Skal tru om han tenkte noko om korleis historia til huset skulle verte? At tipp-tipp-oldebarna hans skulle leve innanfor dei same veggane som han var med på å røyse?
No er huset noko endra sidan 1871, men det står på dei same murane, og dei gamle tømmerveggane er bortimot uendra.
Eg kjenner meg heldig som får bu i eit hus med sjel. Spesielt er det sjølvsagt sidan det er mine forfedrar som har budd her i generasjonar.
Då vi heldt på med oppussinga for 4-5 år sidan, hadde eg ikkje planar om å ha ein slik ane-vegg. Men etter at vi flytta inn og eg fekk tenke litt på det, kom eg til at det ville vere kjekt å ha!
Alle bileta, med rammer, hadde eg liggande i ein gammal kommode som tilhøyrde mine oldeforeldre, så det var berre for meg å henge dei rett opp på veggen. Dekorativt vart det!
2 kommentarer:
Så koseleg med ein slik vegg! Eg synest det er kjempe fint at du henger opp bileta på veggen din.
For tida prøver eg å samle opp bilete av mine besteforeldre og oldeforeldre og rame dei inn. Men ting tar tid ;O)
Ha ei fin helg :O)
Fin vegg! Har nokre gamle bilder liggande eg og, kanskje dei kjem opp på veggen min og etterkvart...
Legg inn en kommentar