søndag 14. september 2008

Vil du vere med på tur?

I dag var vi på søndagstur i Kvanndalen. Med det nydelege haustvêret som vi har hatt meir eller mindre heile september, finst det ikkje unnskuldningar for ikkje å kome seg ut å nyte dagane.


Mange trur at blåbærsesongen er over for i år, men eg og Elisa kan stadfeste at det ikkje er tilfelle. Vi fann dei søtaste og saftigaste blåbæra du kan tenke deg, store var dei også, så Elisa ville tre dei på eit strå.

Dei fleste bæra kom ikkje så langt som til strået, men tok snarvegen til våre to blåbærhungrige munnar:) Mmmmm...... Eg trur eg må ta turen i morgon igjen, kan vere godt å ha litt ekstra i frysaren, har høyrt at blåbærsmoothie skal vere godt!

¤

Her har Teppevevaren vore på ferde, han lagar dei nydelegaste spindelvev som samlar haustdoggen så vakkert i teppet sitt. Vi såg ikkje noko til vevaren sjølv, men kunstverket var eit fryd for auget!

¤

Ei ravn fekk oss til å lyfte blikket. Ho gleid så fint over hovuda på oss, skal tru om ho hadde det like fint som oss? Utsikta skulle i alle fall vere upåklageleg.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Flotte bilder, Astrid:)
Ynskjer deg ei super veke!!

Vibeke sa...

JA, det vil jeg veldig gjerne :o)
Ser så utrolig hyggelig ut på familieturene der har, koselige bilder!

Klem fra Vibeke

M.E.V. foto sa...

Ser ut som om dere også har hatt ein fin tur i det nydelege haustveret:)