onsdag 10. september 2008

Jaktstart!

10.september er ein årleg merkedag her i heimen. Då er det jaktstart!

Eg er sånn passe interessert i jakt, har faktisk tatt jegerprøva for nokre år tilbake, men å ha utøvd noko særleg jakting bør eg ikkje skryte på meg. Berre nokre få leirduer har eg felt, der eg bomma på flesteparten...

Men eg har vakse opp med ein jaktinteressert pappa og etterkvart ein bror med jakt som lidenskap. Dei jakta i hovudsak på hjortar og ryper, og eg kan hugse at Pappa sa noko om at det var den totale opplevinga som gjorde jakting så meiningsfullt.
Det trur eg på. For nærare naturen kjem ein knapt; tenk å sitte på post ute i skogen i gryotta ein nydeleg haustdag. Sitte heilt stille og berre kjenne på det å vere til, kjenne etter med årvåkne sansar.

Ande i den skarpe lufta som er heilt spesiell denne årstida, kanskje kjenne at det riv litt i ein kald nasetipp.

Lytte etter lydane som skogen gir frå seg, visne blad som takkar for seg med ei siste helsing frå sommaren som var, der dei sakte fell ned frå trea. Rasling frå lauvet som allereie har funne sin plass i det stadig veksande vinterteppet. Kanskje er det ei mus eller ein annan smågnagar som er ute på tur?

Speide, kike, sjå seg rundt, er dei her hjortane som gjekk her i går? Spora etter dei er ferske, dei kjem nok tilbake.

I mellomtida er det mykje fint å kvile augene på, dei høgste tindane har kanskje allereie fått seg eit kvitt teppe, som sola prøvar å sleikje av etterkvart som ho stig på himmelen. Aldri er fargane så sprakande som dei er om hausten, eit fargespekter som kan gi ein tårer i augene fordi det er så vakkert. Kanskje har dei til og med fått seg ei glasert hinne av årets første frostnatt?

Mannen i mitt liv er også glad i å gå på jakt, han jaktar helst ryper høgt til fjells. Så dagen før dagen må alt vere klart.

Vi er så heldige å ha eit lite krypinn av ei jakthytte vel 500 moh, midt i mellom høge fjell og tindar. Eit paradis på jord, paradoksalt nok ligg den rett ved inngangen til Helvetesdalen...

Rypejakt er gjerne ei meir sosial form for jakt i mine auge, då ein godt kan gå fleire i lag, og likevel gå seg på ein flokk med ryper.
Felles hjortejakt der det førekjem jag på hjortane, er eg ikkje så begeistra for. Eg likar ikkje tanken på at dyra døyr i ein slik stressa og angstfylt situasjon som dei sikkert er i når dei vert jaga...

Slik såg det ut ved inngangpartiet vårt kvelden 9.september; Nypussa fjellsko, nyimpregnert jaktdress, sovepose og ikkje minst sekken med det rare i, deriblant ei nypussa og demontert hagle:)

1 kommentar:

Tanja sa...

Hei, måtte bare legge inn en kommentar på de flotte bildene dine.
For en fantastisk natur i bakgrunnen på de flotte bildene av barna.
Slik natur man ser på film.. vakkert