søndag 21. september 2008

Utfordring

På hjertebloggen til Anna Lisa http://annalisasblogg.blogspot.com/ utfordra ho dei som hadde lyst, til å vise bilete av minst ei gammal dør.
Den utfordringa tek eg i mot.
Denne blå døra er ei av dei tre dørene som er på stabburet på garden.
(Stabburet er forresten eit kapittel for seg sjølv, nokre hugsar kanskje diktet som eg skreiv lenger nede på bloggen min, 25.august 2008.)

Stabburet er gammalt. Gamle gjenstandar er kjære for meg. Det er noko vakkert og løyndomsfullt med gamle dører. Stabbursdøra mi er ikkje noko unntak.

Som ein kan sjå på bileta, så er det ei stund sidan døra hadde malarkosten på besøk. Dette må det nok gjerast noko med slik at døra ikkje vert øydelagd av vêr og vind. For er det noko vi har mykje og nok av her på Sunnmøre, så er det vel nettopp vêr og vind!

Døra under her er også gammal, eg veit ikkje kor gammal den kan vere, men murane rundt er frå 1871.

Det er faktisk kjellardøra våra dette... Delar av kjellaren er enno jordkjellar, og den fungerar per i dag berre som opphaldsrom for blomsterkrukkene mine om vinteren.

Eg kan hugse frå eg var lita, kor spennande det var å gå ærend for bestemor ned i kjellaren. Den koselege knirkelyden då eg lyfta kroken av døra. Den gode, litt rå lukta av potetkjellar som minna meg på haustferie og potetopptaking. Hyllene innom som var fulle av glasflasker med heimelaga saft, titals glas med sylte av ulike sortar og ikkje minst alle Norgesglasa som inneheldt verdas beste heimelaga leverpostei!

Ja dette spora visst litt av, men slik kan det lett gå når eg har så mykje minner knytt til desse gamle dørene...

Så vil eg sende utfordringa vidare til den som har lyst, til å vise ei eller fleire dører som dei har eit spesielt forhold til.

Så vil eg ynskje alle som er innom, ein fortsatt fin søndag!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Koseleg innlegg, Astrid:0)
Det er kjekt med alt ein kan knyte gode minner til, enten det vere seg dører, gjenstandar, hus mm....
Fortsatt fin søndagskveld til deg, klem

Ramme Alvor sa...

Du har fått fram det brukte, det levde i dei dørene dine. Gjorde dei spanande for oss.

Kanskje eg skal gå på leit etter dører...veit eg har to i arkivet...
ei frå ein utedo i Italia...iallefall :)

R.A.

Anna Lisa sa...

For nokre nydelige dører du viser her. Og nydelige minner. Kjekt at du tok imot utfordringa mi, det var veldig koselig å lese. Nå er eg tilbake igjen etter Islandsturen. Men er desverre blitt sjuk. Så det vert nok ikkje nye innlegg på meg ennå.
Ønska deg fin veke vidare.
Klem

Siren sa...

Hei og takk igjen for kommentar på bloggen min, du er alltid så hyggelig at jeg blir rett og slett kjempeglad for å få kommentar i fra deg! :)
Jeg kan ikke forlate uten å kommentere dørene, de var utrolig vakre!Skulle ønske jeg også hadde et stabbur på min gård. Men, men...man kan ikke få alt her i livet! ;)
Ha en super kveld!
:)