tysdag 16. desember 2008

Talet er fire

For ei stund sidan fekk eg denne utfordringa frå Cecilie. Som nemnt før, så har ikkje blogging akkurat hatt førsteprioritet siste tida, difor er eg litt sein med å svare på alle utfordringane eg har fått.

 

4 jobbar eg har hatt:

  1. Min første lønna jobb må nok vere som "dreng" på garden. Kvar sommar hadde eg arbeid som; å stå i siloen under slåtten, vere med i arbeid på skogen, førefallande arbeid på garden, dagleg stell av dyr på garden, m.m. Eg ser på det som ei sjølvfølgje at ungar/ungdomar er med på å hjelpe til heime, men sjølvsagt bør arbeidstype og arbeidsmengd tilpassast etter alder... I løpet av desse sommarjobbane kjende eg aldri at eg måtte jobbe for mykje eller for hardt. I staden ga variert og utfordrande arbeid bonus, i form av god fysikk og utvikling av improvisasjon, kreativitet og sjølvstendigheit.
  2. Skiinstruktør. Fleire vintrar har eg vore instruktør for små håpefulle alpinistar på skikurs. Trass i at eg har gått A-trenarkurs (eit slags grunnkurs i det å vere trenar, uavhengig av idrettsgrein) og at eg har stått VELDIG mykje på ski sjølv, så veit ikkje eg heilt om dette er noko som eg passar spesielt godt til... Trur det må skuldast tolmodet mitt...eg har dessverre ikkje i bøtter og spann av slikt, men det har betra seg!:)
  3. Pleieassistent på sjukeheim. Medan eg studerte til sjukepleiar, jobba eg på sjukeheimen i helgar, feriar og elles i ledige stunder. Det er vel noko av den beste praksis ein kan få, å jobbe sjølvstendig ved sidan av studiane. All denne jobbinga gjorde sitt til at eg vart oppmoda om å søkje på deltidsstilling om fast jobb på sjukeheimen etter utdanninga, og jobben fekk eg:)
  4. Sjukepleiar. I tillegg til deltidsstillinga på sjukeheimen, jobba eg mykje ekstravakter i eitt år på medisinsk og kirurgisk avdeling på sjukehuset. Dette året vart det mykje jobbing... Etter at ungane kom som perler på ei snor, har eg hatt nok med jobben på sjukeheimen.

4 filmar eg kan sjå oppatt: 

  1. Alle Astrid Lindgren-filmane. Spesielt Ronja Røverdatter, Emil og Madicken. Ronja Røverdatter gjorde eit usletteleg inntrykk første gong eg såg den, og den filmen står for meg som ein av dei beste filmane uansett sjanger. Vert like medriven kvar gong eg ser den. Tårene renn både av sorg og glede undervegs i filmen. PRESISERING; filmen ser vi sjølvsagt på svensk, ikkje snakk om at ungane våre skal verte kjend med ei Ronja som snakkar norsk:) Dette gjeld for dei andre Lindgren-filmane også.
  2. Dirty dancing. Kjem ikkje utanom denne filmen nei:) Vert aldri lei av den, og filmmusikken har i mine øyre berre vorte betre og betre med åra! Har ikkje tal på kor mange gongar eg har sett den, no har vi den på dvd, så den kjem nok til å surre og gå fleire gongar:)
  3. Leonardo Di Caprio. Då meinar eg ALT av Leonardo Di Caprio. Eg vart "fan" av han lenge før han spelte hovudrolle i Romeo og Julie. Den første filmen eg såg med Leonardo Di Caprio i hovedrolle var "A boy`s life" -der gjorde han eit sterkt inntrykk på meg. Det er noko ved denne skodespelaren som eg ikkje heilt kan forklare, og då siktar eg ikkje til det ytre, sjølv om eg synest han er fin å sjå på også;)
  4. The Sound of Music. Eg hugsar godt første gong eg såg den; ei nyttårsaftan liggande på magen framfor fjernsynet, med STORE auge gjennom heile filmen, på golvet hjå Mormor og Morfar i Måløy. Eit sterkt barndomsminne som dukkar opp kvar gong eg høyrer tittelen på denne musikalen.

4 stader eg har budd:

  1. Åsestranda. Mine fire første år budde vi på Åse, mamma gjekk på skule der(sjukepleie). Så eg lærte meg å snakke "demma". 
  2. Bjørdal. Bortsett frå nokre få år har eg budd her omtrent heile livet.
  3. Oppdal. Eg gjekk eitt år på skigymnaset på Oppdal, det var første gong eg budde åleine og vekk heimanfrå. Det var eit minnerikt år som eg ikkje ville vore forutan.
  4. Ørsta. I ei kjellarleilegheit på Engeset. Der var her vi budde då eg vart mor for første gong, og eg har mange minner frå dei to åra vi budde der:) men gleda var sjølvsagt stor då vi kunne flytte heim i Bjørdalen i oppussa hus:) Det var nok litt trongt om plassen siste tida i leilegheita, vi låg 5 stk på eitt soverom...men det gjekk no forsovidt greit det også!

4 tv-show/tv-seriar eg likar:

  1. "So you think you can dance?" Amerikansk reality-danse-konkurranse. Flinke dansarar med ulik bakgrunn møtest, dansar koreograferte dansar som dei aldri skulle gjort anna! Imponerande både av dansarane og koreografane. Eg må stryke av meg både tårer og frysningar i løpet av ei sending, heilt vanleg:)
  2. Dansefeber. Den nordiske varianten av programmet over. Framkallar dei same reaksjonane hjå meg som beskrive over.
  3. 71* Nord. Underhaldande reality-tv som får meg til å tenke: "`NO skal eg ta meg på tak, no skal eg byrje å trene igjen!" For dette er eit program som eg faktisk godt kunne tenke meg å vere med på. (Berre eg kjem i LITT betre form;))
  4. Kjem ikkje på fleire. Ser i grunnen ikkje så mykje på tv. Jau, forresten; Norsk Idol var då bra underhaldande:)

 

4 stadar eg har vore på ferie:

  1. Kypros. Min første tur til sydlegare strok. Eg var 9 år, reiste i lag med familien + Mormor og Morfar. Det var fyrste gong eg reiste med fly, og eg hadde med lekser og norske flagg:) Vi feira nemleg 17.mai der nede, gjekk i stort norsk 17.mai-tog med fullverdig 17.mai-fest og moro etterpå!:)
  2. Island. Familieferie med bil,tok båt via Færøyane til Island, sagaøya! Tok oss fram med bil rundt nesten heile øya. Denne turen baud på spektakulære naturopplevingar, vi var "innom" mange av både kjende og mindre kjende turistattraksjonar. Overnatta stort sett primitivt, men eksotisk:) i bilen, telt, overfylde soveloft, men også litt meir "urbant" i Reykjavik. Eit fantastisk land som eg har lyst å vitje fleire gongar! 
  3. Ibiza. Den første utanlands-ferieturen utan familien. Eg var 22 år og hadde vunne ei dansekonkurranse med svær premie;  Danskebåt-billett, vekesopphald på Ibiza og billett til finalen i NM i diskodans! Vi var 30 danseglade ungdomar frå heile landet som reiste i lag. Trygt opphald med flotte opplevingar heile veka, kjempekjekt!
  4. Eg har så mange gode ferieminner, men ein av dei siste jenteturane før eg stifta familie gjekk til solkysten i Spania. Der budde vi med familie av veninna mi. Vi slappa av på stranda, shoppa, reiste på tur rundtomkring Malaga, innom Granada, overnatta i fjellandsby på sørsida av Sierra Nevada, i det heile ein svært innhaldsrik og opplevingsrik ferietur.

 

4 websider eg er innom kvar dag:

  1. Bloggen min, og andre oppdaterte bloggar.
  2. yr.no   Kjekt å sjekke vêret, sjølv om det er lite eg kan gjere for å påverke det.
  3. hials. no Høgskulen i Ålesund si heimeside. Må innom for å sjå om der er oppdateringar på Fronter.
  4. facebook.com -just 4 fun :)

 

4 stadar eg ville ha vore no:

Akkurat no kan eg ikkje tenke meg nokon annan stad eg heller ville ha vore... Men fire stadar eg har lyst å reise til/oppleve ein gong i framtida må vere:

  1. Pilegrimsvandring i Pyrenèane
  2. USA på tvers i bobil.
  3. Fjellferie i Peru, Machu Piccu og båttur på Titicacasjøen.
  4. Svalbard . Jobbe og bu der i eitt år.

 

 

4 bloggar eg sender utfordringa til:

  1. Ingrid
  2. Elisabeth
  3. Fivrel
  4. Laila

4 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Så artig at du har vore på Island da!!!
Kjekt å lese om deg:)
Ha en fin kveld.
Klem

~♥~ Monica S sa...

Hey! Då tek vi bobile ferie i USA neste år :-)

Ej vert gjerne med ;-)

Monica

Torill sa...

5 stk på eitt soverom?! Då skjønna ej det var godt å flytte...

AnneGrethe7 sa...

Heilt einig med dej når det gjeld Dirty dancing......veit heller ikkje kor mange gongar han har blitt sett. har filmen på VHS og han er temmeleg utslete:) Kan mest alle replikkane på rams...hihi.....
Den aller første kinoen eg huskar var sound of music. Var der saman med pappa og ein av brødrene mine, kunne ikkje vere gamle jenta:)
Oppdal er ein flott stad, men saknar sjøen når eg er der. Er så heldig å tante, onkel og 4 søskenbarn på Oppdal. Dei bur rett ved Vangslia, onkelen min var lærar på gymnaset så kanskje du har hatt han?
Ønskjer deg ei super veke Astrid og som deg merkar eg at tida til blogging har vore mindre i det siste:)

Klem