måndag 13. oktober 2008

Utfordring!

For ei god veke sidan fekk eg ei utmerking frå Line http://lineah-rakfre.blogspot.com/, den har eg takka for og delt ut allereie, men i tillegg til utmerkinga så fekk eg også ei utfordring!

Utfordringa var som fylgjer:

"Nemn 6 ting som gjer deg lukkeleg:"
  1. At eg er så heldig å få vere Mamma til dei nydelegaste ungane eg kan tenke meg! (Med ordet nydeleg så er det sjølvsagt brukt i ein komplett samanheng, ikkje berre tenkt utifrå det ytre.)

  2. At eg og far til desse nydelege ungane har bestemt oss for å vere ilag resten av livet, at vi har eit felles syn på verdiar, barneoppseding, felles interesser med meir.

  3. At eg og alle mine kjære har det godt, får vere friske og utvikle oss slik som vi ynskjer.

  4. At eg har fått mulegheita til å få bu og vekse her som eg har vorte planta:) Røtene mine til min barndomsheim er nesten skremande sterke! Og i den samanheng så er eg veldig glad for at både mann og barn verkar å ha slått same røter som meg her:)

  5. At eg har trufaste vener og familie som stiller opp for meg og familien min.

  6. At eg har ein sterk rygg som ber på ein solid og godt pakka ryggsekk, den har kome meg til nytte mang ein gong og vil nok også vere god å ha med vidare:)

I tillegg til desse seks tinga kunne eg ha nemnt mykje anna som eg er lukkeleg for. Blant anna; kvardagsgleder som små, men gode klemmar, smil frå små vennar som ber så fint om at eg kan lese berre ei bok til før leggetid, hyggjelege meldingar eller telefonar frå vener og familie, kveldskos med god mat -berre eg og min kjære, å få sove litt lenger etter ei rotete natt, turar i fjell, skog og mark både med og utan familien, m.m.m.(med mykje meir)


Utfordringa skal sendast vidare, og då utfordrar eg:

Cecilie i Kvardagsliv http://kvardagslivetmitt.blogspot.com/
Dagny i Heim http://d-heim.blogspot.com/
Torill i Dei nære ting http://blomsterogbier.blogspot.com/

4 kommentarer:

Ramme alvor sa...

hei!
Veldig kjekt å lese det du skriv. Det fortel endå litt meir om deg.

At me er glade i familiane våre og at dei gjer oss glade, det har vi nok felles med mange. Ikkje at det er mindre viktig for det. Men det at du er så bunden til røtene dine. At barndomsheimen og bygda di ligg deg so sterkt på hjarta, det er ikkje fullt so vanleg. Likevel gjer det meg glad å lese nettopp det. Slik vil bygdene ha sine forkjemparar som kjem heimatt og skapar liv og verdiar.

Høyres ut som ein lokalpolitikar, og det var ikkje meininga :)

Ynskjer deg og den fotte familien din ein god velsigna kveld!

Britt

Torill sa...

Takk for utfodringa, den er tatt. Fine bileter du har altså, eg får slik heimlengsel!

Anna Lisa sa...

Du har mykje fint å vere takknemlig for. Fine bilder!

Du...kan eg linka deg?
Håpa det går greit :)
Ønska deg ei fin veke vidare. I morgå skal eg på trilletur saman med andre småbarnsmødre. Vert koseleg å vere litt sosial :)
Klem

Anna Lisa sa...

Klart det var i orden, at du linka meg :) Bare eg som har vore treg og tenkt lenge at eg må linka deg. Dagane går i sånn fart at eg rekk sjelden å konsentrere meg om blogging dessverre. Men av og til får eg til å ta meg ei stund foran data`n og "treffe" vennane mine her inne :) Det er så koselig :)
klem