onsdag 7. januar 2009

Litt om det å gjere sine eigne val...

Først vil eg takke for alle dei fine kommentarane som de la inn på det forrige innlegget mitt, eg set veldig pris på kvar einaste ein!!!

Til alle dykk som trufast kikar innom for å sjå etter oppdateringar;

KJEKT AT DE IKKJE HAR GLØYMT MEG! :)

Julahøgtida har vore ei hektisk, men fin høgtid. Det har vore lite tid til blogging. Lysta til å blogge har absolutt vore tilstades og bloggestoff har det heller ikkje vore mangel på, det har berre ikkje vorte prioritert.  Familien har vore i fokus -og det er for oss det beste med heile jula. Vi har ei tru på at sterke familieband gjev ei uvurderleg styrke og tryggheit for resten av livet.

Eg har eit inntrykk av at kvardagane hjå mange no til dags er sterkt prega av stress og mas, og at tid i lag med kjernefamilien ofte vert bytta ut med tid til "alt mogleg anna". Somme kan verke som om dei har ei oppfatning av at det alle andre eller alle andre sine ungar er med på, ja det må dei og vere med på... For ein vil sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare enn andre! Då stiller eg meg spørsmål om kva som er bra og kva som er dårleg... Er det beste for ungane at dei sjølve skal få avgjere alt kva dei skal få vere med på og ikkje? Og vert ungane gladare og meir lukkelege av å få gjere som alle andre, få det som alle andre har, sjå ditt og datt på tv fordi alle andre gjer det?

Eg har ikkje tru på at det er slik... Tvert om så trur eg at ungane vert lukkelegare, tryggare og meir reflekterte dersom dei har vaksenpersonar rundt seg som set klare grenser og som set av tid til å grunngje kvifor vi har diverse grenser å forhalde oss til. Ja, TID spelar nok ein gong ein sentral faktor. "Alle" skuldar sjølvsagt på den dårlege tida, eller mangel på tid... (Du kan lese meir om kva eg meinar om det her.) Tid har vi alle, det gjeld berre å prioritere bruken av den!

¤

Denne jula har tankane mine krinsa mykje rundt familie, prioritering av tid med familie, barneoppseding og ikkje minst tenkjer eg på kva kraft og ansvar som ligg bak det å vere forelder. Kva signal sender vi til ungane i ei førjulstid som er prega av kjas og mas? Overforbruk og overflod pregar generasjonen vår, anten vi likar det eller ei. Julaftan handlar i dag mykje om det materialistiske; gåvene under treet, og når nyttårsaftan nærmar seg er det jammen meg akkurat det same; berre at då er det det sværaste fyrverkeriet som står i sentrum...

Eg veit at det er mange som tenkjer over dette, men eg skulle ønske at det var endå fleire! MÅ vi til dømes kjøpe alle desse rakettane til nyttårsaftan?! Gjer vi det for å glede ungane? For å få seg ei ekstra stjerne i margen, for tenk om vi har finare fyrverkeri enn naboen i år?! ;)

Jauda, eg hugsar godt dei mange flotte nyttårsfeiringane i min barndom, eg sto der med stjerner i augene -i dobbel tyding:) Men som vaksen ser eg galskapen i  fyrverkerihysteriet; det er ikkje få som har fått varige mén av dette brennande vaksenleiketyet. Sjølv om akkurat den biten er underordna i mi anti-fyrverkerikampanje...

Ein annan ting er alle dei tusenar av dyr rundtomkring i bygd og by som vert skremde ut av sitt gode skinn. "Issa; berre å gje dei ein tablett så søv dei så godt og merkar ingenting", HØYRT PÅ VÅS?!

Det aller verste er å tenke på at dersom alle hadde brukt sine "øyremerka" fyrverkeripengar på t.d. fadderbarn, ja då kunne vi nok ha endra mang ei menneskeskjebne!!

Eg synest det er synd at det ikkje er endå fleire som gjer som oss? Er ikkje DET ei god nyttårsoppleving å gje ungane sine då? Fortelje dei at i staden for fyrverkeri, så reddar vi eit born frå svolt og naud, sikrar bornet medisinar og skulegong mellom anna. Betre kan det vel ikkje verte? Tenk å setje av ei kosestund i romjula, saman med alle familiemedlemane (-og for all del: ikkje gløym å slå av fjernsynet;)) snakk i lag om opplevingane som har prega julehøgtida, kva tankar har ungane om jula og alt som høyrer med. Er ikkje dette ei fin ramme for å reflektere litt saman med våre unge håpefulle? Kva verdiar, tankar og handlingsmønster ynskjer vi at ungane våre skal utvikle?

For fire år sidan tok vi ei avgjersle på akkurat dette. Ungane tok det som ei sjølvfylgje at vi skulle skyte opp rakettar og anna fyrverkeri på nyttårsaftan. "Det var då vanleg?" "ALLE ANDRE gjer det, så då skulle no vel også vi gjere det?"

"Nei", fekk dei til svar. Vi prøvde å forklare dei at vi ville gi fyrverkeripengane til eit fattig born i staden. Dette var vanskeleg å forstå, kva skulle no dei fattige borna med rakettar, dei som ikkje eingong har nok pengar til å kjøpe seg mat! Ikkje så lett å forstå for ein femåring og ein sjuåring kanskje? :) Spesielt ikkje når dei såg at andre familiar stod i kø utanfor fyrverkeri-utsala... "Kvifor gjer ikkje dei andre det same?" undra dei seg over etterkvart?

Vi har prøvd å forklare dei kvifor vi gjer som vi gjer, og vi er visse på at alle dei flotte ungane våre skjønar akkurat kva vi meinar etterkvart som dei vert eldre. Og vi trur nok at dei etterkvart kjem til å prise seg glade for at dei har vore med på å hjelpe andre born ved å gje vekk fyrverkeripengane sine, i staden for å skyte dei rett til himmels for ei kortvarig glede. Ei runde ute med kvar sine stjerneskot har vore populært, og vi kan ikkje sjå at vi har frårøva ungane våre ei opplevingsrik nyttårsaftan fordi om vi ikkje har hatt rakettar. Vi synest tvert om at vi har gjeve ungane våre ein viktig pakke i sekken.

Tanken bak frå vår side er ikkje at vi skal "redde verda", sånn sett er det mykje anna vi kan gjere annleis gjennom resten av året, men dersom vi har fått ungane våre til å reflektere litt over at dei faktisk kan vere med på å spele ein forskjel, ja då vert vi litt stolte:)

Julehøgtida er vel den tida på året då kontrastane er størst her i verda, og då er det godt å kunne gå inn i det nye året å vite at vi har gjort noko godt for andre! 

Kanskje skal vi utvide denne tradisjonen til å gjelde på farsdag og morsdag også? Kjøpepakkar på desse dagane er personleg sett ein uting, kanskje skal vi ynskje oss nye fadderborn i staden for nye lestar til far og roser til mor? :)

Så, til slutt vil eg nytte høvet til å ynskje dykk alle eit godt nytt år!!

10 kommentarer:

Anonym sa...

Endelig nokon likesinna:)He aldri likt fyrverkeri,og synst det er flott det valget dokke he tatt:)!Mvh.Gunnhild:)

Ramme Alvor sa...

Hei!
Kjempekjekt å sjå at det pikkar til liv hjå deg :)
Interessant tema du tek opp her. Kjem vel ikkje utanom det. Einig med mykje av det du seier, men vil kanskje påpeke at me skal respektere våre medmenneke sine val også om dei er motstridande til eigne prioriteringar. At folk er stressa før jul heng ikkje alltid saman med at dei er overfaldiske kapitalistar med dårleg gangsyn. Viktigast av all lærdom vi gjev vidare til ungane våre er vel akkurat den. Fridom til å prioritere etter eigne overbevisingar. Slik du skriv her at du gjer. Å tilleggje folk ulike motiv utan å kjenne dei og og bakgrunnen deiras godt bør ein vere forsiktig med.

Ellers er eg langt på veg einig at hovedbodskapen i jula må klårt liggje på å gje, ikkje å få.

Håpar å sjå meir til deg, du er veldig flink å ta opp viktige aspekt ved livet og det er umåteleg kjekk lesning.

Klem
Britt

Astrid sa...

Hei Gunnhild:)
Kjekt å sjå "anonyme" kommentarar! Tusen takk:)

Hei R.A. :)
Sjølvsagt skal vi respektere andre sine val og prioriteringar sjølv om dei ikkje samsvarar med våre eigne:)Eg er einig i at nettopp det er av den viktigaste lærdomen vi formidlar vidare til ungane våre.
Når det gjeld kvardagens stress, kjas og mas, så sikta eg til kvardagen gjennom heile året, ikkje spesielt dagane før jul. Stressar gjer vi vel alle frå tid til annan, men eg held fast ved at eg stussar over korleis mange prioriterar tida si. Dersom eg har uttrykt meg slik at eg synest at stressa folk generelt er "overflatiske kapitalistar med dårleg gangsyn" beklagar eg det. Eg likar absolutt ikkje å skjere alle under ein kam, og det har heller ikkje vore meininga her.(Eg likte forresten formuleringa di -og synest forsåvidt at skildringa di passar på einskilde, men det er ei anna sak;) )
Kanskje kan eg verke som ein arrogant betrevitar innimellom:) Eg ser ikkje på meg slik sjølv, men eg likar å nytte meg av ytringsfridomen, og av og til kan eg nok provosere andre med tankane og meiningane mine.
Takk for kritisk konstruktiv kommentar, det set eg stor pris på skal du vite:)
*Nyttårsklem til deg frå meg*

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så fint å lese at det er bra med dere alle. Her i bloggverden blir en litt urolig... Men å prioritere familien er jo det ALLER viktigste.

Ideen din om "å omdisponere" fyrverkeri-pengene er helt genial!

Fortsatt God Nyttår!

~♥~ Monica S sa...

Hei Astrid

Fekk tårer i augene når eg las dette innlegget.. du har så rett så rett! :-)
Takk!

Monica

Anette {foreldremanualen} sa...

Godt skrevet! :-D

Jeg er delvis enig når det gjelder fyrverkeri, synes det er mye "galskap" rundt dette. Men får inntrykk av at det er mest yngre folk som bruker penger på dette? Veldig få i vår omgangskrets (småbarnsfamilier) som kappes om å ha flest raketter osv.

For noen år siden var jeg så heldig å overvære verdensmesterskap i fyrverkeri. Jeg fikk se Kinas bidrag - og det var fyrverkeri det! Går ikke an å sammenligne med det som vi har her på nyttårsaften. Her var det ikke snakk om enkle smell og mye pang, her var det rene kunstverk på himmelen. Det var feks motiver som trær o.l. Helt fantastisk!

Etter det har jeg syntes at feks kommunen burde stå for et flott fyrverkeri, og at det burde bli forbud for andre. Men jeg synes ikke at man skulle ta bort gleden ved fyrverkeri, det er mye annet som også er sløsing - men som vi mennesker bruker for å glede oss. Fyrverkeri er noe som gleder fattig og rik.

Når det gjelder stress, er jeg helt enig! Vet at det kommer til å bli et stressfult år dette, så jeg søker hele tiden etter løsninger for å minimerer hverdagsstresset for meg og min familie. Håper jeg lykkes! ;-)

Ha en fortsatt strålende dag! (sorry lang kommentar.....)

Anna Lisa sa...

Du Astrid, du Astrid!!!!!!
SÅ godt det er å lese slikt!!! For det første, held eg meg unna mas før jul og alt stresset. Jula kjem men med ro rundt seg. Vi er veldig opptatt av at advent er advent og jul er jul. På nyttårsaftan kjøper vi aldri raketter. Det blir aldri aktuelt å gjer heller.Og det går så fint:)
Eg er glad for at fleire tenker slik og at dei gjer barna beviste på dette.
Det var så koselig at du endelig kom tilbake, og eg vart så glad når eg så du hadde besøkt meg og lagt igjen ein koselig helsing. Tusen takk min venn!!!
Ha en koselig kveld
Klem

Kaos eller ro? sa...

Hei!Legg att mine fotspor..
Koseleg blogg du har, mange kloke ord.. Tenk om fleire hadde tenkt som deg!
Ha ein triveleg kveld

Englemor sa...

Endelig er du tilbake:)Har følgt med på bloggen din i lang tid no å synst den er so utrulig koselig. Er so imponert over korleis dokke klare kvardagen. Å også misunneleg kor flinke dokke er med barna dokka. Er so kjekt å lese å sjå i bloggen din..
Inspirerande:)
Kristin

AnneGrethe7 sa...

Hallo:)

veit du, i år hadde me faktisk ikkje anna enn stjerneskot her i heimen heller. vi deltek alltid på Krokedalen sitt fakkeltog og med felles rakettoppskyting etterpå. Ein tradisjon dei minste set pris på også me vaksne......ungane her etterlyste faktisk ikkje fyrverkeri i år. Prioriteringa kom først og fremst pga at pengane ikkje strekk til til alt for tida.

Dette med oppseding er vanskeleg synest eg, vanskeleg å vere konsekvent og vi har alle så ulike meiningar på viktige saker i livet. Ein må nok berre velje dei kampsakene ein synest er viktig for seg og sine og respektere at andre har sine kampsaker. VI har berre så alt for lett for å dømme andre....meg sjølv inkludert:) dessverre....
Så får me håpe å tru at grensene som ein set i heimen gjev resultat og at ungane våre veks opp til å bli gode medmenneske...no då eg har ein 16 åring i huset skal eg love deg at eg møter meg sjølv i døra mong ein gong og seine kveldar går med til å fundere på om eg handlar rett i mi oppseding og om grensene mine er rimelege / urimelege...
Ikkje alltid eg har tolmod eller energi til å vere den mora eg ønskjer, men håper at det også er ein del av livet. Har ei tru på at berre ungane mine er trygge på meg så kan dei akseptere at eg somme tider er noko inkonsekvent :)

Du skriv godt Astrid og har mange gode poeng, skrivnad til ettertanke...

Ønskjer deg ei fin veke !

klem