søndag 30. november 2008

Ventetid?

200812_juletillaag_1dag 

I dag er dagen mange har venta på, det er 1. søndag i advent og i morgon startar nedteljinga til julaftan. Mange har kanskje halde på med nedteljinga i lange tider, men når eg tel ned dagane som er igjen til jul, ja då startar eg nedteljinga den 1. desember.

Eg har vore innom fleire bloggar og lese i dag, dei fleste har noko å skrive om advent. Kvifor markerar vi eigentleg advent?  Line i Storemyra  har eit flott innlegg om historikk rundt bl.a. advent, adventsstake, adventskalendar. Klikk deg gjerne innom den fine bloggen hennar for å sjå kva ho skriv:) 

Ein annan fin blogg eg ofte er innom er Anna Lisa sin hjerteblogg, i dag vart eg rett og slett veldig engasjert då eg las innlegget hennar. Eg er SÅ einig i det ho skriv om at julebodskapen forsvinn mellom juleførebuingsstress og materialistisk fokus. Her er utdrag frå min kommentar til innlegget:

"Julefeiring har vorte ein stor kjøpefest frå ende til annan, og eg forstår knappast kor vi skal greie å lære ungane om den eigentlege grunnen til at vi feirar jul, når det kan verke som til og med foreldregenerasjonen har gløymt kvifor vi feirar denne nydelege høgtida!!!
Eg klamrar meg fast i den julefeiringa som eg sjølv har vakse opp med, der advent er ventetida, songane har tekst som omtalar "det vesle barnet", pynting og julegåvehandling skjer litt uti desember, samstundes prøvar eg å dysse ned kjøpefesten for vår eigen del. Eg vil ikkje at ungane våre skal forlange/forvente seg dei sværaste og dyraste gåvene, eg vil at dei skal lære seg å setje pris på det dei får -uansett verdien på gåvene."

I løpet av dei siste ti åra har eg merka at jula verkar til å starte tidlegare og tidlegare. Sjølvsagt kjem den 24. desember til same tid kvart år, men folk sine førebuingar startar så uhorveleg tidleg!!! Allereie i oktober kjem julevarer i butikkane, ein må vere førebudd på å verte spurt om julegåveynskjer. Blad og aviser skriv om korleis ein får den beste svoren på svineribba, ein vert fora med oppskrifter på nye variantar av dei tradisjonelle julekakene -korleis lage sunnare(!) julekaker (ja det er ikkje måte på kor sunt alt skal vere no til dags, ikkje eingong i jula skal ein skeie ut med litt ekstra smør og sukker...) Vidare skriv dei om korleis ein best skal takle julestresset, for at julestresset kjem, ja det er opplest og vedtatt for alle som ein. Ikkje rart at ein stakar kan kome til å kjenne på det såkalla julestresset når alt og alle rundt ein marmar om alt som skal ordnast til jul! 

Det er ikkje lett å gå mot straumen, og når samfunnet legg opp til ein kjøpefest som utviklar seg til å verte større for kvart år, så er det lett å late seg rive litt med. Eg har bevisst ungått å legge handleturane mine til kjøpesenter, for dei har makt over meg, alle desse reklameskilta; kom og sjå på alt det nye, fine, alt du "må-ha", alt du "bør-ha" og alt du ikkje visste at du trengde, men som du sjølvsagt treng likevel... Eg vel å vente litt til. Eg trur at dess meir ein stressar med julegåvehandel og andre juleførebuingar, dess verre vert julestresset.

Ein annan ting eg vert skremd av er at ungar fortel at dei har berre "6 bukser" "3 tunikaer" "fire joggedressar" "fem kjolar" osv.  difor treng å ynskje seg meir kle til jul! Kan hende er det eg som er frykteleg gamaldags, men er det vanleg at ungar i dag har ei garderobe som sjølv ein vaksen kan vere misunneleg på?!!  For ikkje å snakke om når julegåveynskjelista til 10-åringar inneheld gåver som gir ein bakoversveis når ein ser kva desse gåvene kostar. Pc, i-pod, mobiltelefon står nok på mange ungdomar/born sine ynskjelister til jul, tippar at det er mange som får det også. Og for all del; for meg må andre gjere som dei ynskjer for sine ungar, så lyt vi gjere som vi ynskjer til våre ungar.

Det eg likevel reagerar på er at eg synest det "tek veldig av" dette julegåvehysteriet. Ikkje nok med at pakkane under juletreet ligg og kivar om å innehalde den sværaste gåva,  adventskalendarane er heller ikkje kva dei ein gong var.

kalender_i_boks_i89_274394d

Mange har adventskalendaren full av små eller større gåver, kvar dag opnar ungane flotte gåver medan dei går og ventar på den STORE julegåvedagen; Julaftan! Så kjem julekvelden, ungane flekkar papira av den eine gåva etter den andre, har ikkje tid til å utforske gåva som nett er utpakka før dei hiv seg over neste. Så er det brått tomt for pakkar... Kva no? Var det alt? Ikkje fleire pakkar å opne?  Kva skjer så med neste dag; 1.juledag? Er det antiklimakset sin dag? Eller greier ungane å skjøne at no er det ikkje pakkar før neste desember? Forhåpentlegvis leikar dei seg fornøgde med det dei har fått i julegåve, takksame for alt dei har fått, audmjuke fordi dei faktisk er heldige som har det trygt og godt, gjerne vitande om at akkurat det ikkje er ei sjølvfølgje.

No vart dette dagens utblåsning frå meg:) Eg har ikkje meint å støte nokon med det eg har skrive, dette var berre litt av mine tankar kring ventetida!

Minner om at det er siste dag i morgon for å delta i konkurransen min i innlegget 21.nov.

Alle kan legge att kommentarar, anonyme også!!

 

15 kommentarer:

Unknown sa...

Ser at det er mange tanker rundt "julestresset" vårt inne på bloggene rundt omkring...inkl.mitt eget innlegg...
Og jeg er helt enig med deg. Jeg har også litt blandede følelser for det hele. Jeg er en "wannabe", som ønsker at alt skulle vært "perfekt", men i hvem sine øyne er det perfekt??Kun i mine, sannsynligvis. Derfor har jeg altså sverget på at jeg skal stresse mindre, og kose meg mer. Hvem i huleste skal sjekke med hvite hansker øverst på garderobeskapet om jeg har vasket rundt soverommet? ingen av mine venner sjekker mine skap om de har tellekant, eller om melis og kakao står på militær-stram linje i kjøkkenskapet!?
Er vi blitt et produkt av hva media, miljø og handelsstand prakker på oss av "riktig" jul?

Ida Mari... sa...

Enig i mykje av det du skriv Astrid.. Eg er nok ganske tidlig med juleforberedelsane mine sjølv..Kjenner det kriblar i kroppen i midten av november..Har så lyst å begynde å pynte littegrann...Mange kan kanskje synast det er litt tidleg, men eg kosar meg med det i denne mørketida :)

Julegåvene er eg også tidleg med, likar å nyte meg dei siste dagane før jul utan å tenkje på dei siste gavene..Eg elskar jul, alt som er i den... Gler meg sikkert like mykje som jentene mine..Når det gjelder dyre gaver, så må eg innrømme at vi brukar ein del pengar på jentene..Men så får dei ikkje så mykje resten av året..Klart mykje av jula deira handlar om å få gaver,men så er det den ein dagen i året.. Det skal vere litt spesiellt når det er jul, meinar no eg..
Prøver å drage julekvelden så langt som vi kan..Ikkje rive opp gavene med det same, men ta seg tida, sjå kvar dei får og hugse å takke..

Uansett er det viktig å nyte tida rundt jula, opplevelsen og gleda av det å gi til andre..
Dele mykje tid saman med familie og venner, spesielt å bruke mykje tid med kjernefamilia er viktig for meg og det er vel det eg ser mest fram til..
Gavene er vel meir som ein deilig bonus!
Ha ein fin advents tid Astrid!

Monika sa...

Heisan
Eg er SÅ enig med deg - det er alt for mye mas og styr, alt for mye kjøpepress . Alle skal ha - alle andre får osv....

Eg har vel valgt å hoppe litt av - legge lista litt lavere, for eg har vert sjuke noen ganger føre jul, og da ser ein tingene på ein litt anna måte - trur eg

Så eg Prøver å ta meg tid til å finne litt kos i kvardagen
Levende lys, kakao kose meg sammen med mann og unger
Godt det og
og eg hater å gå på juleshopping - kvart år :)
Smil fra monika

Anna Lisa sa...

Så herleg!!! Kjenner letta følelse i magen når eg les det du skriver, og også det du skriv til meg tidlegare. Eg har hatt jula hengande over meg som ei bylle....gått og grudd meg. Til å oppleve alt maset og stresset rundt meg. Eg vert ikkje med på det, men det gir meg uvel følelse å bare vere vitne til det. Eg har bevist og kjem til med å fortsette med holdt meg unna kjøpesenter før jul. Går kun i butikkar hvis høgst nødvendigt.
Eg vaska ikkje ned til jul, likar å ha det ryddig og fint, men legg lista lavt. Likar å ha det pent i huset ellers i året.
Klart eg skal kose meg. Eg hatar ikkje jule i den forstand. Men har følt det har vore slitsomt å måtte vere vitne til all galskapen, når det faktisk er mennesker rundt oss som treng hjelp.
Og dette med julegåver. Syns det er så unødvendig med alle "pliktgåvene" og som min venninne skrev inne hos meg nå at ein gir ofte gåve for å "bytte" på ein måte. Ein burde kun gi gåver til dei man har lyst til å kjøpe til. Eg innrømmer at åra før har eg gitt mang gåver kun fordi eg måtte....og det blir HEILT feil for meg. Nå har eg gitt beskjed. Sagt at det blir ingen gåver ditt eller datt i år. Folk er eninge med meg. Så gir eg til dei eg syns passa å gi til i år. Høres rart ut, men eg tror du sjønna :)
Nå er det natt for meg.
Ha ei fin veke min venn.
Ønska deg ei god natt
Klem

~♥~ Monica S sa...

Hmm.. jau, du har nok mykje rett i det du skriv... eg startar som regel aldri før eg får unna siste dagen i november, for då har minstemann bursdag! (nok ei gåve).. eg får litt hetta når eg ser julegave-ønskelistene ja, det må eg berre sei.. dei vert større og dyrare for kvart år.. og så har dei no egentlig alt dei treng!!! Og det får dei også vite!
Kvifor feirar vi jul? det trur eg dei veit... men det er klart at gavene overskyggar litt dei tankane. Det eg saknar mest med julefeiring er gangen rundt juletreet! Det gjorde i alltid før.. no tek vi oss ikkje tid til denslags.. desverre!! MEN då er det kjekt å kome seg på ein juletre-fest!

Ha ei fin adventstid!
Monica

Silje sa...

Heilt enig Astrid!! Det tek heilt av...og eg har aldri forstått kva det er folk er så forkava etter og at vi absolutt skal kjøpe, kjøpe og atter kjøpe alt mellom himmel og jord..ein må vel kunne kose seg og ha ei fin og fredeleg jul uten alt dette??

Godt å høyre at det ikkje er berre eg som "dett" av lasset :)

Ynskjer deg og dine ei koseleg førjulstid.. :)

Torill sa...

Ja jula byrjar så tideleg.Det einaste eg har gjort er å laga pepperkakehus. Har ikkje handla, ikkje pynta, ingenting! Eg synest det er dumt vi ruinerer oss på gåver, og ønskjer heller å glede folk gjennom året. Men når ingen følger meg på det, så er det vanskeleg.

Fint folk tek opp temaet, skulle ønskje det var fleire.

Fivrel sa...

Du seier det så godt, Astrid, og eg er så hjartans samd. For meg har allstøtt det spesielle kring jola lege i stemninga, i kjensla av høgtid, at dei vaksne hadde meir tid til å leike, at me kunne vere ute og leike i snjoren i lag alle saman, at familie kom på besøk, at det lyste så vent av joletreet i den stua som berre vart bruka og fyra i når det var jol. Den gode roa når eg var med far min og stelte sauene, då me gjekk inst inn i løa og henta fram lauvkjerra me skar i sumar, då me tala om nett denne dagen, om jolepdagjen. Gulrøtene til hesten, risgraut-restar som hønene kosa seg med. Og høgtidsstunda då me stod på hella framfor huset etter fjosstellet, eg og far min, børsta snjoren av skorne og høyrde kyrkjeklokkene ringje jola inn sør i bygda. Inne hadde mor mi sett på Sølvguttene frå Oslo, det anga sauekjøt og var reint og ryddig og JOL.

No set eg pris på å nettopp vente, og gle meg. Vente til den 1. i desembermånaden, hente fram den enkle adventstjerna og ljosestaken med fire ljos, ein enkel bjørkekubbe me har hatt i mange, mange år. Jolegåvene har eg ruga på lenge, strikka sokkar, sydd nokre små posar, kjøpt ei bok og ein film når eg har kome over det. Midt i desember skriv eg jolekort til nær og fjern, og etter den 20. vert det vasking, baking av 3-4 slag, og så hentar me joletreet og pyntar den 23. Så kan jola kome. Desember er ei snjo-glede-tid, ei ventetid, ei fyre-i-omnen-og-lese-bok-tid, ha stearinljos på frukostbordet og høyre på radioen.

Det gler meg å høyre at det er fleire som tenkjer, og gjer som deg og dine. Med ynskje om ei god ventetid, på dykkar måte! :-)

Unknown sa...

Flotte innlegg frå både deg og Anna Lisa:0)
Trur det er både viktig og nødvendig å setje fokus på alt "maset & kjaset" og ikkje minst kjøpepresset...
I førjulstida og jula skal vi kose oss og ha fokus på vener og familie, er no min filosofi!!
EG er difor av dei som no er ferdig med å kjøpe julegåver, for då slepp eg alle køene, kaoset, stresset og folk som nesten går over lik for å få tak i rette gåvene...
No skal vi berre kose oss
framover:0)
Men du, I have a surprise for you!!
Kik innom bloggen min så snart du kan...
Klem

Monica sa...

Ditte e et velkjent tema ja, og ej må berre seie som fleire her; ej e SO ENIG!! ting he tatt heilt av... begynde altfor tidlig både i butikkar og rundtomkring. Ja, ej begynte tidligare en vanlig på julegåvene i år...men av den enkle grunn at ej blir no ikkje "lettare" ettersom det nærma sej termin me stormskritt... so da e de godt å gå høygravid, overkokt og støle på dissa helsiges sentera med ALTFOR masse folk og køer! ;)
He no hatt fri nokken laurdaga i det siste, noke ej aldri he hatt før... og me he skulla kjøpt bursdagsgave eller nokke, og FY SØREN ka folk som e på slyngel på en laurdag!!! Fe no heilt KLAUS jo....fattakje heilt kar kosen ligge hen på kjøpesenterjaget med 1000 folk?? Neitakk...da e de bedre på en kvardag om man trenge etkvart! :)
Ellers so innrømme ej ja, vi bruka mykje penga på gave te ungane, dessverre....men krava auka, og man vil jo ikkje være dårligare en "dei andre"...og data, mobil, ipod o.l. DET KOSTA!!
Men me hegna oss resten av året, prøva ialle fall..hehe

Og sukker?? DET brukast i julekaker...og sirup og alt det som e søtt!!! namnam!!
Ej he IKKJE slengt mej på "livredd-for-sukker-bølga"... me tåle både sukker, salt, brus og non-lettprodukt her i hus, so me he aldri tenkt over ditta hysteriet.
Alt med måte sei no ej! ;)
Ha ei nydelig førjulstid med baking og KOS!!!! :)
klem!

Lill sa...

Heilt enig med deg Astrid:) Julehysteriet har tatt heilt overhand og mange kjøper og kjøper utan tanke for anna..... Store dyre gåver og alltid nye julekle til vaksne og born.
Sjølv er eg veldig glad i Jula, og eg likar å få gåver men eg bryr meg ikkje så mykje om kva eg får... det at nokon tenkjer på meg er så herleg. Ikkje stressar eg heller.... eg vil NYTE førjulstida og JULA:) Tenne stearinlys ein tidleg morgon, kose med katten og nyte denne spesielle tida.
Ynskjelistene til mange.. spesielt born, er enorme og dyre.... heil ute av mål og meining.. og for ikkje å snakke om julekalenderane rundt om.... kvar dag blir nesten julaften.....
Eg får førjulsgåve 10. desember.... Då kjem SOLSTRÅLA mi heim frå Texas. Det er ei gåve så stor at ho ikkje kan beskrivast med ord. Hjartet berre dundrar i veg når eg tenkjer på det..... Storebror kjem også heim til jul og det varmar mammahjartet kan du tru:) Håpar så inderleg at bornebornet kjem også då er jula fullkomen for min del.
Bake skal eg då... og eg brukar sukker den saka er klar og MEIERISMØR, så den som får smake julekaker med meg får tåle det.... det blir NAMMIS.
Ynskjer deg ein deileg dag Astrid:)
Smil i førjulstid frå Lill

Ida Mari... sa...

Hei Astrid!
Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min, ta den om du har lyst og tid :)

Lill sa...

Hei hei:)
Du... eg har lagt noko til deg på sida mi...
Smil i vinterland frå Lill

Dagny- Heim sa...

Så sant som det er sagt!!! Lista ligg lavt på innkjøp og innsats. Det eg/vi har overskot til får vere bra nok! Blir oppgitt når eg stolt fortel til svigermor at eg har drege fram komfyren og vaska bakom, sikkert to år sidan sist... Og ho feier all stoltheita mi til sides med at DET gjer ho minst to gongar i året, og no har ho nett vaska ned heile kjøkkenet. Stønn!

Så no har eg nesten gått over til å skryte av alt eg ikkje har gjort :-D

Gleda, kosen og enkle aktivitetar vi gjer i lag er det aller viktigaste. Å leite fram pynten, litt etter litt, startar med stjerna og staken første søndag i advent. Storreingjering er det største tull eg veit om, kaninene luftar eg heller ein annan gong!

Og innkjøpskarusellen blir eg berre svimmel av! Då gjer eg heller som deg: kjøper brukt og billeg når eg treng det, t.d. ski :-). Men problemet mitt her er at eg hatar å stå i kø...

Kos deg i heimen! Go klem.

Anette {foreldremanualen} sa...

Helt enig når det gjelder det med klær i allefall! Her i huset kjøper vi nesten aldri klær, men sliter allikevel med å få brukt alt! :-)