fredag 10. oktober 2008

Takk!

Eg er rørt.
Rørt over alle dei fine, varmande, oppmuntrande, positive, vakre, gode, orda og kommentarane eg får på bloggen min.
Tilogmed utanfor bloggen; tenk at nokon synest så godt om det eg skriv, at dei "stoppar meg på gata" for å fortelje meg det! Dette gjer meg enormt glad, takksam og audmjuk!
Eg vil tore å påstå at eg bloggar for min eigen del, eg synest det gjer godt å få setje ord på tankar og funderingar gjennom det skrivne ord. Samstundes må eg seie at det er ekstra kjekt å få tilbakemeldingar på det eg skriv! Det er vel eigentleg ikkje så uvanleg; alle har vel eit grunnleggande behov frå naturen si side om å få aksept, anten det er for det eine eller det andre?
Men så var det dette med Jantelova då...
Den ligg vel "trygt" forankra hjå dei fleste. (Eg trur ikkje det er skadeleg å ha med seg eit snev av denne "lova", berre slik at ein ikkje tek heilt av og flaksar heilt til motpolen av Jantelova -for det er vel heller ikkje ideelt?)
Kven har ikkje fått kjenne på jantelova ein eller annan gong ein har vore nøgd med seg sjølv eller eigne prestasjonar? (Eg reknar med at alle saman nikkar og er einige med meg her;))
Og heilt ærlig; kven har vore med på slik at andre har fått kjenne på same lova? (Er det like mange nikk her no skal tru? ;) )
Eg skal vere den første til å vedgå at eg både har kjent sjølv, og lete andre få kjenne på denne lova. MEN eg synest at eg med åra har vorte flinkare til å observere og kommentere i positiv retning, der eg tidlegare snakka bak ryggen i negativ ordlyd på grunn av misunning...
Men så kjem eg til noko som eg undrar meg litt over:
Det som eg hittil har opplevd i Blogglandia -og som eg synest er så spesielt og fint "her inne", er at alle er så snille med kvarandre, støttar opp om kvarandre, ser verdiar hjå kvarandre som ein kanskje ikkje hadde sett dersom ein møttest på ein annan tilfeldig arena.
Skal tru kva det er som gjer dette? Ikkje for å øydelegge den gode stemninga, men eg har erfaringar med andre stadar der samlinga av jenter er dominerande, ja då finn ein ofte ein god del baksnakking, slarv og anna rusk med negativt forteikn..
Det finnast sikkert mange svar på kva som kan vere årsaker til dette, og intensjonen min er ikkje å skape nokon vidare debatt rundt tema, dette er berre eit lite innblikk i mi funderande verd:)

Eg har lyst å skrive det igjen:
Eg er rørt. Rørt, glad og takksam for den positive merksemda.

Eg har fått fleire utmerkingar, denne fekk eg med Ramme Alvor http://rammealvor.blogspot.com/

Eg har lyst å gi den vidare til:


Cecilie http://kvardagslivetmitt.blogspot.com/
Anne Grethe http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Heidi http://heidilura.blogspot.com


Felles for desse tre bloggane, i tillegg til at dei får meg til å smile;) er at dei skriv ein del om kvardagslivet, det er noko som eg av ein eller annan grunn likar godt å lese om! Kanskje fordi det er dette eg skriv mest om sjølv?

Denne koselege utmerkinga fekk eg også av Ramme Alvor http://rammealvor.blogspot.com/
TUSEN TAKK til deg for merksemda og dei fine orda om bloggen min! Eg er ein av dine trufaste lesarar, eg kikar innom den fine bloggen din kvar gong eg er på blogger!

Denne utmerkinga vil eg gi vidare til desse tre koselege bloggane:


Tove http://tovehd.blogspot.com med sin kvardagsblogg, som inspirerte meg til å starte med blogging:)
Ida Mari http://idamarimeland.blogspot.com/ er ny i bloggverda med ein flott kvardagsblogg, vel verdt eit besøk!
Anna Lisa http://annalisasblogg.blogspot.com/ har også ein flott kvardagsblogg som eg ofte er innom:)

Så har eg vore så heldig å få denne vakre "Anna Lisa" utmerkinga (som eg likar å kalle den -sidan det er ho som har designa den!) for tredje gong! :)
Denne gongen fekk eg den med Line http://lineah-rakfre.blogspot.com/
TUSEN TAKK Line! Den varmar like godt kvar gong:-)

Regelen som fyl denne "Anna Lisa-utmerkinga" er at den skal delast ut til fem bloggar, men sidan eg allereie har delt ut denne to gongar før, vel eg å dele den ut til berre ein blogg denne gongen.

Du synest vel kanskje at eg er "opp i måtet" interessert i bloggen din, men slik er det berre! Du skriv "så leikande lett med ein tøtsj av personleg humor" om eg kan få omtale det slik;) Det gjer at det alltid er kjekt å lese innlegga dine. Dessutan er du ein dyktig brukar av det nynorske språk (-og det nynorske språket er noko som eg brenn for!)

Det var omtalen, så;

Bloggen ved namn "Heim" er den utvalde! http://d-heim.blogspot.com/

Klikk på linken så ser de kva eg meinar:)

Til slutt vil eg ynskje alle som er innom, ein god fredagskveld!
Her i huset skal ungane på overnatting og foreldra på kino. "Fritt vilt 2" er tittelen, og eg veit ikkje om eg gledar meg like mykje som eg gruar meg...:/
Kan det kallast skrekkblanda fryd skal tru?!

7 kommentarer:

Miamor sa...

Kjekt at du likte bildet mitt, Astrid!! Flott innlegg du hadde her..og håper vi klarer å beholde den gode stemninga her inne...Det er derfor det er så kjekt å være her inne!! vi trenger alle oppmuntring, og det får vi i bøtter og spann her inne..
Skal på bloggtreff i morgen, og er spent på å treffe alle kaklehønene ;)

Kos deg ;)

Ida Mari... sa...

Tusen takk for ein slik kjekk Adward Astrid, veldig koselig å få ei slik overasking på fredagskvelden... :)

Er veldig einig med deg om denne gode stemninga, etter å ha lest kommentarane som dykk gir kvarandre verkar det som at denne blogge bølga har skapt eit godt mjljø her "inne"...

Fortsett å skriv slike gode innlegg!
God Helg :)

Anna Lisa sa...

HEisann!!
Tusen takk til deg som delar kvardagen din med oss. Tankane dine og livet i bilder og ord. Det er så koseleg. Du er så reflekterande.
Og tusen takk for at du delar awarden du fikk med meg også. Tusen takk til snille deg!!
Nå er det helg, og vi kosa oss med heimelaga pizza.
Ønska deg riktig god helg!!
Klem

Livet er heeerlig sa...

Kommentarene er jo veeeeldig velfortjente, du har en utrolig koselig blogg, med mange gode innlegg
Ha en fantastisk flott helg
*Siv*

Marie sa...

Dette innlegget kunne eg ha skrive sjølv! Om eg hadde vore så flink som deg å formulere meg da, hehe.
Eg har faktisk opplevd eit par negative kommentarar, men 99% er positive!

Forstår godt at du får positiv tilbakemelding, du skriv så varmt og levande om kvardagslivet. Trur mange kjenner seg igjen i det du skriv.
Så sant det du skriv om jantelova også. Eg følte meg friare då eg starta å blogge. Sjølv om eg alltid har skrive førenamn og hatt bilde gjekk det ei stund før folk i nabolaget kjende til bloggen min. No tenker eg meg meir om... Er litt redd for at folk skal tru at eg har laga blogg for å skryte av hagen min. Eg blei ein gong spurd av ei som skreiv på engelsk om eg kunne skrive dei latinske namna på blomane eg viste bilde av, då var det lettare å vite kva blomar det var sidan ho ikkje forsto norsk. Eg googlar det norske namnet så kjem alltid det latinske opp. Eg opplevde ein gong at ei dame kom med ein blom til meg "for å sette meg fast" som ho sa, eg som bresa meg med alle dei latinske namna. Eg sa så sant var at eg veit ikkje alt, men likar å slå opp og finne ut ting, men at eg ikkje gjekk rundt å hugsa på det etterpå. Likevel er det jo min blogg og eg har lov å fylle han med det eg interesserer meg for.

Far min lærte meg noko viktig då eg var lita jente. Då eg eller ei av søstrene mine kom heim og fortalde eit eller anna "skandaløst" me hadde høyrt av skulekameratar sa han; -de må hugse på det jenter at ei sak har alltid minst to sider og de har berre høyrt den eine! Dette har vore god lærdom å ha med seg i livet.

Takk for fin kommentar på kusalginnlegget mitt :)

Eg har også opplevd nedlatande oppførsel for at eg er kvinneleg bonde, menn som ringjer og skal snakke med bonden for eksempel. Då eg seier at eg óg er bonde har dei kanskje sagt, det var no HAN dei ville snakka med da, hehe. Jaja, det seier meir om dei enn om oss!

I dag har me fått dei første kjøttfedyra, kviger som skal kalve til våren. Eg har ikkje sett dei ennå, har vore på jobb, handla, laga middag og gått tur.
Dei kjem nok på bloggen ein av dagane.

Ha ei fin helg :)
Klem :)))

Dagny sa...

Neimen, dette var utruleg kjekt! Blir varm langt inn i 'granskauen' eh...hjarterota heiter det vel :-)

I det siste har eg lurt på om eg skal legge inn blogge-årene, ta ei lang pause eller eit kvart. Lurer på om det er verdt å bruke så mykje tid på dette her.... Men når eg får slike kjekke tilbakemeldingar kjenner eg at eg må halde fram litt til :-)

Du set fingeren på eit utruleg ømt punkt for dei aller fleste her, trur eg. Det med jantelova altså. Og det er vel difor eg av og til lurer på om all den positiviteten og skryten vi sprer rundt oss her inne alltid er ekte(Jantelova ligg i bakhovudet). Og er det nettopp for å flykte frå den jantelovverda vi møter i det verkelege liv at vi har skapt denne oasen av positivitet? Eg ser sjølv at om det er noko eg ikkje er så interessert i eller synest noko om, unnlet eg å legge att kommentar. Synest det bør vere ekte ros... Men vi er alle små menneske som samlar på all rosen vi kan få, og som regel finn ein alltid noko positivt å kommentere i sjølv den minste ting. Veit sjølv at det varmar...

Uff, dette blei i full fart og ikkje godt poengtert.
Tenkte eg skulle ut i hagen ein tur, men plutseleg regna det :-) Får ta meg av kleda som heng til tørk i staden...

Ha ein fiiin dag!

Dagny sa...

Ups, gløymde å seie tusen takk for award!!! Klem!