleg blogg. God helg!

~♥~ Monica S sa...

Mmmm.. deilig! Stussa litt når det var berre sukker og egg?? ikkje mjøl.. kanskje eg må lese ein gong til.. hm!
Sviske synes eg e veldig godt.. farlig godt! Eg kan ete reine sviske ut av boksen... sviske yogurt, sviske kompott med fløte eller helst melk... nam,nam,nam.. men eg er ikkje noke dessert menneske, så eg finn på slikt altfor sjelden.. i følge familien..

Denne bør eg vel prøve!! :-)

Monica

Nunne sa...

Nå skal jeg ut med Elin, barnebarnet mitt, og venninna hennes, i gapahuken å brenne bål og drikke kakao. Ellers skulle jeg kommet og smakt på kaka di...
Men det får være i kveld.... gjem en bit til ungene sover, så kommer jeg... :))

Takk for oppskrifta!
Headingen er fra verandaen vår, ja!
God helg, Astrid, til deg og dine,
fra Nunne.

Englemor sa...

Så du vart søthungrige ja:) Får skylde på gutane mine...
Søthungeren slår ofte til her i huset også... desverre på en måte, men bra også. Er godt å unne seg litt godt inn i mellom.. Eg sjølv trøsteeter gjerne mykje av det søte når verden går meg i mot og eg ikkje ser enden.. Går heldigvis ikkje so mange dagar får lysninga er der igjen.. Ellers ha eg vel rulla avgarde:D
Skal få tatt den utfordringa ein dag:)
Ha ei fin helg vidare

Eg ... sa...

Takk for oppskrift - kanskje eg må bake ei kake til meg sjøl på morsdagen... den såg deilig ut.

Koslig blogg...

Anonym sa...

OBS! er det meningen at eggeplommer og skal i deigen.Hilsen en med misslykka kake i dag.

Astrid sa...

Hei Asbjørg!
Kjekt at du la att kommentar, då vert eg så glsd :D
Det er ikkje så vanskeleg å lage seg ein blogg, adr : www.blogger.com , derifrå så er det berre å fylgje rettleiinga:) Du kan no ta deg ein tur fram hit viss du vil ha litt starthjelp, så kan det hende eg kan hjelpe deg litt!

Til deg anonyme som enda opp med misslykka kake i dag: nei eggeplommene skal ikkje vere med.
Håpar at dagen har vore fin likevel! :)

Torill sa...

For et søtsug du hadde som baka so seint på kveld :-) Men den botnen såg berre himmelsk god ut. Ej lika sviske ej då, so det kan no faktisk hende at ej laga dinne en gong. Takk for at du delte den me oss.

Det 6.bilde i den 6.mappe var veldig flott. Ej me fekk sommarlengsel no asso. Sopp e so digg, men min kjære e livredd for forgiftning og he nekta mej å plukke :-) Sommar på Sunnmøre e fantastisk når varmen endeli kjøme.

Stoltzen2012 sa...

Ho Ha..denne så utrolig god ut!! Fikk lyst på kake nå jeg også.. Kanskje jeg skal hive meg over en i kveld.. Ha en super dag! :o)

hvorfor ikke... sa...

Mmmmmmm, fikk så lyst på en bit! Den ser helt fantastisk ut;)