For litt sidan fekk eg ei utfordring med kjekke Dagny http://d-heim.blogspot.com/
Utfordringa var som fylgjer: eg skal vise fram bøkene i bokhylla mi som er til inspirasjon, nytte og hygge. Det viste seg etterkvart å verte vanskeleg med tanke på å avgrensing...Eg er veldig glad i bøker, ja nærast alle typar bøker finn du i heimen her.
Sjølv om det ikkje kjem fram på bloggen min til vanleg, så er eg opptatt av interiør.
Her har eg plukka ut eit par alternative interiørbøker som eg meinar at alle vil ha like mykje glede av, uavhengig av ein maksimalistisk eller minimalistisk stil.
Boka inneheld bilete som er verd prisen åleine, her er det snakk om augekvild! Eg har ikkje dokumentasjon på denne fråsegna; men eg trur at boka må vere både blodtrykkssenkande og kolestrolsenkande, stressfaktoren er iallefall garantert fråverande når du sit med denne i fanget:)
Eg drøymer om ein hage å vere stolt av, men eg har forstått at slikt krev sin mann eller si kvinne, alt ettersom.
Samstundes vil eg ha ein hage som ikkje krev enormt med tidkrevande luking. Luking er i mine auge noko som eg ser på som aldeles meiningslaus bruk av tid! Kanskje fordi eg har kjempa ein forgjeves kamp mot skvallerkål i tre år!!!:( Då likar eg betre klipping og skjæring av tre og buskar:)
¤
Boka er lettlest og grundig, den er skrive med ein humoristisk vri og den er full av nyttige råd og ikkje minst er den illustrert med flotte bilete!
Denne boka "Levende rom -med planter som design" av Diana Yakeley likar eg også godt. Den er som ei innandørs hagebok, samstundes som den er ei form for interiørbok.
Boka viser blant anna kor viktig plasseringa av ei plante er for å framheve den i eit rom. Størrelse og proporsjonar, stil og plassering, form og farge, tekstur og mønster vert tatt hensyn til.
¤
Grunnen til at desse bøkene "går rett i hjertet på meg", er at eg lever meg inn i bøkene frå første stund, eg smiler og ler, kjenner på håp, frykt og sorg i lag med "personane" i bøkene. Kall meg håplaust emosjonell, det gjer ingenting så lenge eg sjølv kjenner meg rikare etter å ha lest slike bøker:)
Ei anna bok av Anne Karin Elstad, "For dagene er onde" er ei bok som alle burde ha lest, det er ei bok til ettertanke og som eg trur at alle har godt av å lese!
Når det gjeld gamle merkedagar så er det noko som spesielt Bestemor har prata mykje om oppigjennom oppveksten min, ho brukte å skrive ned vêrteikn og andre teikn i årlege Almanakkar. Dette har eg dessverre ikkje lært meg, men nokre vêrteikn har eg då snappa opp.
Dette er noko eg synest er frykteleg synd, difor tek eg ofte fram denne boka for å dele med heile familien desse gamle merkedagane.
¤
¤
Dei gamle kjente, kjære forfattarane som Astrid Lindgren, Thorbjørn Egner, Alf Prøysen, Elsa Beskow, dei er like aktuelle i dag. Det er eg glad for, -eg som synst at det meste var betre før;)
Nokre nye bøker har vi sjølvsagt, den nynorske bokklubben "Blåmann" har kjekke bøker. "Bø og Bæ"-bøkene er favorittar:)
Då vi bur i Ivar Aasen si heimkommune, er vi sjølvsagt nynorskbrukarar, og eg er opptatt av at ungane lærer seg å ta vare på språket og dialekta si. Ved høgtlesing frå bokmålsbøker les vi også på nynorsk, og herved oppmodar eg alle andre nynorskbrukarar til å gjere det same! (Eg veit at det er mange som allereie gjer akkurat det, og det synest eg er flott!!)
Desse bøkene vart i si tid kjøpt av mine Besteforeldre til sine born; min Pappa og syskena. Eg er heldig som har fått behalde desse bøkene, dei er ikkje mine, men huset sine, og eg passar på dei som dei skattane dei er.
Mitt skattkammer -bøkene er som ein visp som vispar opp gode minner om eit trygt Bestemorfang... Denne historia om "Bambo" trur eg var ein av favorittane til alle syskenbarna mine, så at Bestemor sikkert kunne denne forteljinga utanboks, det er eg viss på;)
Den boka som står i framgrunnen; "Barndommen varer i generasjoner" av Kari Killén, er verkeleg å anbefale til ALLE som har barn, eller som har med barn å gjere. Den skulle vore obligatorisk for alle foreldre! Herved anbefalt:)
Utfordringa vil eg sende vidare til:
Ida Mari http://idamarimeland.blogspot.com/
Utfordringa er altså:
Kva bøker er til inspirasjon, nytte og hygge for deg?
Kjekt om de tek utfordringa, og så er det sjølvsagt lov å sende den vidare!
6 kommentarer:
Tusen takk for utfordringa! Sjølvsagt tek eg henne. Det er desverre tynt i bokhyllene mine, grunna stor tru på det sosialdemokratiske folkebiblioteket :) Der har eg lånt mang ei bok :) Men eg har no nokre godbitar å presentere likevel:)
Interresant at du har ei favorittbok om ryddige heimar. Skulle tru det var bok nummer 1 for alle travel småbarnsforeldre, likevel er det fyrste gong eg har sett ei slik ei. Den trur eg faktisk at eg skal skaffe meg :)
Ha ein velsigna laurdagskveld!
Britt
Mange gode bøker;) Eg er også svært begeistra for Elstad sine bøker- og har lese dei fleire gongar! So kjem eit boktips: Trude Teige sine bøker: Havet syng og Lene seg mot vinden! Dei handlar om livet her ute i øyane( Søre Sunnmøre)sett gjennnom ei kvinne sine auge! Ellers so er eg og student for tida og då vert det nok mest pensum som vert lese...
Ha ei fin fin helg!
Elisabeth
Ved eit slumpetreff kom eg over bloggen din, og så glad eg er for det! Du har ein uttrykksmåte, og formidlar kvardagsglede og verdiar på ein måte som treff meg midt i hjarta!
Eg har kika gjennom dei eldre innlegga dine, og serleg turen gjennom det tome fjøset og skildringa derifrå var sterk, då eg kjenner meg så inderleg godt, eller vondt, att. Elles synest eg du formidlar godt eit solid og glederikt familieliv, med naturopplevingar, blomar og fuglar, grønsakhage og lesestunder. Siste innlegget ditt var så "kjenskleg", og serleg gledde det ei lita bok- og språksjel å lese tankane dine omkring dette å gjere borna språkmedvetne frå tidleg alder. Knapt noko anna er så viktig i barneoppsedinga, som å verte lesen for, og å få VERE MED.
Rektig god sundag til deg!
Her var det mange godbitar! Ser at den første interiørboka di er ei eg må halde utkik etter i bokhandelen. Anne Karin Elstad og Anne B.Ragde er konsumert her også. Har du forresten lest bøker av Nicholas Sparks? Har m.a. skrive "Dagboken" som handlar om kjærleiken mellom to gamle, der ho får Alzheimers.
Elles ser eg at vi har felles filosofi når det gjeld barnebøker. Høgtlesing er nesten umogleg å gjennomføre på bokmål...vil ikkje prøve heller :-D Og Blåmannbokklubben har mange gode bøker på nynorsk, men dessverre også mange som ikkje heilt held mål, synest eg. Men medlemar er vi.
Ha ein fin søndag...eh...glad vi la om dekk på føremiddag. (Dei truar visst med kjølegare og snø!)
Her var det mykje fint å lesa. Mykje kjent og noko nytt for min del. Likar slike utfordringar som "gjev litt att" og som er både til opplysing og glede for oss andre.
Ha ein fortsatt fin søndagskveld!
Hei du, ååhh for en flott utfordring! Nydelige bøker du har, både hagebøker og interiør. Jeg har Conran sin, og er veldig glad i den :o) Jammen er du flink til å ta bilder, idet du blar om, jeg er skikkelig imponert!!
Er en ihuga lesehest så sluker det meste av det jeg kommer over :o)
Her var mye å hente, takk skal du ha!
Legg inn en kommentar