måndag 8. desember 2008

Noko du ikkje visste frå før? :)

Ei av dei fleire utfordringane eg har fått, er denne der eg skal fortelje sju ting om meg sjølv som kanskje ikkje så mange veit. No er det no eingong slik at vi bur i ei bygd der "alle kjenner alle", så her dukkar nok opp ting som nokre av dykk kanskje veit frå før.

Utfordringa har eg fått frå Cecilie, Lill og Silje.

  1. At eg har vakse opp på gard med dyr har nok dei som har lese litt i bloggen min fått med seg. Gjennom åra med dyr i fjøsen har eg fått prøve meg på mykje, bl.a. som jordmor: der eg har tatt i mot både kalvar og lam. Dei fleste fødslane var nok ukompliserte, men eg har også opplevd fleire kompliserte lammefødslar. Firlingar og femlingar har kome til verda ved hjelp av mine hender, med kyndig hjelp frå mi kjære Bestemor. Dette er stort for meg og er SÅ glad for at eg har fått oppleve slike under!! Som bonde får ein oppleve og lære meir enn dei fleste kanskje skulle tru. Eg kunne nok ha skrive veldig mykje om alt det fantastiske eg har fått oppleve gjennom det å arbeide på garden, men det får vere til ein annan gong. 
  2. Eg har vore ivrig alpinist sidan eg fekk mine første slalomski jula for 25 år sidan, og eg har stilt på startstreken kvart einaste år sidan 1985 (eller var det 1984?)
  3. Eg har ei kort karriere som friidrettsutøvar, der eg tevla i kastøvingane kule og diskos. Hugsar at eg tangerte klubbrekorden i diskos:)
  4. Eg har eit til tider litt for voldsomt konkurranseinstinkt... Det er ikkje få gongar eg har stilt til start i ulike tevlingar der eg ikkje nødvendigvis har vore spesielt godt førebudd. Då brukar eg å seie til mitt forsvar; at det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta! 
  5. Eg er veldig glad i skogblomar. Frå 1995-1998 samla eg inn rundt 350 ulike skogblomar og andre planter som veks vilt frå fjell til fjøre, desse samla eg systematisk etter plantefamilier i eit herbarium. Eg hadde den store nordiske floraen på nattbordet i to år, las på latinske plantenamn om kveldane før eg sovna:) Eg er fortsatt glad i blomar, men har ikkje like god kontroll på dei latinske namna.
  6. Eg gjekk på musikkskulen i seks år, der lærte eg å spele fele. Eg kan hugse at det å spele fele ikkje akkurat gav status blant skulekameratar... "Ej vil ikkje vere på lag me ne Astrid, for ho spela fele!!" er ein kommentar som eg hugsar den dag i dag...ungar kan vere nådelause:/ Siste tre åra spelte eg kun fordi foreldra mine og musikklæraren min ba meg så fint om eg kunne fortsette. I dag skulle eg ynskje at eg meistra dette nydelege instrumentet, men det er dessverre så lenge sidan eg har hatt ei fele og ein boge i hendene mine at eg har gløymt kunsten:(
  7. Til slutt; litt meir "røl"... Som syttenåring lyfta eg 75kg i benkpress, tre månadar etter det første lyftet mitt med fri vektstong:) Det var den gong -no greier eg nok ikkje halvparten av det eingong...

                                        Eg utfordrar  Dagny og Laila , dersom de ikkje har fått denne før då :)

første snøven nov 08 091

                  Ynskjer alle som er innom ei fin veke! :)

16 kommentarer:

Ramme alvor sa...

Eit rikahldig liv, med både det eine og det andre på vitnemålet. Eg er imponert!
Takk for fin tilbakemelding på kransen min. Eg har desverre ingen med affeksjonsverdi fordi den fyrer mor mi opp kvar advendt enno. Og eg er einig med deg i at stilarten er uvesentleg når nostalgien skal målast.

Ynskjer deg ei framifrå kveld!
Britt

Line sa...

Så artig lesning, Astrid!!
No veit no i alle fall medbloggarane dine mykje meir om deg etter to utfordringinnlegg:0)
Fostår i alle fall at du er ei idrettsjente.
Og du...eg har og spelt fele, men mi karriere varte berre i 6 mnd. Då lurte foreldra mine på om eg ikkje heller ville prøve eit nytt instrument;0)
Men det skal seiast, om eg ikkje hadde talent så var eg frådig god til å øve...
Starta då med blokkfløyte, og gjekk etterkvart over til klarinett i skulekorpset...
Astrid, du skal ALDRI ha dårleg samvittigheit o forhold til blogging!!
Det skal vere gøy og lystbetont, ein skal kunne blogge når det passar og kommentere når ein orkar, ikkje fordi ein føler ein må...
For min del set eg like stor pris på deg og bloggen din om du lagar eit innlegg kvart andre år eller kvar dag, fordi eg likar det eg les her...
Slik er det og med kommentarane, sjølvsagt er det alltidt kjekt å få kommentarar frå deg, men det er like kjekt å sjå at du er innom med jamne mellomrom!!
Eg har lært deg å kjenne som ei hjertevarm og herleg jente som eg set stor pris på her inne, og eg ville aldri vore bloggvennskapet vårt foruten...
Phu, gjekk meg visst litt varm her, he he...
Varm klem frå Line

Fam.Sandnes sa...

Impressed...her var det litt av kvart..og kan ikkje me røle litt av oss sjølv av og til. Det er lov Astrid :)
Lo godt av felespelinga di... eldste prinsessa mi gjekk også under tvang på kulturskulen for å lære å spele fele....frå loftet under tvangsøvinga kunne vi høre utbrot som..." håpe du he knekt i to når eg vaknar i morgon...ej hata dej...."...ho snakka til fela si. Då skjøna vi at slaget vart tapt og ho fekk sleppe fleire timar på kulturskulen...hehe..

Ønskjer deg og dine ei god veke Astrid!

Klem

~♥~ Monica S sa...

Ja det må ej sei.. du he vore med på litt av kvart du!! :-)
Syns eg kjenner meg att i tung-lesing... glad eg slepp akkurat det også no i adventstida.
Du får ha lykke til!!!

Monica

Dagny sa...

Jaha, ja... har visst fått denne utfordringa før og ikkje fått gjort noko med den. Blir ikkje så mykje blogging for tida med meg heller. Helsa set sine klare grenser, som eg bryt med vilje, av og til. Men det var interessant å lære deg pitte-litt meir å kjenne.

Vitskap heiter det vel på nynorsk... hugsar ikkje kva ordet var...vitskapsteori?

Guttemamma sa...

Takk for gode ord inne hos meg!! Så gøy å høre om deg, ganske imponert over spennvidden her...veldig sporty, blomsterinteressert ogflink med musikk! Det må jeg si...klem fra Anette

Gulla sa...

Du er flink du Astrid!
Du har fått vore med på mykje, du er heldig! :)

Det ligg noko til deg på bloggen min ;)

Heidi sa...

Hehe, "hun var kretsmester i alt som er tungt og kan kastes langt", var ikke det en strofe i en sang..? :) Imponerende spenn i aktiviteter og erfaringer, Astrid!
Og et godt utviklet konkurranseinstinkt kommer godt med av og til!!
Klem.

Anette sa...

Tusen takk for kjempehyggelig hilsen inne hos oss! :-D

Du legges herved inn i lista vår over gode mammablogger! Dersom du vet om andre som burde stå der, send oss gjerne ett tips! ;-)

Silje sa...

Styrt med mykje forskjellig du "spreka" :)) Og utmerkinga var vel fortjent, du er så flink å skrive og så kreativ!!
Ha ein fin kveld du også, og kjempelykke til med oppgåva, det går heilt sikkert kjempebra :)
Klem Silje.

Torill sa...

Ej he sett navnet ditt monge gonga på resultatlistene, og no he ej et ansikt å plassere dei på. Du e skikkelig konkurransemenneske, ej e heilt omvendt. Gjer ingenting om ej tape... Skulle kanskje hatt littegrann.

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Artig å lese om deg Astrid :o)

Hadde lyst til å takke for varmende ord inne hos meg, KOSELIG!

Ønsker deg flotte adventsdager :o)
Kveldsklem

mali-mo sa...

Jammen er du en allsidig jente!!! Morsomt å lese litt om deg da ;) Synd du ikke fremdeles har feleferdighetene ja, så hadde du liksom hatt noe igjen for det da iallfall...

En liten award til deg inne hos meg hvis du har lyst til å ta imot. Frivillig!!!

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Du er ei spesiell dame :) Ei kjekk og dyktig dame:)
Er ein snartur innom for å ønske ei fin førjulstid vidare. I dag vert det juleverksted hos oss. Vi har invitert ei venninne av lille Tuva, og vi skal kose oss :)
Kjekt.
Ha en fin dag! Og pass på å ikkje fryse. Det er jammen kaldt

Klem

Monika sa...

Heisan
Her var det mye å lese
Det ligger noe til deg på bloggen min
Smil fra monika

Laila sa...

Mykje av dette visste eg Astrid. Men alltid kjekt å vite meir. At du spelte fele i din barndom hadde eg aldri trudd. ellers håper eg vi kan møtes ein dag før jul Hadde vore koselig det. Klem:)