tysdag 9. september 2008

Ein nydeleg haustdag... eller er det sommaren som ikkje vil gi seg enno?


Eg nyt det. Eg har bestemt meg for å nyte det. Eg skal nyte kvar ein einaste finevêrsdag utandørs, så langt det let seg gjere.

For om ikkje lenge er vinteren over oss, med puddersnø og kulde (som eg forøvrig likar ganske godt), men også med slaps, med våte barnehagekle i fleng -kvar dag, med snømåking og kalde bilar, med ei sol som har gøymt seg bak fjella -og som brukar laaaang tid til å klive seg opp dit eg likar henne best.

Eg merkar at eg for kvart år vert meir og meir melankolsk når det gjeld denne overgangen frå sommar til haust. Ikkje fordi eg ikkje likar hausten, for hausten er vel kanskje den nydelegaste årstida vi har? (Ja, eg veit at eg seier akkurat det same om våren når den kjem... -og sommaren...) Men det er liksom som at ein avsluttar ei god bok, og berre ventar på at oppfølgjaren skal kome, som i denne samanheng ikkje kjem før til neste år.

I år har vi vêrmessig sett hatt ein kjempefin sommar her på sunnmøre, med fleire fine varmeperiodar. Siste veka har vi også hatt det fint, så fint at eg i går leita fram bikinien igjen!

Eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om det er fine haustdagar vi har, eller om det er sommaren som ikkje heilt vil sleppe taket enno. Uansett; eg har bestemt meg for å nyte det!




Ungane vil heller ikkje sleppe taket på sommaren. Då far i huset ropte oss inn til middag i dag, lurte Elisa på om vi ikkje kunne ete den ute? Før vi fekk tenkt oss om var ho allereie på veg inn i garasja der eg hadde stabla vekk plaststolane, og kvifor ikkje? Vi tok med oss fata i handa og inntok middagen i all enkelheit i hagen. Godt var det, og til dessert; nydelege opal-plommer frå eigen hage.


Etter middag var det tid for endå meir uteleik. Reiestativet som dei fekk i sommar har vore mykje brukt, ikkje berre til reiing, eg har observert mykje artig rolleleik med mange gode gullkorn frå gullungane mine derifrå:)

Ekstra kjekt er det å reie seg når heile familien ser på, skubbar fart og knipsar bilete;)
Til og med Linnea storkosa seg, for kvart frydefullt hyl frå ein av dei andre ungane, sette ho i ei latterkule, som igjen utløyste endå meir latter frå storesyskena :D

Matias er flink storebror når han vil:) Her hjelper han Eirik med å skubbe fart. Det er vel blant anna slike ting ein har storebrødre til? Gode gutar er dei i alle fall begge to! :)

10 kommentarer:

sa...

Du har så herlig barneflokk! Må være utrolig kjekt med så mange barn så tett ;) Koselige bilder du viser og det lekestativet var helt supert! Emma er syk med høy feber så her er det inne og pleie med saft, kjeks og stikkpiller....det e' ikkje sååå kjekt, men men, kan ikkje klage. det e' først no etter hun begynte i bhg. hun har blitt syk. Bortsett fra vannkopper i fjor sommer har hun vært frisk :) Klem fra meg

Unknown sa...

Fra en høst elsker: - helt enig! jeg klarer ikke å gi slipp på disse vakre dagene! oki, jeg erkjenner at selve sommeren er over, men jeg håper vi har mange veranda-dager enda her på smøla også. har sittet ute nesten hver dag. kaffekos, og vennebesøk. og ungene kjeder seg ikke, så lenge de kan fremdeles få løpe rundt ute i t-skjorte.

hvorfor ikke... sa...

Du har en utrolig flott blogg, Astrid!...så masse fine bilder og koselig tekster.
Så at DU gir meg utmerkelse, det setter jeg UTROLIG stor pris på!

Tusen, tusen takk!

Syntes det er like rart hver gang... at noen der ute, syntes det er artig og lese det som jeg sitter og taster ned....og den åpne julegave-følelsen som du sier det så flott, ja, sånn er det!
Ha en super duper uke!
smil Torunn

Vibeke sa...

Herlige unger, får så lyst til å være med dere hver gang jeg ser bilder av dere på tur, leiking osv.:0)Nydelig familie!!!

Klem

AnneGrethe7 sa...

Ja, vi HE deilige daga. Vi må berre nyte det så lenge vi kan. Har voree på lange trilleturar kvar dag. Vil liksom ikkje inn til hus- og klevask, men pytt, det reise ingen stad:)Men det er som du sei, vanskelig med ka kle ein skal ha på. Nyt dagane og ha ei fortsatt fin veke.
Klem

Monika sa...

Heia
JA nyt dagen - varme dager - kos og lag minner til vinteren :-)
Det ligger ein liten hilsen til deg på bloggen min
Smil fra monika

M.E.V. foto sa...

Berre nyt! Denne sommaren har vore fantastisk, og begynnelsen på hausten likeså. Deilig:)

MA sa...

Hei Astrid.

Tusen takk for kjempe hyggelig kommentar på bloggen min. Eg kosar meg med dine innlegg på "frå eit A4-liv.." Du har slik ei nydleig familie, og så vakre born.. :) Gratulerer med kvardags-helt utmerkinga frå Tove, den kunne ikkje blitt utdelt til nokon meir rett.

Du imponerer meg med alt du har å gjere, og likevel ha slik ei deilig ro kring deg, som Tove sa :)

Ønsker deg ei hyggelig kveld :)

klem, ma

Heidi sa...

Hei!
Har sniklest i bloggen din, og må si du har en blogg som får meg til å smile og tenke positive tanker! Og den barneflokken er jo nesten til å spise opp!
Mange som har gode ord å komme med om deg er det også, har jeg merket meg. Hit kommer jeg gjerne tilbake! Ha en super dag videre!

Anonym sa...

Kor kjekt d e å lese og å sjå på bilde i bloggen din. Merka at ej sitte her og smile og blir glade ta å lese om deg og familien din.
Det e deili å nyte disse fine haust dagane og alle disse fine bilda en kan "varme" sej på heile vinteren. No skal ej vise bilda av reiestativ-leiken til min gode mann for å overbevise han om at reiestativ det må me ha, thi hi. klem frå inger elin