onsdag 17. desember 2008

Kjære venn!

I dag er det eitt år sidan vi såg kvarandre for første gong!

Eg kan velje å styre unna klisjéar som; det var kjærleik ved første blikk, men sidan det var nettopp det det var, så kan det vere så mykje klisjé det berre vil!

Allereie før blikka våre møttest, visste vi at vi hadde noko heilt spesielt:)

Alle samtalane, tankane og draumane gjorde at håpet vaks,

og trua på det fullkomne møtet vart etterkvart eit realistisk håp ! 

All usikkerheita og ventinga før denne dagen kom var verdt det.

Du var nydelegare enn eg kunne forestille meg. 

Møtet med deg vart så intenst som berre møter mellom to som elskar kvarandre kan verte!

Den varme, mjuke huda di mot mi.

Eg kunne kjenne hjartet ditt slå med faste, raske slag mot hjartet mitt.

Lukta av deg -den beste lukta eg kan tenke meg, så søt, så rein, så god!

Så lukkeleg gjorde du meg, at tårene mine rann.

Dei kunne ikkje stoppast, ikkje ville eg det heller, kvifor skulle dei det?

Slik låg vi, eg og du.

Vi var fortsatt i eitt, no berre på ein litt annan måte.

Alle inntrykka frå vårt første møte har eg gøymt på i hjartet mitt.

Der ligg dei som dei vakraste skattar.

¤

Kjære Linnea mi -livet med deg er ei gåve for oss.

Du gjer dagane våre rikare. Vi er så glade vi har deg.

Takk for at du klamra deg fast i livet mitt, og at du heldt ut heile vegen til mål!

Du spreier slik glede. Du skal vite at vi er uendeleg takksame for at du er jenta vår!

¤

I dag er det eitt år sidan vi såg kvarandre for første gong.

I dag er det eitt års dagen din:)

Gratulerer med dagen, kjære, kjære Linnea!

Forskjellig frå nikon kam. haust 07 til vår 08 069

 

42 kommentarer:

Unknown sa...

Så nydeleg skreve, Astrid:0)
Lettrørt som eg er, så ligg tårene og lurar i augekrokane...
Gratulerer med dagen til solstrålen dokka!!
Håpar det vert ein fin dag.
Gratulasjonsklem frå Line

Unknown sa...

Gratulerer med dagen, lille venn!

Monika sa...

Heia :-)
Det var flotte ord - ord som varmer godt inn i eit morshjerte.

Grattis med 1 åringen - artig å ha ei lita nissefrøken med bursdag rett inn i jula

Kos dere i dag
Morgenklemmer fra monika

Lill sa...

Hei og god morgon.
Gratulerer med dagen til solstråla di. 1 år og so nydeleg ho er:)) Vakkert skreve Astrid, du kan kunsten med ord:) Nyt dagen og kvarandre.
Førjulsklem frå Lill

Monica sa...

Gratulerer so masse med en ettåring!! Nydelig skrevet!! :)

Anette {foreldremanualen} sa...

Vakkert skrevet - gratulerer med dagen! :-)

Heidi sa...

Så fine ord - til ei så fin jente. Gratulerer med ettåringen :) Smiler her jeg sitter, - blir varm om hjertet av å lese slikt.

Vibeke sa...

Nydelig skrevet Astrid..Gratulerer med ett-åringen :o)

Varm klem fra Vibeke

Ramme Alvor sa...

Det var ei nydeleg helsing til jenta di. Gratuelerer begge to!

Klem
britt

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så flott du skriver! Ønsker deg, den besårende lille frøkna og resten av familien en fabelaktig fin bursdag. Klem

Laila sa...

Det var nydeleg Astrid. Gratulerer med dagen til Linnea. Eg har eit ynskje om å få til ein kosedag i romjula. Skal tru om det går? Vi får sjå. God klem fra Laila

hvorfor ikke... sa...

rørende vakkert skrevet...du har noe spesielt der, Astrid...og uttrykke deg, mener jeg. FANTASTISK!
Gratulerer med 1. års dagen;)
smil Torunn

M.E.V. foto sa...

Så nydeleg skrive:)Mi eldste jente vart 13 år i går, heilt utruleg kor fort tia går..., men gløymer aldri det augneblikket då ho vart lagt på magen min:)

Gratulerer med dagen til Linnea!

Fru Keilegavlen sa...

Nydeleg skrive, Astrid! Sit her med tårer i augekroken...
Gratulera med dagen til den nydelege tulla!!

Anonym sa...

Gratulerer med dagen Linnea!:)
Hei Astrid! Såg linken hit på facebook, og klikka meg inn på bloggen din derfrå. Veldig fint innlegg, og kjekt å sjå bilder av ungane:)

Torill sa...

Stor bursdaghelsing til Linnea. Ettåringar er fantastiske!

Cecilie sa...

Kor fint du skrive Astrid. Bllir heilt rørt av dei vakre orda dine.
Er det ikkje rart kor fort tida går når ein har små born i huset? tenk at du har ein ettåring allerie. Benedicte e 11 mnd og 1-årsrdagen nærmar seg med stormskritt. er ein stor dag 1-årsdagen.

håpe Linnea he hatt ei flott feiring saman med dei som er glade i henne.

hektisk førjulsklem frå Cecilie

Sol sa...

Tårer i øynene, så nydelig. det er følelser jeg kjenner godt igjen...Så vakker hun er.

Livets landeveg sa...

Du er fantastisk flink å skrive Astrid, sitt her med tårer i augene og ein god klump i halsen!

Gartulerer så masse med dagen til Linnea, ho er heilt nydeleg!

Juleklem frå Synnøve og Matias :)

Olstad sa...

Så koslig, det er sant. Det er kjærlighet ved første blikk med disse barna.

Så gøy hun har bursdag i dag. For det har jeg også. :-)
Gratulerer til jenta di.

~♥~ Monica S sa...

Åååå kor fiiint! :-)
Ja, dei er små mirakel.... ta godt vare på dei!

Klem
Monica

Dagny- Heim sa...

For ei vakker takk du har skrive til ei vakker prinsesse! Gratulerer med dagen i går.

Dagny- Heim sa...

Du har forresten fått noko i retur frå meg ;-)

Om oss, -alt og ingenting :) sa...

Gratulere so masse med dagen i går! Nydelige ord Astrid....å ei nydelig lita taus dokke he :)

Ej skal sjølvsagt ta utfordringa di, når ej he litt tid til overs:)

Kate-Marita Pettersen sa...

Nyyyydelig,......
Tårene renner her jeg sitter, så rørt ble jeg:)
Gratulerer så masse med en skjønn 1 åring:)
Goklæm fra Kate:)

Kate-Marita Pettersen sa...

Det er noe til deg inne hos meg:)

AnneGrethe7 sa...

Gratulerer med dagen som var til den skjønne prinsessa dykkar :)

God klem til deg!!!

Pernille sa...

Gratulerer med dagen til dere og deres datter:) Så nydelig og vakkert du skriver. Virkelig rørende. En mor elsker betingelsesløst og jeg tror du må være en god mor:)

Klemsiklems:)

Pernille sa...

Ååååååååå, jeg glemte å si at det var et fantastisk vakkert bilde i lag med den nydelige teksten:)

Nunne sa...

Kjære tid, her tar jeg meg i å sitte her å gråte.... det var jo helt spesiellt skrevet!
Vakkert!
Gratulere med dagen!
For ei mamma den jenta har!!!

Adventsklem til dere begge...

CHÂTEAU DE KONSTANSE sa...

Vakkert!
Og så skjønn liten prinsesse dere har:-)
Kan tenke meg julen betyr ekstra mye for dere...
Ingen tvil om at den er fylt med tro, håp og kjærlighet!

Tusen takk for hyggelig award,-den satte jeg stor pris på!

Ønsker deg og dine en fredfull og glad julehøytid!

Anna Lisa sa...

For eit nydelig bilde av gullet. Tenk så fort et år går... Du skriver så vakkert Astrid. Blir heilt rørt.
Ville bare ønske ei riktig god jul til deg og dine.
Klem

Lill sa...

Ein Riktig GOD JUL til deg og dine der framme i Bjørdalen. Nyt høgtida og kvarandre.
Stor Juleklem frå Lill

Som mine dager er sa...

Så nydelig og nært skrevet. Det vil aldri bli klisje-aktig så lenge ordene er skrevet med ekte kjærlighet.

Vil bare ønske deg og din familie en fredfyllt julefeiring.

GOD JUL!

Klem fra Marit

Unknown sa...

Innom for å ynskje deg og dine ei god og fredfull jul:0)
Takkar for fantastisk bloggvennskap denne hausten, Astrid...Blogginga hadde ikkje vore den same utan deg!!
Ser fram til nye, trivelege stunder i 2009:0)
Varme klemmar Line

Fru Keilegavlen sa...

Ynskjer deg og dine ei riktig god jul!

Anonym sa...

Heisann!
Kor fint dikt du hadde skreve, ej vart heilt rørte ej... Hekje våre inne på ditte blogg-greia før. Lure på korleis du fe tida til å ordne alt ditta... Klem frå Marita

Anna Lisa sa...

Ønska deg god romul, og håpar du og dine har det bra.
Klem

Unknown sa...

Heisann, vennen:0)
Har noko til deg!!
Juleklem

Ramme Alvor sa...

Vil så gjerne ynskje deg eit rikt og vidunderleg nytt år!
Eg har hatt så gode stunder på bloggen din! Du er ei fantastisk jente!

Klem
Britt

Dagny- Heim sa...

Hei! No begynner eg å bli litt bekymra her, men håper det berre er ei lita bloggepause i denne fine familietida.

God nyttårsklem :-D

AnneGrethe7 sa...

Hallo :)

Savnaq dej og dine gode kommentarar her inne, har ikkje sett deg i bygda heller :)
Håper at alt er bra med deg og dine, og at du har hatt ei god og koseleg jul.

Ønsker deg og dine eit godt nyttår og at du får alle draumane dine oppfyllt i 2009 :)

Klem