laurdag 11. oktober 2008

Skal det vere ein drope styrkande?

September, oktober, november, desember, januar, februar, mars, april....
Det er noko med desse månadane med bokstaven R i, er det ikkje det?

Ein dag eg var på skattejakt i stabburet fann eg nokre artige skattar, sjå berre:

Sana-sol, styrkende og velsmakende. Er det nokon som hugsar at "Sana-sol"-flaska såg slik ut? Eg trur denne må vere rundt femti år gamal, kanskje eldre, kanskje yngre?


Denne då? Medisin-tran. Frå Apoteket i Volda! Det er fortsatt innhald i flaska, men eg hadde ikkje vidare lyst å opne opp...

Tran har nok vore ei viktig kjelde til tilskot av vitaminar oppigjennom åra, og eg har trua på at tran er godt for dei fleste -også i dag. Eg skal ikkje skryte på oss her i huset å vere dei største forbrukarane av tran, men vi har alltid ei flaske ståande i kjøleskapet.

Vi kallar det forresten ikkje for tran, men for "Jenta og fisken". Det er vel ikkje så vanskeleg å sjå kvifor? Då Matias og Elisa lærte seg å snakke, brukte dei å spørje etter "jenta og fisken" dersom eg skulle gløyme å ta fram flaska etter frukost:)


Sidan mor og far i huset ikkje er så frykteleg "hikste" (eit anna ord for; gira på) på transmaken, så er det fortsatt ungane som brukar å minne oss på at dei vil ha ei skei med "Jenta og fisken". Eg har vent meg til å ta ei skei tran eg også. Etter å ha vore gravid og/eller ammande i samanhengande fem og eit halvt år(!) no, så trur eg det har kome godt med:)

Ha ein fin laurdag med eller utan tran!

13 kommentarer:

Tove sa...

Artig at dette innlegget kom no.... Eg sa i dag tidleg til meg sjølv at det straffar seg å ikkje ta si daglege dose tran, for no sit eg her med influensetendensar og synest synd på meg sjølv.....

Flaskene du fann i stabburet reknar eg med du tek godt vare på!

Unknown sa...

Uten...
Ha ei "smakfull" helg,klem fra smøla.

Dagny- Heim sa...

Eg tek mi dose med tran + ei skei med "Vita-Hjertego' optimal" (det siste er eit eksperiment) kvar morgon. Det har slett ikkje skada :-) Men eg har aldri tenkt over jenta og fisken...

Synest forresten du skal ta ein smak på innhaldet i den gamle flaska. Greit for oss andre å høyre korleis gammal tran
smakar :-D He-he!

Torunn sa...

Hihi....jeg har klart meg uten i alle år og håper jeg kan fortsett med det...;-/

Lekre flasker du viser i allefall!

God helg og klem

AnneKa sa...

Hei hei, fant deg inne på kommentarene hos Petunia og måtte innom å se. Det var skikkelig koselig her hos deg så jeg kommer innom igjen :-) Hilsen Anne

Thusnelda sa...

Elsker desse gamle tinga du har og veldig koselig blogg ! ha ein fin kveld !

Ramme Alvor sa...

Hei og takk for koseleg kommentar.
Ja den soppen! Fyrst vil eg gratulere deg med haustkantarellane! Eg har nesten ikkje funne nokon av det slaget i år. Det vart for turt på hausten her i ein av Norges mest nedbørsrike dal. Jaja. No har du turka dei, då tek du ei krukka, eit norgesglas ol og puttar dei på. Pass på at låket er tett. Slik kan du oppbevare dei i fleire år. Helst myrkt. Gjerne i eit skap.

Når du skal bruke dei så kan du gjer mykje. Du kan leggje dei i vatn eit par timar, då er dei nesten so goe som nye. Eller du kan hakke dei opp turre og ha dei i gryter og risotter. Eller du kan male dei og bruke dei som "krydder" i sausar og supper.

Her finn du ein del gode tips og oppskrifter: Sopp og nytteverksforum, kokeboka
Glad du tek tranen din, me vil ha deg med frisk og rask, og full av gode blogginnlegg :)

God og velsigna helg!
Britt

Dagny- Heim sa...

Wow! Ser du snart passerer 5000! Merkedag!

Du har forresten fått to utmerkingar i retur av meg. Veit du har begge frå før, men du får dei likevel, for eg storkosar meg når eg les alt det fine du skriv
:-D

Klem!

Som mine dager er sa...

Ja, jeg husker sanasol flasken veldig godt. Mine to små måtte pent ta en skje av både tran og sanasol da de var små. Tran først, før vi skyntet oss med en velsmakende sanasol etterpå.

Har selv tatt tran siden jeg var liten, men i voksen alder er det blir mer fisk, i tillegg til at tranen er blitt erstattet av omega-3-6-9 kapsler. Da slipper man den fæle transmaken. ;-)

Ha en fin uke Astrid. Klem.

Vibeke sa...

Gikk faktisk fra cafeen med et smil om munnen :o)
FANTASTISK å oppdage noe sånt bare 10 minutter unna her jeg bor ute på bygda....
Rart det derre med at man blir så godt kjent uten av å ha møtt hverandre fysisk je, helt enig med deg!Moro at du kunne se at det var et typisk "Vibeke bilde" fordi jeg får ofte høre det av familien min at jeg har så vanskelig stil :o)Dem strir seg halvt i hjæl med å kjøpe bursdags og julepresanger til meg, blir som regel gavekort eller penger på meg.Det er ikke å forakte det altså, det var ikke sånn ment :o)

Hvordan står det til med deg etter dager med omveltninger og forandringer Astrid, har tenkt på deg?

Klem fra Vibeke

Marie sa...

Greit at du minner meg på at det er på tide å ta fram tranflaska :)

Eg hugsar godt den sana sol flaska eg ja :)

Torill sa...

Det er så kjekt å gå på skattejakt. Mange skattar gøymer seg som oftast i gamle hus og bygningar. Når det gjeld vèret så regnar det trollkjerringar her i Bergen og omegn også.

AnneGrethe7 sa...

...uff, der har eg dårleg samvit gitt :) Eg er nok av dei som klir berre eg høyrer ordet tran, greier heller ikkje å gi det til ungane mine.

Heldigvis finnest dette i kapslar i dag, enkelt og greitt i tillegg til godt og variert kosthald. Har litt tru på at vi får dekt det meste berre ein et rett.

Flasken dine var stilige og dei må du ta vare på!

Ønskjer deg og dine ei flott veke trass i dårlege meldingar.