måndag 1. september 2008

Skulestart!


I dag var det skulestart for mor i huset:)
.
Eg må vedgå det, eg var både spent og litt nervøs før denne dagen kom. Det er litt over seks år sidan sist eg sat på skulebenken, men då eg i dag sto på høgskulen i registreringskø, hadde eg ei kjensle av at desse seks åra berre hadde vore ein litt over middels lang sommarferie.
Dei same blide reinhaldarane var å sjå rundtomkring i fellesarealet, damene i bokhandelen såg ikkje ut til å ha vorte eitt år eldre, skulen og klasseroma var akkurat som før. Men noko var annleis; eg har aldri før verkeleg gledd meg til å ta til på skule og alt pensum som høyrer med.
.
Fire A4-sider litteraturliste, her skal det lesast! Eg gledar meg!!
.
Eg kan røpe det no, at eg allereie i januar i år kjøpte bøker til helsesøsterutdanninga, før eg hadde søkt på studieplass og ikkje minst før eg vart teken opp som student. Det seier kanskje litt om kor mykje eg har ynskt dette, og kor eg har gledd meg?
.
Då eg fekk ein stor konvolutt frå høgskulen i vår, var eg som ein unge på julaftan, kunne ikkje få opne den fort nok. Og reaksjonen som kom då eg las at eg var ein av 50 som hadde fått plass på helsesøsterutdanninga, kan nesten ikkje skildrast. Eg måtte ringe alle mine nære slik at eg fekk dele gleda med dei, og eg feira med kake i lag med mannen min. Det bobla inni meg -herleg!
.
I dag var altså første skuledag. Femti forventningsfulle jenter i ulik alder, sat som tende skulelys og tok til seg all informasjon -som er ganske typisk for slike "første-skuledagar" :)
Eg trur at alle var stolte av seg sjølv, -i alle fall var eg det, då vi fekk høyre at det var over 150 søkjarar, og at vi var av dei 50 som hadde fått plass...
.
Så no har det starta ein ny kvardag for oss. Sidan Svein Erik også skal studere, er vi no to studentar i hus, det kan nok by på utfordringar både sånn og slik, men vi trur at det skal gå bra.
.
Heldigvis har vi gode hjelparar, slik som mi kjære mamma som stillte opp og var med meg i heile dag. Dvs ho passa Linnea medan eg hadde forelesing, så fekk eg amme i pausene;)

18 kommentarer:

Anette sa...

Så gøy for deg ;) Sjønner du e' stolt når du var en av de 50 som fikk plass ;) Må være deilig å ha en såå snill mamma som det du har :) Lykke til på skolebenken ;)
Klem fra Anette

Tove sa...

Dersom nokon skulle klare ein tilværelse med 4+2 ungar og to studentforeldre, så er det nettopp dokke to fram i Bjørdalen! Eg trur dokke har det som skal til!
Forresten; DET ER SVÆRT VIKTIG AT DU TEK DEG EIN TUR INNOM BLOGGEN MIN!!!!!!

Joanna sa...

Lukke til med skulestart!!! Det går nok så bra atte:O) Minstemannen var co 1 år då eg begyndte å studere og nå 6 år etter har mannen i huset hamna på skulebenken att.. hihi, blir vel aldri heilt ferdige med skulegongen i dette huset heller :O)

Nunne sa...

Det var artig at du hadde vært innom meg... Takk!
Lykke til med helsesøsterstudiet! Du er jammen tapper som har så mye å stå i med, og så studere også.
Guds velsignelse over lesinga!
Klemmer nordfra!

Tone sa...

Hei hei!
Jeg ramlet innom bloggen din - og har flira godt av dine "skal bare først" - og "effektiv - det er derfor det blir litt kaos" - det var som å kjenne igjen seg selv!
Kommer definitivt til å se mer inn på bloggen din - og ha en flott studiehøst!!
HIlsen Tone

Monika sa...

HEisann - grattis med skuleplass - det blir sikkert spennedne
Ja eg kjenner meg igjen med SKULLE berre - eller kommer snart . og heri huset er det ikkje berre ungene som sier det _ hmmm lile ofte eg når min kjære sier god natt og eg framdeles sitter på syrommet :)
smil fra monika
ps - takke takk for koselige komentarer på bloggen min

Miamor sa...

Gratulerer som vinner av Tove`s kvardagsmenneske!!

koslig blogg har du fra kjente og kjære trakter for meg!!
Mannen fra Ørsta skjønner du...
så på Sudehornet har eg vært på Brudevolltunet!

Lykke til med skolestart!

Huset i skogen sa...

Gratulerer med studieplass! Dette klarer du med glans vil jeg tro. Sitter litt og humrer for meg selv mens jeg skriver dette, for jeg kjente med så veldig igjen i de innleggene om tid og effektivitet. Jeg er også slik..skal bare..å vips så er klokka langt over det den skulle være!
Ønsker deg lykke til med studiene, og håper du får en fin uke!

hvorfor ikke... sa...

Hei Astrid!
Ja, nå har jeg sittet og skrolla og skrolla og lest til øye er stort og vått...virkelig en flott blogg du har. Du skriver så flott og så vart...også om det som gjør vondt.
Du kommer til å bli en god helsesøster!
All mulig LYKKE og HELL ønsker jeg deg!
smil Torunn

The world of Fam.Sandnes sa...

Lykke til med studiane, høres spennande ut. Dokke e tøffe:) No he vi "berre" fire unga i huset og veit at det kan vere kaotisk, så ej bøye mej i støvet for energien dokka :)

god klem frå mej

kari - carpe diem sa...

gratulerer med studieplass! kos deg med studiene, du. ofte velger vi bort å studere videre, eller for den saks skyld bare ta noen kurs, fordi vi har for liten tid.men alt er jo snakk om tilpassing, prioritering og tilrettelegging. hvis man ser muligheter fremfor hinder, går det meste...faktisk...Klem.

Line sa...

Gratulerer med studieplassen:)
Det er stort å høyre til blant dei privilegerte som får studieplass. Sjølv går eg på vidareutdanning i geriatri, tredje semester. Har samlingsdagar no. Det er både kjekt og inspirerande med fagleg påfyll, og ikkje minst å få verte kjend med nokon få av alle dei flotte sjukepleiarane som finst rundt omkring i kommunane...
Lukke til med studiet, og fin onsdagskveld ynskjer eg deg=0)

Anette sa...

Ja eg tror eg ser litt likhet der, Emma likner hvertfall mormor som liten jente ;)

Himmelblaa sa...

Så kjempekoselig blogg du har! Blir så imponert over alt du rekker over! Lykke til med studiene:-)

Torill sa...

Kom inn her frå ein annan blogg kor du fortalte om dine favorittsjokoladar. Eg vart nyskjerrig på deg når du likte dei same sjokoladane som meg :-) Og jammen er du ikkje frå søre-sunnmøre også. Du bur i vakre omgivelsar, det skal du ha! Flytta dessverre frå Volda for 8 år sidan, men saknar det nesten kvar dag. Ikkje alltid ein kan bestemme heilt sjølv kvar ein skal busetje seg når ein finn kjærleiken...

Kjekk blogg du har. Lykke til på studiane, du er tøff som går på skule og har mange små born samtidig.

Livet er heeerlig sa...

Så kjekt at du skal begynne å studere igjen, og ikke minst at du gleder deg :)
Ingenting er bedre enn det, hurra!
Håper du får en fin start, og at hverdagen ikke blir altfor hektisk
Ha en flott fri helg
*Siv*

vibeke sa...

Hei :0)

Har funnet bloggen din via en felles blogg vi leser og det var jammen meg bra for du har jo en helt utrolig blogg.Falt pladask jeg!!!!
Så jeg gir deg først som sist en award som ligger klar på bloggen min som du kan hente når du får tid :0)Ligger under innlegget. "Hurra, nå ble jeg glad!"
Håper at "skolestarten" har gått bra, hektisk kan jeg tenke meg...

Ønsker deg en fin-fin helg!
Klem

Livet er heeerlig sa...

Hei igjen Astrid
Award til deg på bloggen min...
*Siv*