tysdag 7. oktober 2008

Om å passe på tinga sine...

Desse fine fjella ynskjer meg god kveld og god morgon kvar dag. Eg kjenner meg trygg og sterk når eg er nær fjella "mine", men det skal eg skrive meir om ein annan gong.

Som de kan sjå på biletet her så har den første snøen lagt att eit kvitt teppe på fjelltoppane, då er det ikkje godt å vite kva dag vi vaknar til snø på tunet.
Difor var det tid for den O'store "rydde-ute-før-snøen-kjem-dagen" i går. Det er ikkje særleg kjekt å finne øydelagde leiker ute når det vert vår, berre fordi vi ikkje har vore flinke nok til å passe på tinga våre.
Dette med å passe godt på ting, er forresten noko som eg og syskena mine har "fått inn med morsmjølka", og eg trudde at dette var ei sjølvfylgje for alle andre også. Etterkvart har eg dessverre erfart at det ikkje er slik. Bruk og kast mentaliteten gjeld i aller høgste grad, trass i at det siste åra har vorte eit større fokus på gjenbruk. Det er ikkje få gongar eg har snappa opp fråsegner som "ja, ja, det er berre å kjøpe nytt" dersom noko har vorte skada eller øydelagt. Det vere seg alt frå små ting som eit hol i ein lest, til litt større ting som til dømes eit punktert sykkeldekk.
Med ei viss fare for å verke snusfornuftig, så vågar eg likevel å seie at dette skremer meg.
Når eg høyrer at ungane seier nettopp desse orda "det er berre å kjøpe nytt" anten det er det at dei har fått flekkar på kleda som ikkje går vekk, at dei ikkje finn igjen attgløymde ting, at dei er uheldige å øydelegge noko osv. så kjenner eg at det er noko som gjer opprør inni meg!
Det er sjølvsagt ikkje ungane som kan lastast for desse korttenkte konklusjonane; dei ser og lærer det meste av oss vaksne. Har vi svikta i oppdragarrolla, ikkje vore tydelege nok, ikkje fortalt dei viktigheita av det å passe på? Enkelte vil kanskje hevde at skjødesløysa er forbigåande, dei er berre ungar, ein kan ikkje forvente seg anna frå dei.
Eg trur ikkje det er slik.
Eg trur at ungar forstår viktigheita av å passe på, berre dei får forklart det på ein slik måte at dei verkeleg skjønar det.
Eg vil ikkje at ungane våre skal vekse opp med ei likegyldig haldning til ting dei omgir seg med.
Eg vil at dei skal lære seg å verdsetje det dei har, slik at dei lærer seg å halde orden på og halde i orden det dei har.

No håpar eg det ikkje vert oppfatta slik at eg er i mot å kjøpe nye ting, for det gjer sjølvsagt eg også frå tid til anna. (For ikkje å snakke om mitt tidlegare storkonsum av kle og sko! Det er ikkje få sekkar med kle eg har sendt avgarde til Russland og Ukraina. For ikkje å snakke om alle kassene eg har ståande fulle med kle og sko som eg ventar på skal verte "in" igjen, og om det ikkje skulle skje, så har eg nok kle og sko til å kle ut ei heil skuleklasse -og det kan kanskje verte aktuelt om nokre år?;) )
Det eg er i mot, er "kjøp-bruk-kast". Då likar eg betre "kjøp-bruk-gjenbruk".
Eg set stor pris på å få arve. Arvekle og arveting er frykteleg undervurdet!

Noko av det som dukka opp under ryddinga ute i går, var ein gammal kjenning av meg, det var min første sykkel! :) Eg kan hugse tilbake til den sommaren eg vart fire år, då sykla eg mykje på denne. Noko som eg også hugsar var at sykkelen var arva frå eit syskenbarn av mi mor (ikkje noko i vegen med minnet mitt, nei:))

Setet som var på sykkelen då eg overtok den, meinar eg å hugse var svart. Det var øydelagt så pappa fekk tak i eit nytt raudt sete til meg. Det var den gongen det var mogleg å få kjøpe delar til syklar og anna utstyr, slik at det var lønsamt å reparere framfor å kjøpe nytt.

Slik er det dessverre ikkje i dag. Då vi i vår skulle setje i stand ein brukt sykkel (kjøpt ny for ca 8 år sidan), var vi nøydde til å skifte eit utslite dekk. Svaret vi fekk på sportsbutikken var at det ville løne seg for oss å kjøpe ein heilt ny sykkel, då prisen på eit nytt dekk ville vere nesten like kostbart som prisen på den billigaste sykkelen i butikken! Er det rart at vi lever i eit bruk og kast samfunn?!

Desse trødene har eg trakka mine mil på... Fram og tilbake på grusvegen gjennom grenda vår. Etterpå var det bror min som brukte sykkelen nokre år, han trakka nok sin del på desse trødene han også.

Ikkje snakk om punktering på slike dekk nei! Dekka her er nok like gode som dei var for 30 år sidan, då er det verre med det som har rusta... Hjulet går rundt endå det, men etter å ha levd minst 20 år ute under eit stabbur utan å ha vore i bruk, så fungerar det nok ikkje like godt som før. Tenk kor fin sykkelen hadde vore dersom han hadde stått innandørs alle desse åra! Men det er sjølvsagt grenser for alt ein skal få plass til innandørs også...

Den som ryddar og leitar han finn! Den gamle trehjulingen min har ikkje vore åleine under stabburet alle desse åra:) Dette er syster mi sin første sykkel. Då det skil berre vel 1,5år i mellom syskena mine, så kan eg tenke meg at ho fekk seg ny sykkel fordi bror min enno brukte den andre sykkelen. "Quality toys" står det her. Eg kan vel seie meg einig i det, eg trur kvaliteten på trehjulssyklar var betre før. (Ja, eg er ei slik som synest at mykje var betre før... ;) )

Det ser faktisk ut som at ein omgong med støvfilla og litt pussing av rust her og der, kan gi "Putte" ein ny vår! Det hadde vore kjekt!!!

Kanskje kan det vere med på å lære ungane kor bra det er å passe på tinga sine? Det som vert handsama med ei var hand og omtenksamt sinn kan få ei langt og godt liv... Dette gjeld vel forresten for det meste her i livet? :)

Ha ein fin dag, enten du går i gamle "arve-kle" eller spradar rundt i splitter nye bukser;)


19 kommentarer:

M.E.V. foto sa...

Så sant som det er sagt! Men, må berre innrømme at eg nok har litt av den bruk og kast-mentaliteten. Eg har aldri fått i overflod, og det gjer heller ikkje ungane mine. Ungane arvar kvarandre, men den eldste har ingen å arve...Eg leverer også mange nett med klede til frelsesarmeen kvart år, men det er vel omtrent alt...Det er imidlertid mange av dere her inne i blogglandia som er opptatt av gjenbruk, og det har nok påverka meg til å tenke litt annleis, bl.a. når det gjeld møblar. Så, kanskje det er håp for meg og;)Takk for påminninga:)

Ramme Alvor sa...

Enig!
Ungane mine arvar mykje klede. Me får i posar og sekkar frå kreti og pleti avdi det er så få som vil ta i mot brukte klede. Hadde det no vore at klada var gamle og slitne, men nei mesteparten har knapt nok vore brukt. Problemet kjem når mine ungar er vaksne ut or sine, då har eg ingen å gje dei til anna enn Frelsersarmeen og Fretex.

Kjekt å sjå nokon ta opp slike emner, du har auga for interresante tema i bloggen din.

Ynskjer deg ein god kveld.

Unknown sa...

For eit flott innlegg, Astrid!!
Og eg er så einig, så einig...
Ungane i dag veks opp med at det er berre å kjøpe nytt, så de gjer ingenting om det vert øydelagt...
Ein annan ting som og forbausar meg, er at ungar i dag ikkje har sommarjobb!! Sjølv har eg jobba kvar einaste sommar sidan eg fyllte 13 år, og eg trur faktisk ikkje at eg har hatt vondt av det... Sjølv om ein kanskje ikkje har så mange muligheiter i ung alder, så går det jo t.d an å luke ugras, male eit gjerde, vatne blomane til naboen m.m. Eg plukka jorbær dei to fyrste somrane, hardt arbeid og dårleg betalt, men jammen hadde vi det no moro og:0)
Fin tirsdagskveld til deg!!
Hadde slik sykkel eg og, skal tru om den finst meir???

Anne sa...

Et inlegg til ettertanke som jeg likte kjempegodt akkurat idag i denne rydde-sjauen min :-)

Man kan bli kvalm og uvel av mindre vet du. Har en sønn jeg da, og arving av diverse klær og utstyr er jo utelukket. Men nå skal det gis bort, greit at det kan komme noen til nytte vet du.

Og en slik sykkel, DET hadde jeg også.Kjekt å se igjen det merket du, for det hadde jeg glemt.

Tove sa...

SVÆRT viktig tema, Astrid... Her har vi alle noko å lære! Og så trur eg jammen det har skjedd noko på biletfronten på bloggen din; du nyttar deg meir etter nærbileter - og det har eg stor sans for! Tek mykje bileter på denne måten sjølv.

Ha ein fin kveld og morgondag! Eg set meg på bussen til Molde i morgon, nominasjonsarbeid i partiet...

Cecilie sa...

Eg blir så nostalgisk når eg ser slike bileter. Slik sykker hadde eg også, trur faktisk at den står på vedahuset borte med foreldra mine fortsatt, viss ikkje pappa har levert den på loppemarknad.

Du har heilt rett i dette med bruk og kast, synest at det går over alle støvleskaft for tida. Ungane krever berre meir og meir, sjølv om dei har alt dei treng og meir enn det, men slik er det vell. Vi har vell egentleg litt skyld i det sjølve også...

Eg er også glad i det gamle, ser verdien av å ta vare på gamle ting, sjølv om dei ikkje er så vakre å sjå på, har eg vakre minne frå då dei vart brukte, og det er det viktigaste for meg.

Det er så koseleg å lese bloggen din, eg stikk stadig innom for å sjå, fortsett å skriv som du gjer. Trur det treff fleire enn meg rett i hjartet.

ha en fin kveld vidare

Dagny- Heim sa...

Absolutt fantastisk rett og viktig tema i desse tider. Kan bli rasande når ein ser kva folk gjer med tinga sine, korleis dei prioriterer og forsøplar med "havesjuka" si (som mor mi seier).

Viktig å gå føre som eit godt eksempel! Har nok mine svin på skogen opp gjennom åra, men har innsett at det går an å vere litt moderat...som regel :-)

Ti poeng til deg, Astrid :-)

Unknown sa...

Heisann!!
Ligg utfordring og utmerking til deg inne hos meg.(Måtte berre gi den tilbake til deg)

mali-mo sa...

For et kjempeflott innlegg! Ble sittende og nikke til det du skrev etterhvert som eg leste meg nedover siden din. Fint skrevne kloke tanker ;)

Og flotte sykkelbilder! Eg har jaktet på en sånn arvesykkel til lillegullet vårt, men her er ikke noe å finne. Som to-åring ELSKET jeg nemlig trehjuleren min i den grad at jeg krevde å få ha den på rommet (det var vinter, jeg var enebarn og nok litt bortskjemt). Så jeg stod opp om natten, syklet rundt inne på rommet mitt og saaang av full hals. På en slik rød en, syns den lignet veldig på din søsters.

Har imidlertid funnet ut at disse fremdeles produseres, så lillemalien skal få en ny en til 2-årsdagen. Får håpe den blir satt like stor pris på;)

Tusen takk for koselig kommentar inne hos meg, kjekt at du fant en oppskrift du også!!!

Heidi sa...

Supert innlegg. Fikk m eg til å reflektere over alle TINGA vi har, og som vi slett ikke har bruk for. Ja til arv og gjenbruk! Klem fra Smøla

Blåbærpai sa...

For eit fint innlegg og eg nikker medan eg les!
Å ha fem gutar som kan arva etter kvarandre er utrulig lurt..hihi Eg føler verkeleg eg får valuta for klær og sko, kan du sei!
STILGE SYKLAR!

Anonym sa...

Heia:)
Så koselig blogg du har:)
Det var så artigt å sjå sykkelen som lisje systra di hadde hatt,ein akkurat sammeleis hadde ej i min barndom.Men min er nok ikkje så fin og brukande lenger,etter att den er vore brukt til mange nieser og nevøer etter mej.
Så mitt barn får ny trehjulsykkel til jul.Men ej håper ej blir flink til å hjelpe han å passe godt på den,for det e i grunnen heilt trasigt att det skal vere billigare å kjøpe nytt enn å fixe ting!
Mvh.Gunnhild:)

Ramme Alvor sa...

Hei!

Å eg har gløymt å leggje inn melding om at du har noko liggjande på bloggen min. I innlegget om Awarder :)

Britt

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Huset i skogen sa...

Er så enig i det du skriver! Her i huset arver guttene etter hverandre, og er det noe de ikke kan bruke så arver søskenbarnet det. Unger skjønner og lærer mye, og jeg har vært opptatt av at vi kjøper ikke for å kjøpe, men fordi vi har bruk for det. Det er utrolig hva folk kjøper bare for at det er billig, selv om de ikke trenger det!
Morsomt å se den sykkelen, for en slik en hadde jeg også. Den gikk i arv til mine to yngre brødre, og da den gikk i stykker ble delene brukt til olabil:)
Ønsker deg en fin dag videre!
Psst! Ikke åpen den kommentaren fra goooood girl. Da kommer du bare inn på en pokerside! Irriterende at slike reklamesider skal legge igjen kommentarer på bloggene våre!!!

Anna Lisa sa...

For eit bra innlegg!!!
Eg er veldig enig med deg. Eg får frysningar av alt kast og bruk opplegget som rår i kvardagen. Folk kjøper alt og meir enn dei treng, kastar og kjøper nytt. Eg skal fortelle deg om foreldra mine som bor på Island. Dei har lenge ønska seg nytt kjøkken. Det dei har er det opprinnelige frå huset var byggd 1952. Men dei har dessverre ikkje kunna prioritert å pusse det opp. Det er veldig utslitt nå, og lite praktisk.Faren min er elektrikar, og ein dag jobba han i eit hus hos eit rikt legepar, der han holdt på å sette inn ny strøm/lysannlegg på eit nyoppussa kjøkken hos desse folka. Dei hadde pussa opp kjøkkenet for 7 år sidan, eit ganske flott spesialdesignet kjøkken som dei no var lei av og ville bytte ut!!! Manen i huset tilbaud pappa at han kunne overta det "gamle" kjøkkenet hvis han ville. Ganske nytt, og pent brukt :) Så nå er mamma og pappa så glad!! Dei skal får "nytt" kjøkken til jul :)
Ein god nyheit i ellers så kriserama Island. Eg er så glad på deiras vegne. Eg veit kor høgt mamma har ønska seg nytt kjøkken. Og dette får meg bare til å tenke på kor mye folk kaster og kjøper nytt, mens andre må gå å drømme i åresvis..... Brukt kjøkken blei nytt for andre :)
Ønska deg koseleg helg. Er sjuk for tida, så det er lite aktivitet frå meg om dagen. Kjem sterkare tilbake er planen.
Klem

Dagfinrud Moe sa...

Tusen takk for koselege kommentara på bloggen min. Kjekt at du e innom;-)

Må berre seie at ej e so einige i det du skrive om. Og for nå Audun va d sterkt å lese stykke du skreiv om fjøsen. Han kjende sej godt igjen der. Han mista faren sin no i sommar, so den biten e no ganske fersk endå me. Han tenke mykje på d når han no e i fjøsen til faren, og skal ta vidare det som han he styrt me i heile sitt vaksne liv.

Når d gjelde ditte innlegge her so må ej nok innrømme at ej he en "kan-ikkje-kaste-dinna-der-i-tilfelle-ej-fe-bruk-for-den-en-gong-men-so-når-ej-trenge-den-so-finnikkje-ej-den" -mentalitet ej då..;-) hihi...

GÅRDSLIVBLOGG sa...

Hei, måtte innom da, takk for koselig hilsen i bloggen min.

Du har en innholdsrik "A4-blogg".

Jeg var en tur innom fjøset ditt, kan føle en slags tomhet, vemod og mange minner.

Og dette med å ta vare på ting. Du har så rett, jeg prøver å lære mine større barn at hos oss kjøper vi ikke ny mobil annenhver måned selv om andre 12-13 åringer har skoesker fulle med mer el. mindre "døde" mobiler.

Og leker; barn har jo så mye nå, at de har vel ikke oversikt, jeg tror det er overveldende mer enn likegyldighet faktisk.

Og voksne er jo ikke bedre, klær er mange damers leketøy, kast det man er lei av og kjøp nytt. Hvordan skal barn få gode holdninger av sånt?

Engasjerende ;-)

(Vi bruker mye arveklær, men når de blir ungdommer handler det jo om å ikke skille seg ut også... sukk)

Fivrel sa...

Godt sagt! Her set du fingeren på eit veldig viktig emne, noko kvar og ein av oss må vere medvitne om kvar dag, slik at me både for vår eigen del og for andre kan spreie gode haldningar og lære opp borna til same kjensla. For det handlar om ei kjensle - dette at det skal ikkje kjennest godt å kaste. Kaste, og såleis kjøpe nytt, er ein utveg, ikkje noko me gjer av glede. Ein skal ta vare på det ein har, anten det er sykkelen, ei bok, eller vener og familie. Vere takksam for det ein har.

Flott at du tek opp slike viktige tema! :-)