tysdag 21. oktober 2008

Tankar

Slik som denne blomen, slik heng eg også med hovudet i dag. Eg bøyer nakken, tek innover meg uveret som har herja siste dagane. Det er tungt.
Ryggen min er framleis rak, men eg bøyer nakken. Eg kjenner meg tappa. Tappa for krefter som skal halde hovudet mitt oppe.
Det kan storme og hagle på meg, rundt meg, eg skal likevel stå. Men når det stormar og haglar som verst rundt og ikkje minst PÅ mine nære, kjære -då har eg det som verst. Då er det som orkanen sitt auge buldrar inni meg, eg vert skjelven, opprørt, sint og fortvila. Orkanen må få sleppe ut, eg vel å sleppe han ut gjennom det skrivne ord...

Ein drope. Så liten, det er ikkje sikkert du får auge på han eingong. For nokon er eg berre ein drope i havet, utan noko vidare spesiell tyding. Den vesle ringen som breier seg etter at eg har landa på vassflata, er det ikkje alle som ser. Ja, slik er realiteten -og det er fint, eg har aldri hatt ynskje om å ha alle sine auge retta mot mine handlingar.
Men for nokon er eg meir enn berre ein drope. Dei ser ringane som spreier seg rundt meg. Ringar av glede, kjærleik, håp og lukke, men også av og til ringar av vemod, sakn, fortviling og undring.
Ein sjeldan gong møter ein nokon som kjenner glede av å trakke på desse ringane. Eller det som verre er; søle olje i, splitte, øydelegge dei skjøre ringane. Med sine negative haldningar og krefter spreier dei uhygge rundt seg.

Eg har tenkt. Eg har grubla og undra meg over kva det er med dei som let seg styre av desse dominerande kreftene. Som ikkje torer å sleppe laus den gode evna (som dei mest sannsynleg har) som handlar om å glede seg på andre sine vegne. I staden så ser dei seg nøydde til å "stikke kjeppar i hjula", "sette skår i gleda", "så tvil og misnøye" eller rett og slett gjere sitt til at ringane av glede og lukke ikkje skal få breie seg vidare!

Slike negative krefter gjer at ein kjenner seg tom. Den energien som ein hadde tenkt å vidareføre i positive ringverknadar, den vert borte. Det kan brått kjennast som ein står åleine, åleine med det som ein trudde var godt, og som ein no vert usikker på om at det gode har vore til skade for andre? For kvifor skulle det elles verte slik?

Det som tidlegare blomstra og vart fylt med sol og positiv energi, det vert no "hengt ut til spott og spe". Det som skulle bere kraft og gi styrke til mørkare kveldar, det råtnar i staden på rot. Med ei eiga evne til manipulasjon og destruktivitet bles han seg opp, stor og øydeleggande; stormen med dei harde og piskande haglbygene. Eg vert opprørt av slik framferd. Det han kanskje ikkje veit er at eg i tillegg vert sterkare av det, eg er seig, eg let meg ikkje knekke.

Styrken som fyller meg, fyller også mine nære, kjære. Saman vert vi sterkare, vi skal nok ri stormen av denne gongen også.
Det er likevel synd, spesielt for dei unge skota med dei nydelegaste blomane, som er mest utsette for uvêret. Godt for dei er det då å kjenne at nokon står rundt og vil støtte dei -uansett!

Dette er min blogg. Her får du ta del i mine tankar. Passar det ikkje deg å lese desse tankane står du fritt til å klikke deg ut av bloggen min. Eg kjenner at det gjer meg godt å få skrive ned det som ligg meg på hjartet.

Eg heng ikkje like mykje med hovudet. Eg har ikkje slutta å bløme:)


Du skal være tro...

Du skal være tro, men ikke mot mennesker som i gold grådighet henger ved dine hender.

Ikke mot noe ideal som svulmer i store bokstaver uten å røre ved ditt hjerte.

Ikke mot noe bud som gjør deg til en utlending i ditt eget legeme.

Ikke mot noen drøm du selv ikke har drømt

Når var du tro?

Var du tro når du knelte i skyggen av andres avgudsbilder?

Var du tro når dine handlinger overdøvet lyden av ditt hjerteslag?

Var du tro når du ikke bedrog den du ikke elsket?

Var du tro når din feighet forkledde seg og kalte seg samvittighet?

Nei.

Men når det som rører ved deg gav tone

Når din egen puls gav rytme til handling

Når du var ett med det som sitret i deg

Da var du tro!

André Bjerke

19 kommentarer:

Ida Mari... sa...

Får nesten tårer i augene av å lese dette Astrid..Du skriv så sterkt å skildrande..Veit ikkje heilt kva eg skal skrive heller, men om det er til noko trøyst så ser eg nesten litt opp til måten du er på...Bånn ærleg og dine evner til å sjå det positive i det meste..
Ver rak i ryggen, utruleg kva ein klare å riste av seg..

Ramme Alvor sa...

Hei!
Veit ikkje kva råte eple som har dundra ned i den varme og lune hagen din, men noko vondt forstår eg det er. Godt å lese at du ikkje let deg knekkje, men reiser nakken og står støtt på dei verdiane du har som dine veggar. Som alltid bles hauststormane over, det stilnar...så legg snjoen det kvite, lydisolerande teppet over landet..og let oss kvila i jul og lys og kjærleik og varme. Slik vert det nok også hjå dykk. Freden kjem att og det står litt tryggare og litt sterkare att.

Ynskjer deg og dine ein velsigna kveld.

Britt

Siren sa...

For noen vakre bilder du har tatt...er jo reine skjære proffen! ;)
Angående Venezia, er enda vakrere der enn på bildene, så unn deg å far dit...om du virkelig har lyst!
ha ei super uke!
:)

M.E.V. foto sa...

Veit heller ikkje heilt kva eg skal seie, så eg seier meg enig med dei to andre...Eg kjenner deg ikkje, men det er i alle fall alltid koseleg å besøke bloggen din:)

~♥~ Monica S sa...

~~~~~~APPLAUS~~~~~~
Kjempeimponert over dette innlegget ditt!!! Heilt supert!! Akkurat slike tanka he ej også av og til. Men ei teier dei ihjel.. sånn e det berre. Kjempeflott at du fekk dei ut på ein slik artistisk måte!!

Tove sa...

Har nokon bølla med bloggen din eller deg, så skal dei få med meg å gjere!!!!! Det er som du seier: dei har tydelegvis ikkje skjønt at du faktisk vert sterkare av det! Det som ikkje knekkjer deg, styrkjer deg, veit du! No trur eg kanskje at det er på tide å invitere fram meg og skapbloggaren på ein god kopp te og laus prat. Vi har nok alle tre litt av kvart å ventilere!!! Og så har du framleis ein pakke til gode frå meg! Den ligg her fint innepakka og berre ventar på deg!

Du har vore ute ei stormnatt før, og rid nok også denne av! Vi er mange som støttar deg!

Dagny- Heim sa...

Hm! No vart eg nesten litt rasande på dine vegne!!! Må me til å riste nedi nokon her?!? Men eg ser i grunnen at det ikkje trengs, uansett kva som har såra. Du rir 'an av på ein flott måte. Gripande og utruleg god skildring av tankane dine. Utruleg flink å ordlegge deg er du.

Kveldskle!m :-)

Cecilie sa...

God morgen!
Du skriv vakkert Astrid, noko anna kan eg ikkje seie.
Eg har erfart at i denne vesle bygda som vi bur og lever i, skal det ikkje mykje til før jantelova gjer seg gjeldande. Ein skal ikkje gjere mange sprella (eller ikkje gjer noko i det heile, faktisk) før det er over alle haugar og tuer.

Eg har lært meg å overhøyre slike ting, eg vil bli kjend med personane på min måte og gjere meg opp mine eigne meiningar. Eg kan vel med handa på hjartet seie at eg ikkje har lat være å bli kjent med nokon fordi andre seier at eg bør halde meg unna.

No veit eg ikkje kva som skuldast dine frustrasjonar, men somdu sjølv seier det: Ein blir sterkare av å møte motgang.
Dette diktet har eg på bloggen min, synest at det er så vakkert.

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.


haustklem frå Cecilie

Himmelblaa sa...

Varme klemmer fra ei som satte stor pris på innlegget ditt!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Hei. For en flott blogg. Her skal jeg titte innom ofte. Håper på fine høstdager for deg og familien. Solfylt høsthilsen fra ei gardkjærring på Toten.

Anonym sa...

Sånn e live innimellom... ein treff forskjellige slags menneske og alle er dessverre ikkje ute etter å gjere det beste for andre... Det gjer vondt når det står på... Tenkjer på deg... Ein flott blogg du har forresten! :)

Monica sa...

Synes det e GODT å lese at du seie det som de e... ikkje at ting e vanskelig, det e no sjølsagt dumt. Men syns det e godt å lese at ikkje alt vert mala rosa i dag.. trur de e monge som he lett for å gøyme sej i ei "perfekt boble" der alt e berre supert og flott. For ej innrømme gjerne sjøl, at ting ekje alltid berre,berre!!
Tru du kjeme longt ved å lufte tankane DINE, og ikkje berre dei du TRUR folk vil høre!!
Stå på Astrid, det e alltid inspirerande å lese bloggen din! klem

AnneGrethe7 sa...

Vi e begge glade i Anne Karin Eldstad sine bøker og hugsar du kva ho skreiv i ei av bøkene i Julie-serien ?
SOM DINE DAGAR ER , SKAL DIN STYRKE VERE....
Ikkje alle vil oss alltid vel her i verda og er vi sterke nok til å stå oppreist når det stormar, så blir vi nok sterkare trur eg.

Uansett kva som plagar deg, håpar eg at du greier å riste det av deg å sjå framover........

Du er utruleg med det skrivne ord, flink til å skildre....reint avindsjuk her eg sit...hihi...)

Ønskjer deg ei super veke!
Klem

Nikoline sa...

Eg sender ein varm tanke til deg i kveld og synes det er flott at du står med rak rygg!
"ER EN BLOMST NÆR VED Å VISNE,DEN FORFRISKES KAN IGJEN.OG ET HJERTE SOM VIL BRISTE,DET KAN TRØSTES AV EN VENN."

Lill sa...

Hei.
Vi er ikkje kjente - dessverre - men eg må berre kommentere det du har skreve. Ei historie som rørte meg langt inn i hjartet, slike sterk ord får ein til å tenkje. Ynskjer deg og dine alt godt:) Tusen takk for at du delte historia med oss. Og eg håpar blomen vil sakte men sikkert rette hovudet opp att:)

Øyet kan smile og munnen le...
men sorgen i hjertet kan ingen se.

I Håvamål står det:
Kjenner du din venns sorg så regn den for din egen.

Klem frå Lill

Lill sa...

Hei;) Tusen takk:)) Kjekt å høyre at andre også følger med Silje. Setter veldig stor pris på det! Har allerede lagt deg til hos meg eg...... og det utan å spørre. Kjekt med nye bloggvenner så eg blir glad viss du vil ha meg på lista di:)
Ha en god og fredfull helg:)
Klem

Anna Lisa sa...

Du er så flink til å skrive.
Sjølv har eg ikkje tid til å sette meg ned og lage slike flotte innlegg slik du lagar.
Takk for det du delar med oss. Fantastisk blogg!!!
God helg
Klem

Ramme Alvor sa...

;) nei du veit, da è ildt å ha ildt.
Likar å smile litt av alt me driv på med, også fotokunst :)

Ha ei framifrå helg, Astrid!

Britt

Unknown sa...

Nydeleg innlegg, Astrid:0)
Eg vert så utruleg lei meg på dine vegne, og det er godt å vete at du rankar deg og kjem sterkare ut av det:0)
To av dei bloggarane eg er mest imponert over her inne er deg og Tove...Dokke skriv så utruleg flott og skildrande begge to, og har verkeleg ordet i dykkar makt!! Vert alltidt glad når det dukkar opp nye innlegg frå din kant, og då må eg inn å lese det nye innlegget.
Har noko til deg inne hos meg, og håpar at det kan vere ei oppmuntring, min ven...
Klem frå Line