Det eg tenkjer på er "å gjere fjøs" eller "å ta fjøsen" -ein kan også kalle det fjøsstell.
Etter den dagen då alt vart annleis (som de kan lese i innlegget 27.juli 2008) var vi tre sysken på 18, 14 og 12 år som meir eller mindre vart kasta inn i alt arbeidet som høyrer med på ein gard. Blant anna "det å gjere fjøs". Det var ikkje alltid like kjekt å bruke kveldane, for ikkje å snakke om søndagsmorgonane, til dette arbeidet, men sjølve arbeidet var alltid kjekt.
I går fekk eg lyst til å gjere fjøs.
Utan forsøk på å bruke store og overveldande ord, så må eg likevel få skrive at minna kjem strøymande over meg; igjennom meg.
Berre synet av denne døra og tankane på kva som er innom den, får meg til å skjelve. Eg er så inderleg klar over kva som er realiteten bakom døra, men i dag vel eg ikkje å tenke på det, i dag skal eg tenke meg nokre år bak i tid.
Vil du vere med inn vert eg glad. Her inne ligg ein del av meg. Ein del av historia mi. Ein del av det som har forma meg til den eg er i dag. Her er det minner. Eit utal gode minner, men også nokre vonde minner. Her har eg opplevd så utruleg mykje, eg kunne nok fort ha skrive kapittel nok til å fylle ei passe tjukk bok.
Innom døra er mjølkeromet. Det er her mjølkeanlegget er, glasrøra går gjennom heile fjøsen, med inntak for mjølkeapparat ved kvar bås. Mjølka vert pumpa derifrå gjennom glasrøra, og her på mjølkeromet renn den ferske, varme mjølka gjennom sila, vidare ned i slangen som fører ned i mjølketanken.
I dag, i tankane mine, tek eg det over skuldra og ber det med meg inn i lag med resten av utstyret som eg treng.
Dei har nok høyrt romsteringa mi no, dyra inni fjøsen. Eg kan høyre dei rolege, lågmelte "Mmmmhh" frå mjølkekyrne, og lyden av små kalveføter som trakkar forventningsfullt att og fram i kalveboksane sine, dei veit kva som ventar dei.
Men i dag er det ikkje slik.
Varmen og den gode fjøslukta slår ikkje i mot meg når eg opnar døra.
Lydane som før fortalde meg at det var mange som var glade for å sjå meg, er ikkje her lenger.
Ikkje skrapinga frå utolmodige hestehovar.
Ikkje den koselege "hmhmhmhm"-lyden frå islandshesten våra, lyden som kom då ho visste at vi hadde med ein brødskalk i lomma.
Ingen fjøskatt som kjem springande innimellom beina mine for å få seg ein mjølkeskvett og litt kos.
Lukta, lyden og dei andre sanseinntrykka i dag gjer at det kjennest TOMT.
Ikkje berre tomt i fjøsen, men også tomt ein plass inni meg.
Hugsar du då du var nyfødd? Eg tørka deg med høy!
Kvar morgon og kveld fekk du mjølk med meg.
Av og til eg oppi bingen sat, då hadde vi det gøy!
I dag er det ikkje slik, men det gjer godt å sitje her likevel. Mimre om ei tid som var.
Ei av "mine" kjære kyr var Audhumle. Audhumle er vel eit av dei eldste kunamn i historia, og alle våre kyr hadde sjølvsagt namn, nokre gamle, andre nye, nokre vart oppattkalla av fotomodellar (!) og songfigurar; Carla Bruni og Trollemor bl.a. Til og med eit russisk namn; Dusjenka, som tyder "mitt lille hjerte" viss eg ikkje hugsar heilt feil... :)
Det vart eit annleis fjøsstell i dag. Eg let att døra og takkar for alt eg har fått oppleve innom denne.
Takk til deg som var med meg inn!
Og for dei som ikkje synest det var så interessant, så har eg all forståing for det, dette var mest for min eigen del, som ein slags terapi for sjela mi:)
Det å leggje ned ei gardsdrift medfører i mange tilfelle ein slags sorgprosess med ei slags tap-kjensle, samstundes som det opnar seg eit "nytt liv". Den tida som ein har brukt på til dømes fjøsstellet kvar dag gjennom heile året, skal då fyllast med andre ting.
Eg kan ikkje seie anna enn at dei siste åtte åra har gått forrykande fort. Minner på godt og vondt har festa seg fast inni meg, eg ville aldri ha vore desse åra forutan.
(Det må presiserast at eg på ingen måte har hatt eineansvar for gardsdrifta, men eg har vore ein del av familiebedrifta.)