måndag 25. august 2008

Eit stabbur fortel

Eg ynskjer deg velkomen inn,
eg er forma og laga av herren min.
Mi oppgåve var å opne opp,
då rette lykjelen dukka opp.
.
.
Gjennom tiår dei mange har eg tent,
og fleire generasjonar har eg kjent.
Gleder og sorger, latter og tårer,
livet sin veg har gitt mange slags gåver.
.
.
Har du med deg lykjelen skal du få sjå,
det som innom døra skjular seg i ei krå.
Veggane som nøysamt er lafta,
med hjelp av berre handemakta.
.
.
Kunsten som den gong vart nytta,
er snart inn i historia flytta.
Mose og lav i hol og sprekkjer,
tettar for vinden og anna som lekkjer.
.
.
Store stokkar bygd opp og tatt ned.
Bra var det at dei ikkje vart ved.
Smidde for hand slik dei skulle passe,
ja tenk kva krefter som er nedlagt i desse.
.
.
Unge og gamle, framande og kjente,
her har dei vitja både gut og jente.
Her er det kle, sko og bøker, kister og skap,
her er det mange som har slått av ein prat.
.



Her låg kornet i bingar mange,
her hang det saltmat og pølser lange.
Kvar dag gjennom åra dei vitja meg,
her var kleda og maten dei henta seg.
.
Etter tru og god teneste for alle som kom inn,
kom det andre og tok over funksjonen min.
Døra den gjekk ikkje opp og igjen så ofte,
støvet det la seg og det vart ikkje borte.


.


Framleis står eg her klar til å nyttast,
sjølv om her er ein del som må ryddast.
Det som før vart handtert med vande hender,
veit dei ikkje korleis dei skal bruke lenger.
.
Mitt liv som stabbur er ikkje forbi,
dette var berre eit glimt av fortida mi.
Heilt som her var før vert det nok ikkje,
men historia mi den kan ingen rokkje.
.
Eg treng nok litt hjelp frå ei arbeidshand,
kanskje vert det knytt nye venskapsband?
Gammalt og nytt skal knytast i hop,
eg trur det vil gi meg ei sterkare rot.

astrid-08

3 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Er det du som er den store poeten her?? I så fall er det berre å ta av seg hatten, for det var veldig bra skrive! og så mange skattar! Hadde ei seanse om stabbur i ei 3. klasse i dag og det var artig å høyre at det var fleire som hadde greie på kva/korleis det var. Vi song "Hanen stend på stabburshella" og då var det mange "rare" ord å forklare, som stabburshella, rakkjen, skvakkar og hjuringen.

Flott at de ser moglegheitene og ikkje hindringane og tek med minstejenta på stor-tur.

Dagny- Heim sa...

Gløymde å sei: Tuuuusen takk for kjekke kommentarar :-D

Astrid sa...

Takk!Eg er av og til i det lyriske hjørnet ja;)
Vi skal til med litt reparering av stabburet, skifte tak bl.a. Så når eg fær der og ryddar, vert det tid til litt dagdrøyming:)