Foreldra synest ho var mest som eit under, trass i dårlege odds klamra jenta seg fast i mor sitt liv nesten heilt fram til forventa termin.
Så frisk og rein og god!
Lukka var fullkomen:)
Den vesle jenta fekk sin eigen raude prikk på fødselstavla på sjukehuset, og det var tid for å reise heim og feire jul!
På gudmor sin 25 års dag, fekk den vesle jenta det fine namnet sitt; Linnea.
Linnea vart døypt i Ørsta kyrkje, i oldefar sin dåpskjole som vart brukt for første gong i 1915.
Som yngst i ein syskenflokk på seks, var det ikkje noko utprega roleg tilvere som venta yngstejenta...
Linnea vart med på lasset hit og dit og over alt:
Late vinterferiedagar på heisa saman med gode vener...
Fjellturar saman med heile familien...
På båttur til Raudøya, trass i litt slosting med den nye redningsvesten...
Då tante skulle "drikkast ut", fekk Linnea vere med på nok ein båttur.
Denne gongen på eit idyllisk svaberg i Austefjorden...
Reker, vin og champagne med og utan alkohol til dei store -og pupp til Linnea:)
Pupp smakar heldigvis like godt over alt!:)
Då tante skulle "drikkast ut", fekk Linnea vere med på nok ein båttur.
Denne gongen på eit idyllisk svaberg i Austefjorden...
Reker, vin og champagne med og utan alkohol til dei store -og pupp til Linnea:)
Pupp smakar heldigvis like godt over alt!:)
I frå 0 moh i Austefjorden -til 1303 moh på Saudehornet.
Nokre bleieskift hugsar vi betre enn andre, her på Saudehornet.
BØ! Titt-tei! :)
Då det var tid for at mamma skulle byrje på skule i Ålesund, måtte Linnea vere med.
Litt underhaldning på dei kjedelege bilturane måtte til.
Her på høgskulen i Volda, ein av dagane med iherdig jobbing med gruppeeksamen.
Linnea -ivrig Åmdal-supporter på årets siste heimekamp. Heia Pappa!!
Som yngst i stor syskenflokk, har Linnea naturlegvis fått mykje kos og stimuli frå dei eldre syskena.
Stor stas! :)
Som yngst i stor syskenflokk, har Linnea naturlegvis fått mykje kos og stimuli frå dei eldre syskena.
Stor stas! :)
Etterkvart som Linnea vart større og meir mobil, fekk vi god hjelp til forskjellig husarbeid:)
Her som kjøkkenskrivar!
Vedfyrarhjelpa til Pappa eller høgtlesing av gamle aviser -alt ettersom...
Men så kom dagen då mor til den vesle jenta oppdaga at ho ikkje hadde nokon baby i hus lenger!
Mollemora, Gollehøna, Molle-Golle-høne-pøne, Tosplerosk, Gollevenn, Minne-mune, Roskemor men mest av alt; LINNEA-MORA.
Veslejenta har vorte stor jente!
I går var det siste dagen av mammapermisjonseventyret mitt...
Det var med blanda kjensler eg gjekk inn døra på sjukeheimen i går kveld.
Mest av alt hadde eg lyst å vere heime med veslegull og dei andre storegulla mine, men natta gjekk greit den.
Eg visste trass alt at ungane var i dei beste hender heime med den flinkaste Pappaen ein kan tenkje seg:)
Det var kjekt å møte smilande pasientar og kollega igjen, det skal nok gå bra dette.
Men at eg kjem til å sakne livet som heimeverande -ja det er sikker på...
Takk for alle lykkeynskjingane eg har fått i samband med jobbstart igjen!
Takk for alle lykkeynskjingane eg har fått i samband med jobbstart igjen!
22 kommentarer:
For ei nydeleg lita prinsesse. Kan tenke meg at det er vemodig å være ferdig med permisjonen, ja. Eg jobbar 50% no, medan pappen er heime 50%. I slutten av november skal eg ut i full permisjon igjen, og det skal eg ha ut året, det gleder eg meg til. Det skal sjølvsagt bli godt å begynne på jobb i gjen, men det er så koseleg å være heime så det kjem til å bli eit stort sakn.
For ei flott historia du fortalde her. Høyres ut som eit godt år de fekk heime saman.
Og bra det var kjekt på arbeidet også, det er ein del av livet det med.
Fortsatt god tirsdag!
Britt
Nydelig historie! Og nå starter et nytt eventyr.
Jeg fikk mi jente nøyaktig ett år tidligere; 26. desember 2006 og har friskt i minne hvordan det var å starte på jobb igjen etter permisjonen. Jeg hadde storkosa meg og faktisk nytt å være husmor. Men så var det ingen bønn. En del våkenetter ble det og jeg var relativt sliten, men alt i alt gikk det så fint, så fint! Men det hender jeg lengter tilbake til å "bare" være hjemme og ha nok av tid og overskudd til ungene. Være hjemme når storebror kommer fra skolen... Hm, ble helt revet med av dette innlegget ditt!Takk!
Klem
Rart kor tida går..Er nok ikkje berre du som synast dette er litt vemodig.. Borna dine merka nok også denne overgangen, at mor ikkje er heime til ei kvar tid lengre..
Trur mange kunne tenkt seg å vere heime mykje lengre i denne småbornsperioda, men så er det dette med økonomien då..
Kjekt at det var litt godt å kome tilbake til jobben også, kan vere greit å kome seg lit ut av heimen avogtil.. :)
For et GULL!!!!
koselig historie...du er flink til å skrive...jeg blir bare dratt med...og ønsker meg nesten et lite gull igjen...før jeg får tenkt meg om da, hehe...minstemann er 24, så den tida er forbi....men en koselig tid, DEt er det!
...og den tida de er små går så altfor fort! Godt du koser deg med dem, store og små gull...for en rikdom de er!
Ønsker deg en hyggelig kveld!
Hei :)
Så mange skatter du har å berike livet ditt med:) og den minste er heilt skjønn. Tenk alt ho har opplevd, frå Saudehornet til svaberg i Austefjorden, og det før ho er 1 år:)Kan berre tenkje meg at det er ein brå overgang til jobb igjen. Nyt fritida saman og ha ein god kveld.
Klem Lill
Nyydeleg innlegg, Astrid:0)
Kjenner eg vert heilt reven med, ler litt, og endåtil nokre tårer slepp ut når klumpen i halsen tek overhand...
Livet som minstemann kan nok vere krevande ser eg, men du å du så mange gode opplevelsar ho har fått...
Klem, Line
Så skjønn ho e ho lissje Linnea! Koselig å sjå bilde frå den flotte dagen i Austefjorden i sommar :) Utrulig fin blogg du har, du er så flink å fortelle, alltid kjekt å lese her! La merke til det du skreiv om å lese bokmålsbøker til born på nynorsk - det gjer eg og! Det er ikkje sjelden eg nikkar og merkar at eg er så einig med deg... :)
Ha ein fin kveld!
Vakkert eventyr! Men jammen godt at dette eventyret enda godt. Eller... det eigentlege eventyret har nett begynt. Tenk på alt som ligg framfor denne vesle prinsessa :-) Mykje å glede seg til!
Først trudde ej nåke trist hadde hendt når ej bjynte å lese innlegget, men heldigvis var det ikkje det. Litt vemodig selvfølgelig å slutte i permisjon, men det går sej vel til. Dokke he monge unga du og mannen din. Mykje å halde styr på :-) Ej he berre en, og det e travelt nok. Skjønna ikkje korleis du he rukke og fått 4 unga ej altso. Du e kjempeflink, lykke til med kvardagen vidare. Du he nåken kjempeskjønne unga og dokke e spreke som he gått i fjellet med alle dei små!
Sukk... Kjenne mej so godt igjen...Du skrive det so flott! På en måte kan en tenke sej at gulla e små for alltid, og at en skulle fått vere heime med dei til dei e klar for skulen, men på den andre side veit en at kvart alderstrinn he sine gode sider, og at en he mykje godt i vente.
Men en ting e sikkert: det e aldri so koselig og deilig heime som når en veit at en skal på nattevakt!Men so kjøme en på jobb, og so e det kjekt det også (som regel)God vakt, Astrid, og lukke til med jobbstart og utdanning. Du e kjempeflinke!klem:)
Heia!
Ej skreiv faktisk akkorat et innlegg på bloggen min om kor ej grur mej til permisjonen e slutt ej...so kom ej inn her, og las innlegge ditt om at din permisjon akkorat e over...kjenne ej verte heilt låke...off, d e felt å ikkje få vere heime me dei meir. Ej he no litt tid igjen, men tida går so altfor fort. Skolle ønske tida konne stå stille litt..
Linnea-mora e ei skikkele gojente alså;-)
Lykke til me jobbstart igjen!
Nydeleg lita tulle og ej synest ikkje at det er så lenge sida desse små skattane våre kom til verda.........og no e dei snart 1 år...ej skulle så gjerne ønske at vi kunne ha anledning til å vere lenger heime........desse knappe 4 vekene ej he att skal nytast i fulle andedrag:)
Ønskjer deg ein fin måndag :)
Nydelig innlegg!
Klem :o)
Hei Astrid.
Lenge sidan eg har vore inn på bloggen din, men hadde litt tid til overs idag.Her har det vore fult kjør med jobb, kursing og anna, og bloggen vart rett og slett ikkje vore prioritert.
Veit du at jenta di har bursdag på same dag som meg ;O) Så når dokke skal feire dagen til Linea vert eg (huff) 30 år ;O) Skal tenke på dokke den 17 desember.
Klem
Ja....denne tida man har med barna går så alt for fort. Ein må bare nyte den... kvart øyeblikk teller.
Lille gulljenta di er så herleg. Sikelig sjarmtroll, så blid og smilande :)
Ønska deg alt godt på jobben og håpar du fortset med blogginga sjølv om du har begynt på jobb att og får ennå travlare dagar.
Klem
Jeg har bladd opp og ned, opp og ned på dette innlegget! Det va berre så nydelige bilder.!! Av så gode folk! Og den lille jenta er bare så god! Tenk for en RIKDOM, for en JUVEL å få lov å eie og stelle for. Mamma og pappa har mye å takke for, det skal være visst!
No må du ha lykke til på jobben din! Klem fra Nunne.
Å kjære tid..
Trodde det hadde skjedd noe forferdelig når jeg begynte å lese.
Kjente jeg satt med en skikeklig klump i halsen!
Og gud og glad jeg ble, da jeg "så at det "bare" var at hun hadde blitt stor jente. Fin historie i etterkant:)
Nydelig liten tulle!
åååå sukk...ho e no so nydelig!! Men offa, kjenne feelingen med ferdig permisjonsår..syns det va grusomt når det va over me Jonas og trukje de blir nokke bedre dinne gongen. Lika mej aaaaaltfor godt heime med familien..hehe
Dokke såg no jaggu ut til å ha nytt godt permisjonstida, turar og anna gøy! Ho e no kjempeheldige tulla som he so monge rundt sej til å styre med!! Sjøl om du sikkert fe høre kor forfeeeeeerdelig kjedelig de e at ho e minst!! hehe
Lykke te på jobb da, blir sikkert kjempekos berre du fe kome inn i det igjen! ;)
Ei herleg forteljing, med nydelege bilete. Ho er såå sjarmerande, den vesle dotter di! :-)
Det er så fint å lese om foreldre som tek med seg borna slik ut i naturen, på fjelltoppar, i skogen, på bærtur, i båt, på stranda og i snøen. Slike born vil utvikle seg til menneske med stor kjærleik og kjenne ansvar for den jorda og naturen og bygda og garden dei kjem frå. Inspirerande!
Kor nydelig ho Linnea he vårte:)dokke he bra monge skjønne onga no:)Koselig å lese om alt dokke finne på i lag.Blir nesten litt misunnelig av alle opplevingane;)Minne mej om min egen barndom.Trur dokke ligg blant dei beste foreldra ja.;)Alt ongane dokka fe oppleve e no reine drømmane for monge.Å avslutte en permisjon e ikkje kjekt.Ej grur mej allereide til ej skal begynne på igjen i slutten av mars,men det e no ei stond til.Kos dokke masse vidare.KLem Elisabeth
Fe vel prøve kor de går å kommentere! Helt nye i dinne bloggverdenen! he igrunnen ikkje peiling på kor det virka, men må gjer et forsøk likevel:)...ekje so enkelt å finne ut kor ej gjer ditte her, men det kjeme sej vel ettekvart:).. Kjempefine bloggside du he laga:)..Helsin Tone :)
Legg inn en kommentar