laurdag 6. juni 2009

Bloggen min er 1 år!

Etter å ha kika igjennom bloggen min, fann eg ut at det i dag er eitt år sidan eg skreiv mitt første innlegg.

Her er det:

6. juni 2008

"Sydenferie" i Bjørdalen

Dei siste ti dagane har eg tatt ferie, ferie frå min kvardag som husmor i fødselspermisjon. Det er ikkje slik at eg har reist så langt av garde, og eg har heller ikkje reist frå familien min. Dessutan har ferien hittil ikkje kosta meg ei einaste krone. Likevel har eg tatt ferie, ikkje på hotell med basseng og 500 meter frå stranda, men hus med hage og 1 km frå friskt og godt ferskvatn.
Ferien eg snakkar om, er meir slik;
Då nordavinden snudde i slutten av mai, kom fineveret. Og med søraustleg bris og sol heile dagen, vart eg instillt i "sydenmodus".
Ulltrøya, som er flittig brukt gjennom heile året på desse kantar, vart bytta ut med bikinien eg fekk i eit "Det-Nye"-blad i fjor sommar. Varmepumpa som surrar og går for å halde oss varme stort sett heile året, fungerar no som luftkjølar. Kjøt- og fiskekaker, graut og ball på middagsmenyen er no bytta ut med pastasalatar, grøne salatar, friske dressingar, baguettar, foliert laks og -det er ikkje til å kome heilt vekk frå: grillpølser.
Innandørs husarbeid er sett på vent, berre det mest prekære som å sette på oppvaskmaskina om kvelden, og ei og anna koke med kle i løpet av veka... (Vekk er bekymringane om at alle ungane har kvar sine tre lag med reine, tørre klede til ei kvar tid, der halve huset er tatt i bruk som tørkestativ for at 3 stk parkdressar med og utan for, same antal 2-delte regnkle skal vere klar til neste dag. Dette var berre ein liten digresjon...)

(No juksar eg litt, og legg til eit bilde frå Vatnevatnet, som ikkje ligg i Bjørdalen, men heller ikkje så langt ifrå:) )

No om dagen er det altså nesten som å vere på sydenferie; vi kler oss i shorts, skjørt og bikini, et ein lett frukost, før vi smør oss godt inn med solkrem og spring ut i sola :) Solsenga i hagen er inkludert i huslånet, vi slepp å vere førstemann ut for å sikre oss ein parasoll, og skal vi på stranda for å bade er det innan gangavstand. Her har vi ferskvatn med "kreder" istadenfor saltvatn med brennmanetar og giftige kråkebollar. Ikkje minst har vi lange, lyse kveldar med grilling og anna god mat utandørs der solnedgangen er finare enn alle andre bakgrunnskulissar!
No kan det kanskje oppfattast som eg er motstandar av å reise til sørlegare breiddegrader og til varmare strok når vi har det så fint her heime. Det er ikkje heilt slik det er. Det er vel heller det at eg konstanterar kor fint vi har det her, for deretter å undre meg over kva det er som gjer at så mange vel å legge ferieturen sin til komersielle turisthotell der ein ofte ligg som sild i tønne når ein skal kose seg på stranda. Sjølvsagt er ikkje det alltid slik. Eg har vore på ulike "resorts" både her og der, og har stort sett kosa meg der eg har vore.
Eg trur; at ein kan ha ein fin ferie (med feriekjensle) sjølv om en ikkje reiser så langt frå heimen. Eg trur til og med at ein kan ha ein fin ferie (-også her med feriekjensle) sjølv om ein BERRE er heime! Men det krev vel helst at ein klarer å leggje til side kvardagens kjas og mas. Ein føresetnad er at alle familiemedlemane har fri frå jobb og organiserte fritidsaktivitetar, slik at ein har mulegheita til å vere i lag. Har ein det så er ein allereie godt på veg.
Trur eg! :)

Etter litt kalkulatorrekning kjem eg fram til at eg har publisert 0,25 innlegg pr dag, sidan dette er innlegg nr.90. Altså er eg ikkje den mest produktive bloggaren, men eg trivast fortsatt "her inne" så eg vert nok verande ei stund til:) Ein av grunnane til at eg trivast så godt med blogginga, er alle dei hyggelege tilbakemeldingane eg får, så TUSEN TAKK til dokke alle! :)

Med ynskje om ein strålande laurdagskveld alle som er innom:) Vi bloggast!

20 kommentarer:

Tara sa...

gratulerer med 1-års dagen:)))

klem tara...

Ramme Alvor sa...

Gratuelerer med 1-årsdagen!
og gode ynskjer for neste!

Torunn sa...

Gratulerer med dagen!
Gleder meg til å følge deg i mange år til :-9

Klem

~♥~ Monica S sa...

Gratulerer med 1 års jubileet!!

Trudde faktisk at du haddeblogga lenger enn meg...

Monica

~♥~ Monica S sa...

jaja.. nytt ord...
haddeblogga altså ;)

Gløymde å sei god helg!
Såååå GOD HELG!!!

Monica

annegrete sa...

Hei:)
Nå har jeg brukt lang lang tid her inne på bloggen din..husker ikke engang hvordan jeg kom hit..
Tusen takk for at du gir oss andre et slikt innblikk i livet og tankene dine. Det tok ikke lang tid for å skjønne, at du må være ei nydelig, koselig, morsom og god dame.
Jeg kommer tilbake, for du har mye klokt å si! Fortsett!

Volda-tausa sa...

Gratulerer med året, og lukke til med året som følgjer :)

Dagny- Heim sa...

Hipp og hurra! Gratulerer så mykje med jubileet. Har gløymt å sjekke kor eg ligg an, vi starta vel ganske likt, trur eg?

Feir med måte :-)

P.s. vi vann premien for beste kostyme i dag! Kjempe gøy!

M.E.V. foto sa...

Gratulerer :)

Monika sa...

grattis med 1 år :)
Det er så koselig å komme inn i bloggen og litt av livet ditt - takk for at du deler

Smil fra monika

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Gratulerer så mye med 1-årsdagen!

Klem fra Toten.

Torill sa...

Ei knallopning av ein blogg! :-) Fortsett å blogge, du gir meg så god heimlengsel.

Ida Mari... sa...

Gratulere so masse med 1 års dagen! Tida he no ivertfall gått fort! Håper du fortsatt kjem til å blogge i mange år framover Astrid! :)

Anna Lisa sa...

Gratulerer med overstått 1 års dag i bloggen. Eg hugsar denne tida i fjor...då sat eg og venta med magen til værs i nydelig sommarvær.
Deilig tid.
Ønska deg fin veke
Klem

Anonym sa...

Så kjekt å sjå på alle dei fine bilda dine! Og ekstra kjekt å lese bloggen din når du skriv på nynorsk!
Helsing leitetausa

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

Fyrst av alt; Gratulerer så mykje med 1- års dagen!!!
Så må eg berre seie at eg verkeleg har sansen for innlegga dine! Du skapar så mange fine bileter i teksta di....tankane mine vandra til Bjørdalen i det eg las innlegget ditt....Kunne nesten kjenne på den varme sommarbrisen og det lunka(?) vatnet som leika med tåfisane i vannkanten :) Åhhhhh, om vi berre kunne få slike dagar no att!! Eg er einig i det du skriv, ingenting er som ein deilig sommar på heimstaden, med alle dei du er glade i rundt deg!
Eg er nok ikkje åleine om å lengte etter desse varme sommardagane no...Sjølv om kvelden i kveld er nydeleg, så skulle eg verkeleg ønskje at gradestokken hadde vist noko heilt anna enn det den viser for augeblikket:)
Når det er sagt, så ja...eg har hatt ei real bloggtørke...Håpar eg snart får lysta til å blogge att...Hittil har eg prioritert alt anna...
Ønskjer deg og dine ein kjempefin sommar Astrid!!!

Marie sa...

Gratulerer med 1.års-dagen :)

Og TUSEN TAKK for nydeleg gåve i posten! Eg hadde gløymt heile trekkinga eg og var svært overraska over pakken. Det pussige var at eg hadde fødselsdag i går og eg lurte fælt på kven som sendte pakke i posten, hehe.
Så det kunne ikkje passa betre eigentleg :)
Gåva kjem på bloggen min :)

Heidi sa...

Gratulerer med overstått ett-årsdag for bloggen! Og tror du jammen ikke at JEG brått fant ut at jeg har ettårsdag for MIN blogg nettopp i dag! Så da er vi nesten "like gamle" :) Ha en fin dag videre, jeg liker å lese bloggen din, Astrid!

Anonym sa...

Hei.
Jeg oppdaga bloggen din i dag og har kommet meg gjennom hele... Det må bety at jeg likte den;-) Nydelig natur og sånn rett før sommerferie og uten bestemte planer er det noen steder som er blitt googlet.

God helg fra Jane

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.