tysdag 16. september 2008

Haust ute -haust inne

No er det haust.
På skikkeleg.
Denne overgangen mellom sommar og haust som eg synest er litt vemodig, den er no over.
No nyt eg haustdagane i fulle drag, eg syg til meg fargane og luktene -ja for det er noko som heiter haustlukt, og mine luktelaukar elskar lukta av haust. No er det dessverre vanskeleg å formidle desse sansestimuli over nettet. Men dei nydelege fargane på desse bileta her, skulle vel tilfredsstille dei fleste auge som let sitt blikk kvile litt her...


Søndagsturen for to dagar sidan baud på mange flotte motiv, det var berre å knipse i veg.

Eg brukar alltid å ende opp med fullt minne på kamera før turane våre er over, så eg må bla og slette litt undervegs. Pc'en min er nedlessa av bilete, for eg er av den typen som har problem med å slette det som eg allereie har lagt inn, for eg skal no kanskje bruke det i eit-av-dei-mange-albuma-som-eg-skal-lage-ein-gong...

Noko som høyrer med når eg er komen i haustmodus, det er å lage til hauststemning inne. Då vi flytta inn i huset her for snart 3 år sidan (18.oktober), var eg sjølvsagt i haustmodus, så gardinene vart på stova og kjøkenet vart deretter. Eg synest fortsatt at dei er kjempeflotte, dei gjer ganske mykje av seg, noko som eg synest dei godt kan gjere den mørkaste halvdelen av året.

Rustfarga panelgardiner frå "Black design" på kjøkkenet
I går tok eg ned dei flortynne blondegardinene som eg brukar å henge opp når den siste snørida har smelta (ikkje kvart år det er like lett å vite kva som blir den siste snørida, men, men...)
Om sommaren likar eg at lyset får flaume fritt gjennom romma, så då passar det godt med lyse lette gardiner, men når det vert mørkare ute likar eg best litt kraftigare tekstilar.

Haustgardinene på stova, her frå sofakroken. (Nei, eg har ikkje Ektorp-sofa;) denne er frå Skeidar -kjempegod! )

¤

Kjekt å leite fram alle lysa igjen! Litt stearin har vi vel brent i sommar også, men her med oss er det hausten som er høgsesongen for slikt, i tillegg til jula då sjølvsagt! :)

Kraftig fat i tre frå "broste", stemningsfullt med lys på. Spisestua er arvemøblar.

¤

Gjett om eg er glad for å ha peis i hus! Ikkje nødvendigvis for varmen sin del, for vi har varmepumpe som sørgar for fin temperatur. Men kor koseleg er det vel ikkje med vedfyring?

¤

Så når kvelden er komen, ungane er lagde, kjøkenet og stova er nokonlunde rydda; då er det vaksentid. Gjerne med ein kopp te med noko godt attåt. Vaksentid er heilag for meg, men det skal eg kome tilbake til ein annan gong.

Eg og mannen min er ikkje kaffidrikkarar, men te er godt!

Eg ynskjer alle som er innom ei strålande veke, nyt kvar dag!

9 kommentarer:

kari - carpe diem sa...

Det er akkurat det jeg også mener...ta med høsten inn!!herlig! pledd, te og favoritt-serie på tv. -åh jeg gleder meg til i kveld...alene med meg og alle legene på "grey`s". -eller bare meg og "mc Dreamy"...

Ramme alvor sa...

Ja, det er vemodig når somaren slepp taket. Me har venta ein heil lang vinter på den..og så før ein får sukk for seg, er han borte. Eigentleg tykkjer eg at hausten er hakke betre enn sumaren, det er fordi at i tillegg til passeleg varme, kan ein hauste av alt det naturen gjev. Det er berre å ause i hus. Angsten ligg i at rett om hjørnet ligg den lange kalde vinteren på lur....
Flotte haustbilete og god stemning i huset ditt!

R.A.

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Kjenner at behovet etter tyngre og mørkere tekstiler kommer snikende sammen med høsten.Et enormt behov for flere lys/te-lys og utvidelse av te-utvalget mitt melder seg også :o)
Bildene dine fra turen var helt utrolige, jeg visste at det var lurt av meg å si ja takk til å være med :o)

Klem

Line sa...

Så koselig du har det, Astrid!!Eg hadde samme farge som du har på gardinene på stoveveggane mine før, og det vart utruleg lunt og koseleg. Men då vi måtte male omatt var det samboaren min som vann i fargevalget;)
Det ligg noko og ventar på deg inne hos meg:)
Ha ei flott veke vidare, klem

Tove sa...

Du er jammen flink viss du klarer å praktisere "kjøp ein ny, kast ein gammal"-regelen din! Det har eg framleis store vanskar med.... Huff, har jammen dårleg samvit for at du ikkje har fått gåva di endå. Den ligg her klar til pakking, har berre ikkje kome så langt.... Men no skal eg skjerpe meg, skal få ordna det snarast! Trur du vil like det du får!

Dagny sa...

Begynner så smått å kome i haustmodus eg også. Gjekk til og med så langt i går at eg kjøpte meg to Erica-lyng, og då er det haust :-)
Denne veka er mannen på HV-øving, så då er det fritt spelerom i heimen. Får dille i fred, men er så mykje som skal gjerast ute også...

Natti-natt :-)

Siren sa...

Tusen takk for kommentar, er alltid så koselig det! Var jo flott at du trivdes på bloggen min og du er hjertelig velkommen igjen! :)
*Siren*

Himmelblaa sa...

Takk for koselig tilbakemelding på rote-innlegget i bloggen min. Et øyeblikks hjertesukk seint på kvelden fra ei sliten "husmor" som så gjerne skulle greid enda litt mer...
Men jeg sier meg enig med deg i at det skal synes at det bor folk i huset! Og jeg er jo så glad i de "rote-hodene", så jeg skal holde ut leeeenge! :-)
Må ellers si at jeg er imponert over hva du rekker over; seks unger, mann, hus og utdanning! Lykke til med utdanninga og ta vare på deg selv!
Klem
PS: Jeg linker til deg:-)

Monika sa...

Ja hausten er ei koselig tid - og det er godt å kose seg inne i mørke kvelder med the, lys og noe godt attåt
Her er det lite med voksentid - det virker som av og til ungene legger seg seinare enn oss vaksne :)
Så det savna eg av og til
Men slik er det jo når ungene vokser til - ikkje berre å få dei til sengs kl. 20.00
Smil fra monika