I går fekk eg ei utfordring frå Tove, den skal eg prøve å svare på no.
4 Favorittprogram på TV:
Eg ser svært lite på tv, så her må eg nok putte inn program som eg har sett på/fylgt med på tidlegare...
- "So you think you can dance?"
- "Dansefeber"
- "71* Nord"
- Div. oppussingsprogram når eg kjem på det.
4 Ting eg gjorde i går:
- Såg Synne spele handballkamp i Voldahallen.
- Rydda og vaska etter ei hektisk veke med lite og inkje husarbeid.
- Leita fram pensum og laga meg ein leseplan.
- Var på ein liten fotosafari ute i lag med den store blesten.
4 ting eg ser fram til:
- Å vere ferdig med eksamen i vitskapsteori...
- Praksis på helsestasjonen
- Å få reparert stabburstaket, før den store blesten tek det med seg til dunders!
- Mange skiturar, med årets Grotlirenn som høgdepunkt og avslutning på skisesongen.
4 Favorittrestaurantar:
Her må eg nok melde pass. Kjem ikkje på nokon favoritt, har ikkje så godt utval å velje frå heller. Den beste maten får eg heime, anten her eller hjå andre.
4 ting på ønskelista mi:
- Om det går an; livsvarig god helse til alle rundt meg!
- Dobbel garasje.
- At eksamenane mine går smertefritt, gjerne med gode resultat!
- Fine skiforhald og fint vintervêr heilt til påska er over:)
Eg sender utfordringa vidare til desse fire:
Eg må også nemne at eg er så takksam for alle dei fine utmerkingane som eg har fått!
Det kjem eit takke-innlegg om ikkje så lenge:)
5 kommentarer:
Artig utfordring og kjekt å lese det du har skrevet til svar.
Fine bilder.
Ha ein fin kveld
Klem
Artig utfordring og eg tek den, ja...
Kjekt å lese, Astrid:9)
Klem
Ser me ønskjer oss dobbelgarasje begge to...hadde vore ein draum og han skal realiserast når sparekontoen har fått på fyll:)
Gratulerer med flott intervju i Møre...
Klem
Bileta dine er so flotte at eg vil ut på ski, NO! :)
Kjekt å lese litt om deg :)
Britt
Skal ta utfordringa di etterhvert:)
klæm fra Kate:)
Legg inn en kommentar