fredag 12. desember 2008

Gode jenter :)

Etter nesten ei veke med daglege spørsmål frå våre mellomste gull: "Kjøme ho Synne og ho Stine i dag?" så var storejentene endeleg heime igjen :)

Når dei er her nyt vi tida i lag, stroplar og pratar, delar små og store hendingar i kvardagen, kosar oss og prøvar å senke det elles så hektiske tempoet som pregar kvardagen deira.

Denne helga er fullpakka med aktivitetar; Synne skal spele to handballkampar, og ballettskulen skal ha si årvisse "Nøtteknekkaren"-framsyning med show både fredag, laurdag og søndag.

Stine er vår ballerina og gledar seg til å stå på scena tre dagar til ende, ikkje mykje lampefeber med denne flotte jenta, nei!

No i kveld ba ho så fint om eg kunne knipse nokre bilete av henne medan ho turna og showa på stovegolvet.

"Du kan no ha det på bloggen din Astrid!" sa ho -og eg gjorde som ho ba om.

Godt med litt anna "arbeid" framfor dataskjermen enn oppgåveskriving;) 

Mjuke kjelle 018

Eg let bileta tale for seg sjølv...:)

Mjuke kjelle 010

   Mjuke kjelle 028 Mjuke kjelle 027

"Trur du eg kan verte "slangemenneske" viss eg trenar mykje, Astrid?" 

Mjuke kjelle 014

Det er ikkje berre Stine som kan,

størstestoresyste Synne er mjuk som berre det ho også!

Eg ynskjer go'jentene lukke til med aktivitetane sine i helga!

Vi er kjempestolte og kjempeglade i dokke uansett kor det går!!!

10 kommentarer:

Lill sa...

Hei hei.
Då er det fullt hus fram i Bjørdalen og mange kjekke aktivitetar står for tur. Blir heilt sikkert ei kjempekjekk helg og LYKKE TIL ,nei ein seier vel ikkje det men break a leg til handballjenta og ballerinaen:)) Hjelpe meg lenge sidan eg kunne bøye meg slik. Ha ei kjempekjekk helg Astrid.
Stor klem og smil frå meg

happy in pink sa...

OMG...(oh my god:))

det var en spreking ja!!!

~♥~ Monica S sa...

Å.. tenk å være så mjuk!!!
(tenkte ho misunnelig)

For ei kjekk jente då!!! :-)

Monica
(eg må skrive astee under her... ka det hørtes ut som??)

Dagny sa...

Trur ikkje eg skal prøve meg på dette, nei! Då må eg vel berast ut i boge ;-)

Hadde tenkt å sjå Nøtteknekkaren i år, men plutseleg var heile helga full. Trening for mannen i kveld (minstemann vil ikkje vere med å sjå og ingen svigers heime), julemenn, handballkamp og to selskap i morgon, og søndag skal koret synge på to konsertar. Så det var den helga! Men neste år...

Kos dåkke med ei aktiv helg :-)

Duften av erteblomster-Vibeke sa...

Å fy fillern!!:o)

Gøy at du slang deg på "gåten" inne hos meg, blir spennende og se om den vil komme med blomster eller om den forblir en brun klump...fnis

Ønsker deg en velsignet helg kjære Astrid!

Varm klem

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Dei er flinke jentene ja:) Eg er gamal turnar og klarte å gå ned i bru slik som eg ser jentene. Artig. Klarte det helt til eg fekk unge nr 3...då turde eg ikkje å prøve meir etter det. Men då var eg også 32 år så :)
Tusen takk Astrid for koselige ord til meg. Dei varma meg inderleg og eg set str pris på dei. DU er ein engel av ei jente.
Ha ei fin helg min venn
Klem

Anette sa...

Oj oj oj! Imponert! :-)

Line sa...

Heisann:0)
Så koseleg innlegg om storejentene...
Det der klarte eg og for ein mannslade sidan, var jo turnar i mange år;0)
Fælt kor ein stivnar med åra*sukk*
HAr noko til deg inne hos meg, klem

Ramme alvor sa...

Au! Her var det spreke unge damer. Let meg alltid imponerere over slik akrobatikk. Det høyres ut som ei flott tid står framfor dykk no, med alle heime :)

Klem
britt

kate sa...

Å så flotte spreke jenter !! Var så myk en gang selv da jeg var lita turnjente, men det er veeeeldig lenge sia...
Kos dere masse og lykke til med diverse aktiviteter:)
Goklæm fra Kate;)