måndag 22. september 2008

Fin fangst på sopptur!

Søndag er som tidlegare nemnt turdag. I går var ikkje noko unntak. Det har vore lite sopplukking med oss i år, då det har vore så altfor fint vêr til å gå i soppskogen. Vi har heller prioritert den meir opne bærskogen dei gongane vi har vore ute på tur hittil i haust...

Men i går vart soppkorga med på tur! Vi hadde vel eigentleg ikkje så store forventningar til fangsten, for vi plukkar kun dei tre sortane vi kjenner til; kantarell, traktkantarell og piggsopp.

Det var overraskande mykje sopp i skogen! Trass i at det har vore relativt tørt hittil i sommar/haust, så har det likevel vore nok fukt til at desse forunderlege vekstane har vakse seg store og fine!

For sopp er ein forunderleg vekst i mine auge. Spesielt dette med at nokre soppar er reine delikatessene og at andre soppar kan vere ekstremt giftige.

Eg er faktisk litt skeptisk til å ha med ungane på sopptur... På ein måte er eg livredd at dei skal plukke ein som er giftig og putte den i munnen, for der er mange giftige soppar som ser spennande og innbydande ut med tanke på dei flotte glinsande fargane.
Men på same tid synest eg det er viktig og kjekt å lære dei om naturen og om det som veks i skog og mark. Ikkje minst kan dei på denne måten lære seg repekt for naturen, om kva som kan vere oss til nytte -og om kva som kan vere skadeleg for oss.


Fotoapparatet var ikkje med på tur, men her er resultatet av sopplukkinga; mest piggsopp, ein og annan kantarell og traktkantarell.

Soppen vart steikt i smør, salt og peppar. Noko vart til pålegg på skive, men det meste vart "maula" opp av "sopp-snope-sjuke" ungar og vaksne:)

9 kommentarer:

Tove sa...

Det er vel ikkje heilt ukjent at det er mykje sopp i nærområda dine (nemner ikkje namn, slik at ingen kjem farande og tek resten)... Mang ei soppkorg har vorte fylt der framme. Sjølv er eg ingen soppentusiast, men eg har ei mor som elskar dei små og kuriøse vekstane.

Unknown sa...

Mmmm, så godt det såg ut...Skulle ynskje eg visste meir om sopp og var trygg på det, for eg er så glad i sopp. I går laga eg kantarell, champignon og løkstuing(kjøpt frå butikken;0))som tilbehør til kotelettar og poteter!!
Trur eg må til å investere i ei soppbok...

Vibeke sa...

Nam-nam, sopp er nydelig!

Klem :o)

Unknown sa...

Satt akkurat og koste meg med nyplukket smørstekt sopp før jeg leste dette innlegget;) Deilig!

Miamor sa...

Dører ja...det er så mye vakkert! tenk så mange historier og levende mennesker som har gått ut og inn...

Hvordan trives du på helsesøsterskolen??? Høres spennende ut...Jeg er sjøl sykepleier!!!

Sopp er nydlig, men har ikke prøvd å plukke sjøl ennå!! Kun fra butikken...men elskar det!! Sopp altså.. Ikke at den er kjøpt på butikken!!!

Nikoline sa...

Hei. Så kjekt at du fann meg,så kunne eg finna deg også...
Fin-fin blogg som eg legg til lenkane mine hvis det er ok? Då er det så mykje lettare og finna deg att.Forresten har eg fått kommentarar frå 3 "nye" idag, og frydar meg som ein unge over det! Kjempekjekt!
Ha ein fin kveld.
Klem frå Nikoline.

Anna Lisa sa...

Du har fått ein ny og spsiell awar av meg:)
God helg vidare!!
Klem

Ramme Alvor sa...

Å soppen, den soppen!

Her er sesongen for katarellar over. Det har vore for lite regn til å gje store forekomstar av høstkantarell og svart trompet...no har regnet endeleg kome...eg ventar..og håpar..

Kjekt å sjå fangsten din. Bleik piggsopp er min favoritt etter den svarte trompeten. Kjempegod sopp som eg gjerne blanda med litt kantarell lagar sopp pizza av :)

R.A.

Torunn sa...

Hei på deg Astrid!
Tusen takk skal du ha for oppmerksomheten. Det var både overraksende og hyggelig skal jeg si deg :-).
Særlig hyggelig er det når noen jeg ikke "snakker" med hver dag her inne gir seg til kjenne for å være fast lesere av bloggen min. Takk igjen min venn :-)

Ønsker deg en superflott mandagskvel!

Klem Torunn